Hjem
Utdanning

Namn på grad

Master i kulturvitskap

Fulltid/deltid

Fulltid 2 år/ deltid 4 år

Mål og innhald

Mastergradstudiet skal gi studentane djupare innsikt i kulturvitskapens problemstillingar og forskingsstrategiar. Det skal og gi studentane ei sjølvstendig haldning til faglege framstillingar og kulturvitskapleg materiale og ei innføring i sjølvstendig vitskapleg arbeid. Mastergradsstudiet er eit fire semesters fulltidsstudium, som er inndelt i ein kursdel på totalt 60 studiepoeng og ei mastergradsoppgåve på 60 studiepoeng.


Emna i kursdelen gir innsikt i relevant forskingslitteratur, teoretiske grunnproblem, metode og teknikkar, samt forskingsetikk. Kursdelen gir startgrunnlag for arbeidet med ei masteroppgåve ved kritisk analyse av sentral litteratur innanfor relevante forskingsfelt. Emna i kursdelen er strukturert og organisert slik at dei leier fram til arbeidet med masteroppgåva.

Oppgåveskriving, dokumentasjon og diskusjon er ein sentral del ved alle emna i kursdelen. Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig fagleg arbeid. Undervisninga skal gje grunnlag for at den kan bli eit vitskapleg og veldokumentert arbeid.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Kandidaten

  • Har spesialkompetanse på eit bestemt kulturelt fenomen, som er granska empirisk gjennom eit større, sjølvstendig arbeid.
  • Kan bruke kunnskapane om kulturelle fenomen og prosessar for å bidra til ny innsikt om kultur og samfunn.
  • Kan bruke ulike kvalitative metodar, frå feltarbeid som observasjon og intervju, til analyse av arkivmateriale, museumsutstillingar, mediemateriale, sosiale medium etc.
  • Har oversikt over ulike teoretiske rammeverk og omgrep som kan brukast til å forstå og formidle kultur i fortid og notid.

Ferdigheiter:

Kandidaten

  • Kan fortolke og reflektere kritisk over konkrete kulturelle fenomen.
  • Kan arbeide sjølvstendig og reflektert med å formulere, analysere og svare på kulturvitskaplege problemstillingar.
  • Kan bruke kvalitative metodar i innsamling og analyse av eit empirisk materiale.


Generell kompetanse:

Kandidaten

  • Kan forstå og fortolke kulturell kompleksitet, endring og stabilitet.
  • Kan formidle kunnskap om fagfeltet generelt, og om eige, sjølvstendige arbeid og bruke faget sin terminologi.
  • Har evna til å gjennomføre eit sjølvstendig arbeid med tidsfristar og kommunisere med andre i ein arbeidsprosess.
  • Kan formidle eigen kunnskap skriftleg og munnleg.

Opptakskrav

Masterprogrammet i kulturvitskap byggjer på ein bachelorgrad med minst 80 studiepoeng fagleg fordjuping i kulturvitskap, eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i kulturvitskap

Andre bachelorgradar som kvalifiserer:

  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng i kulturvitskap eller tilsvarande.

Du må også ha:

  • Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
  • Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.

Obligatoriske emne

KUVI301, KUVI302, KUVI305, KUVI306, KUVI350 og AHKR300 er obligatoriske. Studenten kan søkje om fritak ved delstudium i utlandet.

Rekkefølgje for emne i studiet

Etter første året skal studenten vera ferdig med kursdelen av masterstudiet. Det andre året skal nyttast til å arbeide med masteroppgåva.Vi anbefaler å ta AHKR300 i det 3. eller 4.semester

  1. semester: KUVI301 og KUVI305
  2. semester: KUVI302 og KUVI306
  3. semester: arbeid med masteroppgåva (KUVI350)
  4. semester: arbeid med masteroppgåva (KUVI350)

Delstudium i utlandet

Studenten kan søkje om å ta eit semester delstudium i utlandet. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet kan gje både breidde og djupne i læringsutbyttet til studiet, i tillegg verdifull internasjonal røynsle. UiB har utvekslingsavtalar med universitet i hele verda. Kulturvitskap er med i eit aktivt Nordplusnettverk, og tilrår utveksling med Københavns universitet, Lunds universitet og Stockholms universitet.

Eit utanlandsopphald bør planleggjast i god tid på førehand, og studiekonsulent på programmet rettleiar gjerne i prosessen. Sjå www.uib.no/utveksling

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsmetodane varierer frå emne til emne og er avhengig av emnets innhald, organisering og læringsutbytte. I løpet av studiet vil studentane bli kjent med arbeid- og undervisningsformar som forelesingar, seminar, grupperettleiing og individuell rettleiing, og tileigne seg kompetanse i desse gjennom aktiv deltaking i undervisinga.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, til dømes heimeeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve. Vurderingsforma er tilpassa emnets art, innhald og læringsutbytte, og ulike vurderingsformer er valt for å prøve studentane i ulike typar kunnskap og for å gi dei mogelegheit til å utvikle kompetanse i både skriftleg og munnleg presentasjon.

Dei vurderingsformene som blir nytta er gjort greie for under kvart einskilt emne. Sjå emneomtalane for nærare omtale av dei enkelte emnas vurderingsform.

Karakterskala

Det vert nytta bokstavkarakterar, der A er høgste karakter og F er stryk. Det vert også nytta greidd / ikkje greidd.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Mastergrad i kulturvitskap kan gi kompetanse for vidare studium på ph.d.-nivå. Kandidatar med mastergrad frå AHKR er og kvalifisert til opptak på postmaster-emna AHKR391 og AHKR392.

Relevans for arbeidsliv

Masterprogrammet kvalifiserer for stillingar der kulturvitskaplege kunnskapar, dokumentert evne til skriftleg og munnleg formidling og innsikt i forskingsmetodar er relevante. Masterutdanninga har likevel verdi langt utover spesialkunnskapar i eit bestemt fagleg felt. Masterprogrammet opnar for karriere innan museum, kulturminnevern, kulturinstitusjonar, arkiv, media samt offentleg og privat forvaltning.

Studiet gjev, gjennom grundig skolering i kulturvitskaplege metodar og materialhandtering, svært god øving i tolking av tekst. Arbeidet med større vitskaplege oppgåver, gjev studentane ei sterk generell skolering i problemløysing, knytt til innsamling, behandling og presentasjon av store mengder informasjon, og bruken av denne informasjonsmengda til å svare på konkrete spørsmål.

Arbeidssøkjarar med master i kulturvitskap vil derfor være særleg kvalifiserte til yrke der søk, behandling og systematisering av informasjon og analytisk klar presentasjon står sentralt.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuereig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved

UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Programansvarleg

Utval for undervisning og internasjonalisering ved AHKR har ansvar for fagleg innhald og

oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet, dersom du har spørsmål:

studierettleiar@ahkr.uib.no