Hjem

Kinesisk, master 2 år

Masterprogrammet i kinesisk skal møte det aukande behovet for å utvikle ny kunnskap i kinesisk språk og tverrkulturell kommunikasjon.
  • Lengde2 År
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkEngelsk, kinesisk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust (i partallsår)

Hovedinnhold

Masterprogrammet i kinesisk gir deg som student nye perspektiv på utfordringane i eit samfunn i sterk endring. Dette er kompetanse som særleg kjem til nytte innanfor utdanning, media og tverrkulturell leiing.

Viktige forskingsspørsmål som vi ser på i dette studiet er:

  • På kva måte er kinesiske språk knytt til det kinesiske samfunnet, og korleis speglar språket samfunnet?
  • Korleis kan dine språkkunnskapar bli til god undervisningspraksis?
  • Kor viktig har det sosiokulturelle og -historiske vore i utviklinga av det kinesiske skriftspråket?

Programmet er delt i tre kjerneområde: Anvendt lingvistikk og sosiolingvistikk, komparative litteraturstudium og kulturell kompetanse. Masteroppgåva du skriv må høyre til eitt av desse områda.

Har du ein plan om å jobbe innanfor forsking og utdanning i kinesisk språk eller Kina-studium? Vil du fordjupe deg i den kinesisk-språklege verda, med fokus på språk, litteratur, kultur og samfunn? Då er dette studiet spesielt godt eigna for deg.

Kinesiske studier si fagside

Meir informasjon under

Utsikt til Shanghai
Foto/ill.:
Simon Zhu / Unsplash

Karriere

Kina er ein viktig handelspartnar for Noreg og Europa, og det blir stadig viktigare å ha eit godt økonomisk og politisk samarbeid. Studiar viser at kinesisk no er eitt av dei mest lønsame framandspråka du kan lære deg. Dette vil vere ein stor fordel i mange yrke, og vil kunne vere viktig når du skal konkurrere i arbeidsmarknaden etter endt utdanning. 

Ein master i kinesiske studium gjer deg kvalifisert for stillingar som krev gode kunnskapar innan språk og kultur innanfor eit spesifikt land eller region. 

Dette kan til dømes vere innan 

  • offentleg forvaltning
  • norsk og internasjonalt næringsliv
  • import/eksport av til dømes sjømat
  • utanrikstenesta (diplomati, ambassade, konsulat) 
  • ideelle organisasjonar

Fullfører du masterprogrammet med gode resultat kan du søkje om opptak på doktorgradsstudium.

Oppbygging

Programmet dekker to akademiske år (fire semester) og startar om hausten. Studiet er bygd opp av fire obligatoriske emne, eitt valfritt emne og ei masteroppgåve. Emna er heilt nyutvikla, og fokuserer på språk, litteratur og samfunn. I tillegg skal du gjennom emne i forskingsmetode som Humanistisk fakultet tilbyr.

1. semester 

  • KIN301 Tema innan anvendt kinesisk lingvistikk (15 studiepoeng)
  • KIN302 Forskingsmetodar i kinesiske studier (15 studiepoeng)

2. semester 

  • KIN303 Tema innan kinesisk sosiolingvistikk (10 studiepoeng),
  • KIN304 Tema ionnan kinesisk litteratur, filosofi, medier og kunst (10 studiepoeng), og
  • KIN305 Interkulturell kompetanse (10 studiepoeng) eller KIN306 Sjølvstendig studium (10 studiepoeng) eller LING313 Metode for språklege mastergradar (15 studiepoeng)

3. og 4. semester   

  • KIN350 Masteroppgåve i kinesiske studium  (60 studiepoeng)

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag

På dette studieprogrammet blir du ein del av eit lite studentmiljø og eit lite, men mangfaldig fagmiljø. Kontakta mellom studentar og tilsette er uformell, og stemninga er god. Miljøet er svært godt, og sjølv om studiemiljøet på kinesisk er lite så blir du ein del av heile miljøet til masterstudentar ved instituttet. 

Du får høve til å søkje om eigen lesesalsplass på lesesalen for masterstudentar, i HF-bygget. Her jobbar du side om side med andre masterstudentar, innan ni forskjellige språkfag. I lesesalane blir du del av eit hyggeleg miljø der studentar og tilsette kjem frå heile verda.  

Undervisninga er organisert i form av forelesingar og seminargrupper. I tillegg må du rekne med å bruke 10-12 timar i veka på sjølvstudium. Alt i alt er studiet omtrent så tidkrevjande som ein fulltidsjobb.

Det er mogleg å reise på feltarbeid under arbeidet med masteroppgåva, som er i tredje og fjerde semester av masterprogrammet. Du kan søkje Institutt for framandspråk om noko økonomisk stønad. Utanom dette må du sjølv finansiere eit eventuelt feltarbeid. 

Alle delar av studiet er obligatoriske, men i andre semester er det mogleg å velje blant ulike fag, både innanfor kinesisk men og utanfor sjølve fagområdet. Studieplanen gir råd om passande valemne, men det er og mogleg å finne andre emne på UiB og søkje om å få dei godkjent som valemne i ein mastergrad i kinesiske studium.

Du har stor grad av fridom til å velje tema for masteroppgåva, og fagmiljøet i kinesisk er alltid klare for å diskutere moglege tema med sine masterstudentar.

Kva lærer du?

Disiplinkunnskap:

Få eit teoretisk grunnlag i kinesisk språk, litteratur og kultur, og deira kryssingspunkt, spesielt relatert til Kina-studium. 

Akademisk kompetanse

Vere i stand til å utføre uavhengig, akademisk arbeid. Løyse problem ved å vurdere teoriar, metodar og tolkingar innan fagisiplinen.

Generell kompetanse

Utvikle både overførbare kunnskapar og spesialisering i å strukturere og kommunisere idear  effektivt, både munnleg og skriftleg. Og slik bidra til den offentlege diskursen på relevante område.

Sjå heile lista over læringsutbyte

Utveksling

Det er lagt opp til at du kan reise på feltarbeid til Kina eller Taiwan under masteroppgåva, i tredje eller fjerde semester. Lengde på opphaldet bestemmer du i samråd med rettleiar.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Opptakskrav

For å kunne søke opptak på masterprogrammet i kinesiske studium, må søkjaren ha ei bachelorgrad i kinesisk/kinesiske studium, sinologi eller andre relevante fag. Søkjaren må ha minst 80 ECTS innan relevante emne slik som kinesisk språk, historie, litteratur, kultur eller liknande. Gjennomsnittleg karakter for bachelorgrada må vere C eller høgare.

Sidan kursa hovudsakleg vert undervist på engelsk, må søkjaren ha tilstrekkelege kunnskapar i engelsk både munnleg og skriftleg. I tråd med relevante retningslinjer frå UiB, vil eit av dei følgjande testresultata kunne godtakast:

IELTS academic - International English Language Testing System

Minste samla band score: 6.5

TOEFL - Test of English as a Foreign Language, internett-based test (iBT), and TOEFL iBT Special Home Edition

Minste samla poengsum: 90

PTE Academic - Pearson Test of English Academic

Minste samla poengsum: 62

Testresultata må vere gyldige (ikkje eldre enn to år) ved søknadsfristens utløp.

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her