Studieplan for MAHF-LÆFR Lektor framandspråk (engelsk - fransk - spansk - tysk), master, 5 år, vår 2023
Namn på grad
Master i engelsk - integrert praktisk-pedagogisk utdanning
Master i fransk - integrert praktisk-pedagogisk utdanning
Master i spansk - integrert praktisk-pedagogisk utdanning
Master i tysk - integrert praktisk-pedagogisk utdanning
Omfang og studiepoeng
Lektorutdanning med master i framandspråk (engelsk, fransk, spansk eller tysk) har eit omfang på 300 studiepoeng og er normert til 5 år.
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Undervisninga i fag I (engelsk, fransk, spansk eller tysk) vil oftast vere på det aktuelle språket, men kan også vere på norsk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen.
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Lektorutdanning med master i framandspråk (engelsk, fransk, spansk eller tysk) utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for ungdomstrinnet og for den vidaregåande skolen (trinn 8-13). Utdanninga kombinerer solid fagkunnskap i engelsk/fransk/spansk/tysk (fag I) og eitt anna universitetsfag (fag II) med fagdidaktikk, pedagogikk og praksis.
Praksis er integrert i studiet i fire av dei fem studieåra.
Lektorutdanninga skal kvalifisere studentane til å vidareutvikle skolen som institusjon for læring og danning i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn. Studiet skal utdanne lærarar som er ansvarlege og som kan ta medansvar for elevar si læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje samhandling og kritisk refleksjon kring fag, undervisning og læring.
Studiet skal gi ei god innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodar og trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring. Vidare skal studiet gi grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk, om skolefaga og fremje dugleikar for praktisk yrkesutøving.
Framandspråkstudiet skal både gi teoretisk kunnskap og utvikle evne til å kommunisere godt. Emna kan her vere knytte til blant anna språkstruktur, språket i bruk, språkhistorie, omsetjing og grammatisk analyse. Eit språkstudium er også studium av kultur og samfunnstilhøve . Gjennom arbeid med ulike medium er det eit mål å gjere studentane kjende med litteraturen og med sosiale, kulturelle og politiske tilhøve i dei aktuelle språkområda. På høgare nivå i studiet kan studentane spesialisere seg i sjølvvalde faglege emne. I det siste året arbeider ein med masteroppgåva, som er eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid skrive under rettleiing.
Som det andre faget i utdanninga vel ein eitt av faga engelsk, fransk, historie, sosiologi, nordisk, religionsvitskap, spansk eller tysk. Alle desse faga har òg eit fagdidaktisk tilbod tilrettelagt for lektorutdanningsprogrammet.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
- har avansert kunnskap i dei valde faga og spesialisert innsikt i eit profesjonsrelevant fagområde
har inngåande kunnskap om vitskaplege problemstillingar, forskingsteoriar og -metodar i faglege, fagdidaktiske og pedagogiske spørsmål
har inngåande kunnskap om relevant forskingslitteratur og gjeldande lov- og planverk, og kan nytte denne på nye område som er relevante for profesjonsutøvinga - har kunnskap om utvikling av skolen som organisasjon og faga som skole-, kultur-, og forskingsfag og brei forståing for skolen sitt mandat, verdigrunnlaget i opplæringa og i opplæringsløpet
har kunnskap om ungdomskultur og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar
har kunnskap om ungdom i vanskelege situasjonar og om rettane deira i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv - har kunnskap om samiske tilhøve
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan orientere seg i faglitteratur, analysere og ha ei kritisk haldning til informasjonskjelder og eksisterande teoriar i fagområda
- kan bruke faglitteratur og andre relevante informasjonskjelder til å strukturere og formulere faglege resonnement på ulike område
- kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa og profesjonsrelevant forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
- kan nytte forskings- og erfaringsbasert kunnskap til å identifisere og arbeide systematisk med grunnleggande dugleikar og planlegge og leie undervisning på ulike læringsarenaer som fører til gode faglege og sosiale læringsprosessar
- kan på eit sjølvstendig og fagleg grunnlag bruke varierte arbeidsmetodar og relevante metodar frå forsking og fagleg utviklingsarbeid til å differensiere læringsarbeidet
- kan tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk, og skape motiverande og inkluderande læringsmiljø
- kan ha ei kritisk tilnærming til digitale verktøy og nytte dei i undervisning, planlegging og kommunikasjon og rettleie unge i den digitale kvardagen
- kan vurdere og dokumentere elevar si læring og kompetansen deira, gi læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og eiga fagleg utvikling
- kan gjere greie for teoriar om språklæring, språk, kultur og litteratur
- kan faget godt nok til å vere trygg i undervisningssamanheng, og kan kommunisere godt i språkfaget/språkfaga
- kan følgje normene for akademisk skriving i masterfaget
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan bidra til innovasjonsprosessar og nytenking, gjennomføre profesjonsretta fagleg utviklingsarbeid og legge til rette for at ein kan involvere lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv i opplæringa
- kan formidle og kommunisere faglege problemstillingar knytte til profesjonsutøvinga på eit
høgt fagleg nivå - kan opptre profesjonelt og kritisk reflektere over og analysere faglege, profesjonsetiske, forskningsetiske og utdanningspolitiske spørsmål og problemstillingar
- kan på sjølvstendig grunnlag vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til fagleg og organisatorisk utvikling i skolen og blant kollegaer
- kan byggje relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skoleverket
Opptakskrav
- Generell studiekompetanse eller realkompetanse
- Minst karakteren 4 i matematikk (224 timar) og 3 i norsk (393 timar) og minst 35 skolepoeng (kravkode: LÆRALT)
- Politiattest (jf. forskrift om opptak til høgare utdanning, kapittel 6)
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådd startgrunnlag er studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole og minimum nivå I/II i fransk, spansk eller tysk frå vidaregåande skole. Studentar som vel nordisk som fag II, bør meistre nynorsk og bokmål godt.
