Hjem
Utdanning

Studieplan for MAHF-INMUT Musikkterapi, master, 5 år, vår 2022

Namn på grad

Master i musikkterapi

Undervisningsspråk

Normalt norsk, med mindre anna er opplyst i emneplanen for det einskilde emnet. Enkelte førelesingar vil vere på engelsk.

Studiestart - semester

 Haust

Mål og innhald

Det integrerte masterprogrammet i musikkterapi ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD), Universitetet i Bergen, skal kvalifisere for musikkterapeutisk yrkesutøving i helsevesenet, pedagogiske kontekstar og samfunnet elles og skal setje studenten i stand til å gå inn i forpliktande tverrfagleg samarbeid. Studiet gjev ei innføring i forsking og formidling av musikkterapi og gjev grunnlag for vidare kvalifisering for dette gjennom doktorgradsstudium.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten har evne til kritisk refleksjon med utgangspunkt i sentrale verdiar og teoriar innan fagområdet, og kan grunngje, vidareutvikle og formidle eige arbeid. Studenten har òg kjennskap til sentrale kvalitative og kvantitative forskingsmetodar og evner å bruke relevant forskingsmetodikk for utvikling av ny kunnskap.

Studenten har djupneforståing av eige fag og breiddeorientering i høve til feltet musikk og helse, slik at kandidaten er i stand til å samarbeide med andre fagpersonar og med brukarar og pårørande

Dugleikar

Studenten har praktisk-metodisk dugleik og kreativitet innan musikk og er i stand til å engasjere menneske i helsefremjande musikalsk praksis.

Generell kompetanse

Studenten evnar å bruke relevant forskingsmetodikk for utvikling av ny kunnskap. Studenten har god kommunikasjonsevne og mellommenneskeleg sensitivitet og kan møte menneske med respekt og forståing.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. Det er i tillegg opptaksprøve for alle søkjarar og opptak skjer etter ei heilskapleg vurdering der det blir lagt vekt på karakterar og på kandidaten si gjennomføring av opptaksprøva. Opptaksprøva har tre hovudkomponentar:

i) innstudert materiale på hovud- og biinstrument,

ii) prøve i dialogisk improvisasjon og bruksinstrument (vanlegvis piano eller gitar), og

iii) intervju.

Det er ein føresetnad for opptak at søkjaren skriv under på løfte om teieplikt og leverer godkjend politiattest. Etter nærare gitte reglar vil det vere høve til å søkje om innpass i det integrerte masterprogrammet.

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar inkluderer praktisk erfaring frå arbeid med menneske med særlege behov og teoretisk og praktisk dugleik i musikk minimum tilsvarande godt avgangsnivå for musikklinje på vidaregåande skule. Praktisk dugleik i musikk må omfatte hovudinstrumentdugleik og bruksmusikkompetanse på eit akkompagnementsinstrument. Breidde i høve til (bi)instrument og sjangerkunnskap er ein fordel.

Innføringsemne

Integrert master i musikkterapi inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne. Førstesemesterstudiet er sett saman av Ex.phil (10 stp) og Ex.fac, akademisk skriving (10 stp) og innføringsemnet MUTP100 / Innføring i musikkterapi (10 stp.). For innpassingsstudentar vil tilsvarande innføringsemne frå andre fakultet kunne godkjennast.

Obligatoriske emne

Følgjande emne er obligatoriske i studieprogrammet:

Følgjande emne er obligatoriske i studieprogrammet:

EXPHIL-HF / Examen philosophicum

EXFAC00AS / Examen facultatum, Akademisk skriving

MUTP100 / Innføring i musikkterapi (10 stp.)

PSYK111 / Innføring i psykologi og psykologiens historie (15 stp.)

MUF101 / Musikk, kultur og samfunn (15 stp.)

MUTP102 / Musikkterapeutisk bruksmusikk (15 stp.)

MUTP103 / Musikkterapiteori (10 stp.)

MUTP104 / Musikkering (Musicking) (10 stp.)

MUTP105 / Samspel i musikkterapi (10 stp.)

MUTP202 / Samfunnsmusikkterapi (15 stp.)

MUTP205 / Innføring i musikkterapeutisk praksis (15)

MUTP206 / Musikkterapeutisk teoriutvikling (10)

MUTP207 / Kreativ stemmebruk i musikkterapi (5)

MUTP300 / Musikkterapi i barn og unges oppvekst (15)

MUTP302 / Musikkterapeutisk improvisasjon (15 stp.)

MUTP303 / Musikkterapeutisk profesjonskunnskap (15 stp.)

MUTP305 / Musikkterapi i helsesektoren I (15)

MUTP306 / Musikkterapi i helsesektoren II (15)

MUTP312 / Musikkterapeutisk forskingsmetode (15 stp.)

MUTP350 / Masteroppgåve i musikkterapi (30 stp.) eller MUTP360 / Masteroppgåve i musikkterapi (60 stp.).


Obligatoriske aktivitetar

All undervisning og praksis er obligatorisk, sjå emneplanane og praksishefte for spesifikasjon. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett. Dette gjeld på kvart einskild kurs i emnet. Obligatoriske undervisningsaktivitetar er spesifiserte for kvart emne og må vere godkjende før eksamen. Gjennomførte obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldige i to semester.

