Hjem

Utdanning

Studieretning

Fransk

Introduksjon

Introduksjon

Fransk har ein lang tradisjon i den norske skolen som språkfag, kulturfag, litteraturfag og danningsfag. Språket er ei bru mot ei fleirkulturell og fleirspråkleg verd med over 200 millionar fransktalande på fem kontinent. Fransk er det fjerde mest brukte språket på internett, og det offisielle språket i fleire internasjonale institusjonar, mellom anna i FN, Internasjonalt Røde kors og dei olympiske leikar. Fransk er eit viktig skolefag og undervisinga skal gjere eleven både i stand til å kommunisere på fransk og bidra til eleven si utvikling som menneske og medborgar. 


Disiplinemna i studiet vil gi studentane innblikk i fransk kultur, lingvistikk og litteratur innanfor eit dynamisk og samansett fagfelt. Tidleg i studiet får studentane tilbod om eit kort opphald i Frankrike, og instituttet har inngått ei rekkje utvekslingsavtalar med universitet mellom anna i Frankrike og Canada for lengre studieopphald.

I fagdidaktikken vil den framtidige fransklæraren få innblikk i teoriar om språklæring og opplæring og skolerelatert forsking. Kritisk drøfting og refleksjon rundt fagdidaktiske problemstillingar, praksis og utvikling er ein viktig del av studiet og dannar grunnlag for eigen undervisingspraksis i franskfaget.

I løpet av studiet vil du studere fransk både som universitetsfag og som undervisningsfag i skolen, gjennom teori og praksis. I praksisperiodane, som er fordelt gjennom studiet, vil du få undervise faget i skolen og lære ulike måtar å formidle kunnskap på til forskjellige elevgrupper. Det siste året av studiet skal du skrive ei masteroppgåve innanfor eit tema du vel i samarbeid med rettleiaren din. Her får du moglegheit til å forske sjølv, og fordjupe deg innanfor ditt interesseområde.

I tillegg til studieretningsfaget fransk (fag 1) skal du studere eitt fag til (fag 2) som du òg får undervisningskompetanse i. Fag du kan velje mellom er engelsk, tysk, spansk, nordisk, historie, religionsvitskap eller sosiologi (samfunnskunnskap).

Lurer du på korleis det er å studere fransk ved UiB? På fagsidene får du meir informasjon om aktuelle prosjekt, tilsette og arrangement.  

Meir informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen