Hjem

Japansk, master 2 år

Japan er ei økonomisk stormakt og ein stor kulturnasjon. Noreg treng folk som kjenner Japan frå innsida, noko som berre er mogleg gjennom språket. Masterstudiet passar for deg som har ei sterk interesse for japansk språk og japansk historie, og som ønsker å fordjupe deg i eit tema innan desse områda.
  • Lengde2 År
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkEngelsk, Norsk, japansk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust (i oddetallsår)

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Det viktigaste du lærer på studiet er å skrive ei masteroppgåve om ei Japan-relatert problemstilling. Du skal gjennomføre eit sjølvstendig, rettleia forskingsprosjekt, enten innan språkvitskap eller moderne historie.  

Du vil lære: 

  • å kritisk vurdere og forklare problemstillingar knytt til japansk språk, historie og samfunn 
  • å anvende språkleg og kulturell kompetanse på spesialiserte omsettingsprosjekt 
  • å gjennomføre eit rettleia forskingsprosjekt med utgangspunkt i konkrete, Japan-relaterte problemstillingar 

På studiet vert det lagt særleg vekt på omsettingstematikk, både som teoretisk fagfelt, som arbeidsrelevant praksis, og som metode for å forstå og analysere japanskspråklege tekstar. Det er også mogleg å gjennomføre eit omsettingsprosjekt som masteroppgåve. Dette gjer studieprogrammet til det einaste i sitt slag i Norge. 

Det er ingen særskild praksisperiode på studiet, men eitt av emna, Japansk semantikk og omsetting, inneheld eit omsettingsprosjekt der du sjølv må ta kontakt med eit firma eller ein institusjon for å be om tekstmateriale til omsetting. 

Studiekvardag

Institutt for framandspråk ligg i HF-bygget, rett ved Universitetsbiblioteket på Nygårdshøyden i Bergen sentrum. Som masterstudent får du eigen lesesalsplass. Terskelen for å ta kontakt med faglærarane er låg, og møteplassane fleire.  

Du kjem inn i eit lite, men inspirerande forskings- og læringsmiljø på studiet, og som senpai (senior) for dei mange bachelorstudentane blir du ein viktig inspirator for dei. Du får også kontakt med masterstudentar på andre framandspråk ved instituttet via faglege og sosiale arrangement. Dersom det passar med temaet for masteroppgåva di, kan du opphalde deg i Japan i ein periode for å gjennomføre feltarbeid. 

Som student hos oss vil du tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.    

Kva kan du jobbe som?   

Inngåande kjennskap til eit fjernt språk og kultur bidrar til kulturell sensitivitet som er svært verdifull i mange yrke i vårt fleirkulturelle samfunn. 

Masterstudiet i japansk gir deg kompetanse som er relevant for: 

  • diplomati  
  • forlags- og mediebransjen 
  • bibliotek 
  • turistnæringa   
  • kulturrelatert arbeid, som omsetting, tolking og undervisning 
  • vidaregåande skole 

Å kunne leite fram og organisere kunnskap, samt skrive godt, reflektert og kjeldekritisk om eit oppgitt tema er verdifullt i mange typar yrke. Omsettingskompetanse og gode skriftlege og munnlege ferdigheiter i eit så krevjande språk som japansk er ikkje berre attraktivt for bedrifter og institusjonar som forheld seg til Japan, det er også eit bevis på uthald og tolmod. 

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging 

Undervisninga første året føreset aktiv deltaking av deg som student, og går føre seg på norsk, engelsk og japansk. Ei viktig undervisningsform er seminar, som vanlegvis tar utgangspunkt i pensumlitteratur og  forelesingsstoff. Det andre året er det inga undervisning, og du skal i staden bruke tida di på masterprosjektet, med jamleg rettleiing og nokre presentasjonar undervegs.  

1. semester 

2.semester 

3.-4. semester 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Det er mogleg å reise på feltarbeid til Japan, fortrinnsvis rundt tredje semester. Fagmiljøet hjelper med å knyte kontaktar og legge til rette for eit slikt opphald.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Fullført masterprogram med gode resultat kvalifiserer til å søke om opptak på doktorgradsstudium i relevante fag, og deretter vidare til stillingar innan høgre utdanning og forsking. 

Etter mastergraden kan du ta eittårig praktisk-pedagogisk utdanning for å bli japansklærar på vidaregåande skole. Eit etablert tilbod i praktisk-pedagogisk utdanning knytt til japansk finst berre ved Universitetet i Oslo. 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 70 

E-post: studierettleiar@if.uib.no 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen her