Hjem

Utdanning

Studieretning

Engelsk

Introduksjon

Introduksjon

Det engelske språket har ei særstilling i norsk utdanning, arbeidsliv og daglegliv, og engelskfaget har også ein sentral plass i skulen. Som uttrykt i læreplanen, er engelsk både eit reiskapsfag og eit danningsfag. Dette betyr at undervisinga både skal gjere eleven i stand til å kommunisere på engelsk og bidra til eleven si utvikling som menneske og medborgar. 

Gjennom disiplinemne i engelsk litteratur, kultur og lingvistikk får studentane innblikk i eit stort og samansett fagfelt. Instituttet tilbyr emne på ei rekkje forskjellige område innanfor britisk, amerikansk og annan engelskspråkleg litteratur og kultur. Undervisinga i lingvistikk omfattar mellom anna anvend lingvistikk, syntaks, kognitiv lingvistikk, omsetjingsteori, pragmatikk, sosiolingvistikk, historisk lingvistikk, diskursanalyse eller kombinasjonar av desse. 

Gjennom fagdidaktikken får studentane innblikk i teoriar om språklæring og skolerelatert forsking. Kritisk drøfting og refleksjon rundt fagdidaktiske problemstillingar er ein viktig del av studiet og dannar grunnlag for eigen undervisningspraksis i engelskfaget. 

I løpet av studiet vil du studere engelsk både som universitetsfag og som undervisningsfag i skolen, gjennom teori og praksis. I praksisperiodane, som er fordelt gjennom studiet, vil du få undervise faget i skolen og lære ulike måtar å formidle kunnskap på til forskjellige elevgrupper. Det siste året av studiet skal du skrive ei masteroppgåve innanfor eit tema du vel i samarbeid med rettleiaren din. Her får du moglegheit til å forske sjølv, og fordjupe deg innanfor ditt interesseområde.

I tillegg til studieretningsfaget engelsk (fag 1) skal du studere eitt fag til (fag 2) som du òg får undervisningskompetanse i. Fag du kan velje mellom er tysk, fransk, spansk, nordisk, historie, religionsvitskap eller sosiologi (samfunnskunnskap).

Lurer du på korleis det er å studere engelsk ved UiB? På fagsidene får du meir informasjon om aktuelle prosjekt, tilsette og arrangement.

Korleis søke

Meir informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen