Lektor framandspråk (engelsk - fransk - spansk - tysk), master, 5 år
- Lengde5 År
- OpptakskravLÆRALT
- Studiepoeng300
- StartHaust
Hovedinnhold
Studieretning | Ordinær | Primær |
Engelsk | 47,7 | 44,8 |
Fransk | Alle | Alle |
Spansk | Alle | Alle |
Tysk | Alle | Alle |
Det er eit stort behov for gode språklærarar i skolen. Engelskundervisninga startar allereie i første klasse på barneskolen, og andre framandspråk kjem til på ungdomsskolen eller i den vidaregåande skolen. Den gode språklæraren spreier språkglede. Det å lære språk, bruke språk og dukke ned i ein annan kultur er givande og dessutan viktig for ein open økonomi som den norske. Lektorutdanninga gir deg den faglege tyngda du treng. Med praksis som del av studiet får du òg god skoleerfaring allereie frå første semester.
Som lektor utdanna ved UiB får du solid fagleg tyngde. Tilnærminga til undervisning er reflektert og innovativ, basert på kjennskap til nyare forsking om språklæring og språkundervisning.
Fagområdet diskuterer spørsmål som:
- Kva er språk?
- Kva er kommunikasjon?
- Korleis nyttar ein språk i ulike situasjonar?
- Korleis legge til rette for aktiv og motiverande språklæring og kommunikasjon i skolen?
Du vel to fag du vil undervise i: Det eine faget tar du master i, enten engelsk, fransk, spansk eller tysk. Det andre undervisningsfaget kan vere enten engelsk, fransk, tysk, nordisk, spansk, historie, samfunnsfag og religionsvitskap eller sosiologi. Du får eit solid grunnlag i dei to undervisningsfaga, og lærer kritisk refleksjon rundt fag, undervisning og læring. I tillegg inneheld studiet pedagogikk (korleis vi lærer bort og oppdrar), fagdidaktikk (korleis vi lærer og underviser fag) og praksis.
Meir om lærarutdanning ved UiB
Studieretningar
Meir informasjon under
Hvilken lærer har inspirert deg?
Jobb
Lektorutdanning med master i framandspråk gjer deg først og fremst kvalifisert til å jobbe som lærar i den vidaregåande skolen eller i ungdomsskolen. Utdanninga gir deg grunnlag for undervisning i to fag.
Utdanninga opnar òg for jobb utanfor skolen både nasjonalt og internasjonalt innanfor til dømes formidling, kommunikasjon og leiing.
Lektorprogrammet gir deg eit grunnlag for forsking på fag (litteratur, kultur og lingvistikk), og/eller framandspråkdidaktikk. Dette er eit forskingsfelt som aukar både nasjonalt og internasjonalt og det er framleis mykje vi ikkje veit om korleis ein lærer nye språk. Ved å forske på korleis elevar lærer framandspråk og korleis ein best kan legge til rette for læring, oppnår ein viktig kunnskap samfunnet kan dra nytte av i skolen.
Næringslivet etterspør språkkunnskapar, og ein stadig meir globalisert arbeidsmarknad krev folk som har kulturforståing og meistrar ulike framandspråk.
Du kan søke deg vidare til ph.d.-programmet etter fullført lektorprogram med mastergrad.
Meir informasjon under
Studiekvardagen
Lektorprogrammet er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.
I løpet av studiet vil du studere det aktuelle framandspråket både som universitetsfag og som undervisningsfag i skolen, gjennom teori og praksis. I praksisperiodane, som er fordelt gjennom studiet, vil du få undervise faget i skolen og lære ulike måtar å formidle kunnskap på til forskjellige elevgrupper. Det siste året av studiet skal du skrive ei masteroppgåve innanfor eit tema du vel i samarbeid med rettleiaren din. Her får du moglegheit til å forske sjølv, og fordjupe deg innanfor ditt interesseområde.
Lektorprogrammet har eit godt miljø, med sterkt samhald gjennom heile studiet.
Språkfaga held til på Det humanistiske fakultet på Sydnes i Bergen sentrum. Her finn du òg lesesalar, PC-rom og bibliotek. Dei som jobbar med masteroppgåva sit på ein eigen lesesal.
Lektorstudentane ved HF har eit eiga samlingsrom, “Lektors kontor”. Her kan lektorstudentane øve på undervisningsmetodar og samarbeide i grupper. Rommet er òg ein sosial møteplass.
Undervisning
I løpet av ei typisk veke på dette studiet vil du ha rundt 16-20 timar undervisning, som forelesningar og seminargrupper. I dei semestera du skriv bacheloroppgåve og masteroppgåve er det mindre undervisning, slik at du kan konsentrere deg om sjølvstudium og skriving. I tillegg vil du ha periodar med praksis ute på ein skole. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne (fag) i studieløpstabellen.
Undervisninga og litteraturen er på det språket du fordjupar deg i.