Innføringsemne
Det er ingen innføringsemne til masterstudiet.
Obligatoriske emne
I programmet inngår obligatoriske emne i fag I, fag II, fagdidaktikk og pedagogikk. Desse emna er spesifiserte under «Rekkjefølgje for emne i studiet».
Studiet omfattar 100 dagar praksis fordelt over fire av studieåra som er knytt til profesjonsfaget, fag I og fag II. Aktivitetar knytte til praksis er obligatoriske. Sjå emneplan for praksis.
På masterstudiet skal studenten skrive ei masteroppgåve med eit omfang på normalt 70-110 sider, med ein påfølgande munnleg eksamen. Masteroppgåva gir 60 studiepoeng. Emnet for masteroppgåva kan hentast frå alle disiplinar i fag I, inkludert fagdidaktikk. Det er gjort nærare greie for masteroppgåvearbeidet i eigne emneplanar.
Spesialisering
Sjå emnelista under «Rekkjefølgje for emne i studiet» for nærare informasjon.
Tilrådde valemne
Det er ingen valemne i studieprogrammet.
Rekkefølgje for emne i studiet
1. semester (haust):
Førstesemesterstudiet
- EXPHIL-HFSEM/EXPHIL-HFEKS, Examen philosophicum, 10 stp.
- EXFAC00SK, Examen facultatum: Språkkunnskap, 10 stp.
- PEDA120, Skulen og lærarolla, 10 stp.
- KOPRA101, 12 dagar praksis
2. semester (vår):
- Fag I 100-nivå, 30 stp.
Engelsk: ENG110 (15 stp.) og ENG125 (15 stp.)
Fransk: FRAN120 (10 stp), FRAN121 (10 stp) og FRAN122 (10 stp)
Spansk: SPLA107 (10 stp), SPLA108 (10 stp) og SPLA109 (10 stp)
Tysk: TYS105 (10 stp.), TYS106 (10 stp.), TYS107 (10 stp.)
3. semester (haust):
- Fag I, 100-nivå, 20 stp:
Engelsk: ENG122 (15stp) og ENG107 (5 stp)
Fransk: FRAN123 (10 stp) og FRAN124 (10 stp)
Spansk: SPLA117 (10 stp) og SPLA118 (10 stp)
Tysk: TYS115 (10 stp.) og TYS116 (10 stp.)
- Fagdidaktikk i fag I: ENGDI101, FRANDI101, SPANDI101 eller TYSDI101 (5 stp.)
- PEDA121 (5 stp.)
- KOPRA102, 8 dagar praksis
4. semester (vår):
- Fag II 100-nivå, 30 stp.
Engelsk: Engelsk: ENG110 (15 stp.) og ENG125 (15 stp.)
Fransk: FRAN120 (10 stp), FRAN121 (10 stp) og FRAN122 (10 stp)
Spansk: SPLA107, SPLA108, SPLA109
Tysk: TYS105 (10 stp.), TYS106 (10 stp.), TYS107 (10 stp.)
Historie: HIS102 (obligatorisk) og eitt av emna:HIS116, HIS115, HIS108, HIM101 eller HIS111
Mogeleg å reise på utveksling
5. semester (haust):
Fag II 100-nivå, 20 stp.
Engelsk: ENG122 (15 stp.) og ENG107 (5 stp.)
Fransk: FRAN123 (10 stp) og FRAN124 (10 stp)
Tysk: TYS115 (10 stp.) og TYS116 (10 stp.)
Sosiologi: SOS103-L og SOS105-L eller SOS113-L
- Fagdidaktikk i fag II: ENGDI101, FRANDI101, SPANDI101, TYSDI101, NODI101, RELDI111, HIDID111 eller SAKDI101 (5 stp.)
- PEDA122, 5 stp.