Tilrådde valemne

Frie studiepoeng innan nærskylde fag som musikk, psykologi, sosiologi, antropologi, pedagogikk, medisin eller andre helsefag vil kunne vere relevante.

Tilrådde frie studiepoeng vil vere under kontinuerleg utvikling, etter som musikkterapi utviklar seg som fag og forskingsfelt ved UiB og i eit internasjonalt forskingsnettverk. Studentar vert difor oppmoda til å velje frie studiepoeng i samråd med fagpersonalet.

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva er på 30 stp. Studentar på Forskingslinja skriv ei masteroppgåve på 60 stp.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tabell 1 skisserer normalprogresjonen i studiet, der det er lagt vekt på kontinuitet i høve til innhaldskomponentar, samstundes som det i femte semester er skapt rom for nasjonal/internasjonal utveksling. Innpassingsstudentar får individuelt tilpassa utdanningsplanar, sjå nedanfor.

1. sem Ex.phil / Examen philosophicum (10)

Ex.fac / Examen facultatum, Akademisk skriving (10)

MUTP100 / Innføring i musikkterapi (10)

2. sem MUTP103 / Musikkterapiteori (10)

MUTP104 / Musikkering (10)

MUTP105 / Samspel i musikkterapi (10)

3. sem PSYK111 / Innføring i psykologi og psykologiens historie (15)

MUF101 / Musikk, kultur og samfunn

MUTP102 / MT bruksmusikk

4. sem MUTP205 / Innføring i musikkterapeutisk praksis (15)

MUF101 / Musikk, kultur og samfunn (15)

MUTP102 / MT bruksmusikk (15)

5. sem 30 frie studiepoeng

6. sem MUTP202 / Samfunnsmusikkterapi (15)

MUTP206 / Musikkterapeutisk teoriutvikling (10)

MUTP207 / Kreativ stemmebruk i musikkterapi (5)

7. sem MUTP300 / Musikkterapi i barn og unges oppvekst (15)

MUTP305 / MT i helsesektoren I

MUTP302 / MT improvisasjon

8. sem MUTP312 / Musikkterapeutisk forskingsmetode (15)

MUTP305 / MT i helsesektoren I (15)

MUTP302 / MT improvisasjon (15)

9. sem MUTP350 / Masteroppgåve

MUTP306 / MT i helsesektoren II

MUTP303 / MT profesjonskunnskap

10. sem MUTP350 / Masteroppgåve (30)

MUTP306 / MT i helsesektoren II (15)

MUTP303 / MT profesjonskunnskap (15)

*Studentar med godkjend bachelorgrad eller tilsvarande og dessutan toårig vidareutdanning i musikkterapi eller tilsvarande som har fått opptak til den vitskapelege delen av Femårig integrert masterprogram i musikktearpi, sjuande til tiande semester, følgjer undervisninga i emna MUTP313, MUTP312 og MUTP350.


7. sem MUTP313 / Musikkterapi særemne (15)

8. sem MUTP 312 / Musikkterapeutisk forskingsmetode (15)

9. sem MUTP350 / Masteroppgåve

10. sem MUTP350 / Masteroppgåve (30) 

 

Tabell 1: Normalprogresjonen i integrert masterprogram i musikkterapi.

 

Variant av normalprogresjon: Forskingslinje

Forskingslinja gjer det mogeleg å fordjupe seg i forskingsmetode og/eller teori, og å skrive ei masteroppgåve på 60 stp. Søknadsfrist til Forskingslinja er 15. april i 4. semester. For å kunne søkje, må snittkarakteren for dei fire første semester vere B eller betre. Studentar på Forskingslinja tar MUTP300 i 5. semester og har det same semesteret 5 frie studiepoeng der det er forventa at dei tar eit forskingsrelevant emne innan forskingsmetode/statistikk eller teori. I 6. semester tar Forskingslinje-studentane 40 studiepoeng, i emna MUTP312, MUTP202 og MUTP206. Emnet MUTP207 / Kreativ stemmebruk går ut som obligatorisk emne for Forskingslinje-studentane, men dei kan søkje om å ta dette emnet i 8. eller 10. semester.


1. sem Ex.phil / Examen philosophicum

Ex.fac / Examen facultatum, Akademisk skriving

MUTP 100 / Innføring i musikkterapi

2. sem MUTP103 / Musikkterapiteori (10)

MUTP104 / Musikkering (10)

MUTP105 / Samspel i musikkterapi (10)

3. sem PSYK111 / Innføring i psykologi og psykologiens historie (15)

MUF101 / Musikk, kultur og samfunn

MUTP102 / Musikkterapeutisk bruksmusikk

4. sem MUTP205 / Innføring i musikkterapeutisk praksis (15)

MUF101 / Musikk, kultur og samfunn (15)

MUTP102 / Musikkterapeutisk bruksmusikk (15)

5. sem 5 frie studiepoeng

MUTP300 / Musikkterapi i barn og unges oppvekst (15)