Praksis i skolen
Praksis er ein sentral del av lektorutdanninga. Til saman skal du ha 100 dagar praksis i løpet av fem år, inkludert forarbeid og etterarbeid. Praksis skal vere både i ungdomsskulen og i vidaregåande skule. I dei første åra vil det vere kortpraksisperiodar, mens det er langpraksisperiodar i det fjerde året. All praksis er obligatorisk. UiB ordnar alle praktiske sider ved praksisutplasseringa.
Det finst moglegheiter for å ha kort praksis i fransk skole for dei som studerer fransk.
Kva er obligatorisk?
Du vel to fag: fag 1, som er masterfaget ditt, og fag 2. Dette blir undervisningsfaga dine når du er ferdig utdanna.
Når fag 1 og fag 2 er valde, er mykje av studiet lagt: Grunnutdanning i dei to faga, saman med fagdidaktikk og praksis er obligatorisk.
Masteroppgåva
Du kan velje mellom å skrive masteroppgåve i framandspråket, med fokus på lingvistikk eller litteratur/kultur eller i fagdidaktikk - framandspråket som undervisningsfag. Oppgåva er på 60 studiepoeng, så du får ei solid fordjuping både i temaet ditt og forskingsmetodane i faget.
Oppbygging
Lektorprogrammet er eit femårig fulltidsstudium som startar i august. Studiet er sett saman av pedagogikk, didaktikk, praksis og fagfordjuping.
Du vel to ulike fag som blir undervisningsfaga dine som lærar.
Fag 1. Faget du fordjupar deg mest i, og skriv masteroppgåve om. Vel mellom engelsk, fransk, spansk eller tysk.
Fag 2. Vel mellom engelsk, fransk, spansk, tysk, nordisk, religion, historie og sosiologi.
Du kan sjå fullstendig tabell over alle emna i studieprogrammet her.
Dette er felles for alle på studiet:
1. semester (haust)
- Examen philosophicum (10 studiepoeng) Kva er ex.phil?
- Examen facultatum (10 studiepoeng) Kva er ex. fac.?
- PEDA120 Skulen og lærarrolla (10 studiepoeng)
- KOPRA101 12 dagar praksis
2. semester (vår)
- Emne i fag 1 (masterfaget ditt) (30 studiepoeng)
3. semester (haust)
- Emne i fag 1 (20 studiepoeng)
- Fagdidaktikk i fag 1 (5 studiepoeng)
- PEDA121 Ulike vegar til læring (5 studiepoeng)
- KOPRA102, 8 dagar praksis
4. semester (vår)
- Emne i fag 2 (det andre undervisningsfaget ditt) (30 studiepoeng)
- Mogleg å reise på utveksling
5. semester (haust)
- Emne i fag 2 (20 studiepoeng)
- Fagdidaktikk i fag 2 (5 studiepoeng)
- PEDA122 Lærarprofesjonen, skolen og samfunnet (5 studiepoeng)
- KOPRA103, 12 dagar praksis
6. semester (vår)
- Emne i fag 1 (15 studiepoeng)
- Fagdidaktikk i fag 1 (5 studiepoeng)
- Emne i fag 2 (10 studiepoeng) med bacheloroppgåve
- Mogleg å reise på utveksling
7. semester (haust)
- Emne i fag 1 (25 studiepoeng)
- Fagdidaktikk i fag 2 (5 studiepoeng)
- 28 dagar praksis
8. semester (vår)
- Emne i fag 1 (10 studiepoeng)
- Fagdidaktikk i fag 1 (10 studiepoeng)
- Pedagogikk (10 studiepoeng)
- 40 dagar praksis
9. semester (haust) og 10. semester (vår)
- Masteroppgåve i fag 1 (60 studiepoeng)
Kva lærer du?
Ein ferdig utdanna lektor:
- har avansert kunnskap i sine to utdanningsfag og spesialisert innsikt i eit relevant fagområde
- kan nytte forskings- og erfaringsbasert kunnskap til å skape gode faglege og sosiale læringsprosessar
- kan formidle og kommunisere faglege problemstillingar knytte til yrkesutøvinga på eit høgt fagleg nivå
Sjå full liste over læringsutbyte.
Utveksling
Du kan reise på utveksling i fjerde eller sjette semester. Vi har avtalar med universitet i England, U.S.A., Australia, Tyskland og Frankrike. I tillegg kan du reise til ei rekke andre universitet i Europa og elles i verda.
Korleis søke
For å bli tatt opp til grunnskulelærarutdanningane og femårig lektorutdanning, må søkarar dokumentere anten minimum 35 skulepoeng og eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timar) og 4,0 i fellesfaget matematikk (224 timar) eller minimum 40 skulepoeng og eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timar) og 3,0 i fellesfaget matematikk (224 timar). Karakterkravet i matematikk gjeld ikkje for søkarar som kan dokumentere bestått programfag i matematikk (for eksempel matematikk S1 og R1) med eit omfang på minst 140 årstimar eller tilsvarande
Ved opptak til studiet må du òg legge fram politiattest.
Søknadsfristen er 15. april.