Italiensk, master, 2 år
- Lengde2 År
- Plassar3
- KarakterkravMinimum C
- SpråkItaliensk, norsk
- Studiepoeng120
- StartHaust (i oddetallsår)
Hovedinnhold
Italia er humanismens vogge. Landet har alltid stått sentralt i Europa si politiske, religiøse og kulturelle historie. Italia er landet som har flest stadnamn i verda på UNESCO si kulturarvliste, og landet har gjennom fleire hundreår vore ei stormakt innan kunst og kultur.
- Kva viktige hendingar har prega Italia politisk og kulturelt?
- Korleis har arven frå den italienske renessansen sett sitt preg på europeisk kultur?
Italienskstudiet gir varierte innfallsvinklar, men også rom for fordjuping i det du synest er mest interessant. Du får solid dugleik i det italienske språket, og ein grundig kulturhistorisk ballast gjennom studiet av eldre og nyare litteratur. Du får òg kunnskap om samtidskultur, film og TV-seriar.
Italiensk blir snakka av om lag 60 millionar menneske og er berar av ein rik kultur som gjennom lang tid har påverka Europa og resten av verda. Gode kunnskapar i italiensk er etterspurde. Italia er ein viktig handelspartnar for Noreg, og det finst derfor mange ulike jobbar her, særleg innan næringsliv og kulturliv.
Meir informasjon under
Velg Språk!
Jobb
Våre tidlegare studentar jobbar blant anna som forskarar, lærarar, saksbehandlarar, i kulturbransjen, med turisme, i forretningsdrift, handel, forlag og med omsetjing.
Med ein mastergrad kan du handtere og strukturere større mengde informasjon. Kombinasjonen av språk og kulturkunnskap er òg viktige kvalitetar du tek med deg på arbeidsmarknaden.
Etter masterutdanning er det også mogleg å gå vidare med ei ph.d.-utddanning som skal føre vidare til ei doktorgrad (ph.d.). Med ei doktorgrad kan ein kvalifisere til stillingar innanfor universitets- og høgskulesektoren.
Oppbygging
Masterprogrammet i italiensk er eit toårig heiltidsstudium som startar i august.
1. semester (haust)
- ITAL301 Italiensk språkhistorie og språkleg variasjon (15 studiepoeng)
- ITAL302 Italiensk tekststudium og litteraturteori (15 studiepoeng)
2. semester (vår)
Vi oppmodar også studentane til å reise på utveksling. Då tilrår vi dei å reise ut i det andre semesteret. Studentar som vil reise må hugse på å søkje om det i starten av det første semesteret.
- Utveksling for dei som ønsker det (tilrådd semester)
3. og 4. semester (haust og vår)
- ITAL350 Italiensk masteroppgåve (60 studiepoeng)
I tillegg til obligatoriske emne, må du ta eitt valemne på 15 studiepoeng.
Studiekvardagen
På masterstudiet i italiensk er undervisninga lagt opp som forelesingar og seminargrupper. Masterstudentane vert også invitert til fellesseminar med rom for å presentere, diskutere og dele erfaringar frå arbeidet med blant anna masteroppgåva. I ei vanleg veke vil du bruke ca. 16 timar på undervisning, tillegg kjem sjølvstudium. Undervisninga er på italiensk og litteraturen er skriven på italiensk og engelsk. Som masterstudent kan du bli medlem av ei forskargruppe.
Masteroppgåve
Du har to semester til å skrive sjølve masteroppgåva. Tema for oppgåva kan du stort sett bestemme sjølv etter egen interesse og i samråd med rettleiar. Inspirasjonen til oppgåva kjem gjerne frå tema som er tatt opp eller jobba med i fag på italiensk språk, litteratur og kultur. Du vel rettleiar frå fagstaben ut frå eige ønske og tema. Du har jamlege møte med rettleiar for samtale og diskusjon.
Feltarbeid
Du kan samle inn data til masteroppgåva di gjennom å reise på feltarbeid. Dei fleste studentane som drar på feltarbeid gjer dette i sitt tredje semester, altså når dei er ferdige med kursdelen og startar på sjølve masteroppgåva. Lengda vil variere etter behov, alt frå nokre veker til eit par månader. Dei fleste som dreg på feltarbeid vel å dra til Italia. Du kan søke instituttet om pengestøtte.
Kva lærer du?
Du som har tatt mastergrad i italiensk:
- kan arbeide sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar
- kan setje seg inn i og vurdere kritisk teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagområdet
- har kompetanse til å sjølvstendig kunne halde fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering
Utveksling
Du kan reise på utveksling til Italia i det andre semesteret.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle
Søknadsfristen er 15. april.