6. sem MUTP312 / Musikkterapeutisk forskingsmetode (15)

MUTP202 / Samfunnsmusikkterapi (15)

MUTP206 / Musikkterapeutisk teoriutvikling (10)

7. sem MUTP360 / Masteroppgåve

MUTP305 / MT i helsesektoren I

MUTP302 / Musikkterapeutisk improvisasjon

8. sem MUTP360 / Masteroppgåve

MUTP305 / MT i helsesektoren I (15)

MUTP302 / Musikkterapeutisk improvisasjon (15)

9. sem MUTP360 / Masteroppgåve

MUTP306 / MT i helsesektoren II

MUTP303 / Musikkterapeutisk profesjonskunnskap

10. sem MUTP360 / Masteroppgåve (60)

MUTP306 / MT i helsesektoren II (15)

MUTP303 / Musikkterapeutisk profesjonskunnskap (15)

Tabell 2: Progresjon for studentar på Forskingslinja ved integrert masterprogram i musikkterapi.

Krav til progresjon i studiet

MUTP100 må vere gjennomført og bestått før ein kan avlegga eksamen i MUTP103, MUTP104, MUTP105, MUTP205 og MUTP202. Unntaket er studentar med individuelt tilpassa utdanningsplanar.

Alle kurs på 100- og 200-nivå vere fullførte og godkjende før kurs på 300-nivå. Unntaket er studentar som har søkt og fått godkjent opptak til Forskingslinja, se krav og eigen studieveg.

MUTP312 må vere gjennomført og bestått før ein kan ta eksamen i MUTP350 eller MUTP360.

Studiestader

 Bergen

Delstudium i utlandet

Du kan ta delar av utdanninga di som utvekslingsstudent i eit anna land. Du kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, og det er skapt rom for nasjonal/internasjonal utveksling i det femte semesteret. Emna må førehandsgodkjennast av UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Programmet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesingar, seminar, individuell rettleiing, grupperettleiing og praksis. Undervisninga vil i hovudsak skje på dagtid, medan praksis kan kome både på dagtid, kveldstid og i helgar. I tillegg kjem interne konsertar og liknande arrangement.

Ut i frå målsetjing og skissert læringsutbyte for studiet, er det ein føresetnad at studentane er villige til å gå inn i prosessar der dei arbeider både med teoretisk og akademisk refleksjon, med musikalsk og metodisk kompetanse og med personleg utvikling knytt til rolla som terapeut og samarbeidande menneske. Det vil vere ei veksling mellom lærarstyrt undervisning, gruppearbeid og studentframlegg. Det blir såleis lagt vekt på arbeidsformer som krev sjølvstende og samstundes evne til samarbeid og problemløysing. Det blir gitt kontinuerleg rettleiing av praksis (gjeld MUTP202, MUTP205, MUTP300, MUTP305 og MUTP306).

Undervisningsmetodar

Programmet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesingar, seminar, individuell rettleiing, grupperettleiing og praksis. Undervisninga vil i hovudsak skje på dagtid, medan praksis kan kome både på dagtid, kveldstid og i helgar. I tillegg kjem interne konsertar og liknande arrangement.

Ut i frå målsetjing og skissert læringsutbyte for studiet, er det ein føresetnad at studentane er villige til å gå inn i prosessar der dei arbeider både med teoretisk og akademisk refleksjon, med musikalsk og metodisk kompetanse og med personleg utvikling knytt til rolla som terapeut og samarbeidande menneske. Det vil vere ei veksling mellom lærarstyrt undervisning, gruppearbeid og studentframlegg. Det blir såleis lagt vekt på arbeidsformer som krev sjølvstende og samstundes evne til samarbeid og problemløysing. Det blir gitt kontinuerleg rettleiing av praksis (gjeld MUTP202, MUTP205, MUTP300, MUTP305 og MUTP306).

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved skuleeksamen, mappevurdering, semesteroppgåve, foredrag og munnleg/praktisk prøve. Sjå elles emneplanen for det einskilde emnet. For å bestå det integrerte mastergradstudiet i musikkterapi, må kandidaten få godkjend alle obligatoriske aktivitetar og eksamenskrav innanfor dei ulike emne.

Karakterskala

 Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F, der F er stryk
2) Greidd/ikkje greidd
Sjå emneplanen for det einskilde emnet

Grunnlag for vidare studium

Det integrerte masterprogrammet i musikkterapi kvalifiserer til opptak til ph.d-utdanning.

Relevans for arbeidsliv

Studiet skal gjere studentane skikka til å gå inn i følgjande yrkesfunksjonar:

1. Musikkterapeutisk og utviklingsstøttande arbeid innan førskule, skule, kulturskule og vaksenopplæring

2. Musikkterapeutisk og førebyggjande arbeid innan ulike miljøtiltak, som barne- og ungdomsarbeid, fengsel og ulike typar interesseorganisasjonar

3. Musikkterapeutisk arbeid innan helsevesenet, inklusivt habilitering, nevrorehabilitering, psykisk helsevern, eldreomsorg og palliativ omsorg

4. Forsking i og formidling av musikkterapi.

Evaluering

Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB.

Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.