- KOPRA103, 12 dagar praksis
6. semester (vår):
- Fag I 200-nivå, 15 stp
Engelsk: ENG223 (10 stp.) eller ENG263 (10 stp.) og ENG221L (5stp.)
Fransk:FRAN205/FRAN255 (15 stp) eller FRAN204/FRAN254 (10 stp) og LITTIF200 (5 stp)
Spansk: SPLA207 (10 stp) og SPLA106 (5 stp)
Tysk: TYS201/TYS251 (15 stp) eller TYS206/TYS256 (10 stp) og LITTIF200 (5 stp)
- Fagdidaktikk i fag I: ENGDI201, FRANDI201, SPANDI201 eller TYSDI201 (5 stp.)
- Fag II 200-nivå, 10 stp med bacheloroppgåve
Fransk: FRAN254 (10 stp) eller FRAN255L (10 stp)
Spansk: SPLA257
Historie: HIS250L
Religion: RELVI250L
Nordisk: NOLI250-L eller NOSP256-L
Sosiologi: SOS202-L
7. semester (haust):
-Fag I 300-nivå, 25 stp:
Engelsk: ENG341 (10 stp.) eller ENG343 (10 stp.) og ENG339L (5 stp.) og ENG331, eller ENG332 eller ENG333 (10 stp.) Av omsyn til praksisperioden og undervisningstidspunkt for emna ved UiB, tilrår vi følgjande emnekominasjon for studentar med engelsk som fag I hausten 2022: ENG343, ENG339L og ENG332. Merk at dersom du vel andre kombinasjonar enn dette, så vil undervisning kollidere med praksis.
Fransk: FRAN312 (15 stp) og FRAN307L (10 stp)
Spansk: SPLA311 (10 stp), SPLA312 (10 stp) og SPLA313L (5 stp)
Tysk: TYS307L og TYS309 eller TSAK319 (UiB og NTNU vekslar på emneansvaret for TSAK319)
- Fagdidaktikk i fag II: ENGDI111, FRANDI111, SPANDI111, TYSDI111, NODI111, RELDI112 HIDID112 eller SAKDI111 (5 stp.)
- LAPRA101, 28 dagar praksis
8. semester (vår):
- Fag 1 300-nivå, 10 stp
Engelsk: ENG335 eller ENG337 (10 stp)
Fransk: FRAN313L (10 stp) eller FRAN308L (10 stp)
Spansk: SPLA314 (10 stp)
Tysk: TYS311L (10 stp) eller TYS308L (10 stp)
- Fagdidaktikk i fag I: ENGDI301, FRANDI301, SPANDI301 eller TYSDI301 (10 stp.)
- Pedagogikk: 10 stp.
- LAPRA102, 40 dagar praksis
9. semester (haust) og 10. semester (vår):
- Fag I 300-nivå
Masteroppgåve, 60 stp: ENG350 / FRAN350 / SPLA350 / TYS350
Alle emna i kursdelen av master (totalt 60 stp) må være fullførte før innlevering av masteroppgåva.
Delstudium i utlandet
Det er sterkt tilrådd og tilrettelagt for at studentane tar delar av programmet som utvekslingsstudent i eit anna land. Tilrådd semester for utveksling er 4. semester.
Tilrådde utvekslingsstader finn ein på nettsida til studieprogrammet: http://www.uib.no/studieprogram/MAHF-L%C3%86FR#uib-tabs-utveksling
Ein kan òg velje frå Universitetet i Bergen sine avtaler med studiestader i heile verda. All informasjon om utveksling finn ein på www.uib.no/utveksling.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som metodar knytte til faget. Studenten skal gjennom studiet få møte undervisning i ulike former med ulike typar lærings- og refleksjonsaktivitetar (t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, aksjonsforsking, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy). For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.
Læring gjennom rettleidd praksis i skolen står sentralt i studiet. Studenten vil få observere undervisning og planlegge og gjennomføre undervisning åleine og i samarbeid med medstudentar. Det vert i denne samanhengen lagt vekt på erfaringsutvikling gjennom refleksjon, samtale og oppgåveskriving.
Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga skal vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med kompetanse i å kunne leggje til rette for elevar si læring og utvikling.
I tillegg til den undervisninga som vert tilbydd, vert studentane oppmoda om å også sjølve organisere eigne kollokviegrupper og skrivegrupper.
Vurderingsformer
Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve, heimeeksamen, munnleg presentasjon, munnleg prøve og mappevurdering.
Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.
For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane.
Karakterskala
Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
A-F, der F er stryk
greidd/ikkje greidd
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål og vitnemålstillegg blir skrive ut etter at graden er fullført.
Grunnlag for vidare studium
Fullført lektorutdanning med master i framandspråk med gode resultat kvalifiserer til å søkje om opptak på doktorgradsstudium i relevante fag.
Relevans for arbeidsliv
Lektorutdanning med master i framandspråk kvalifiserer for tilsetjing på trinn 8-13 i den norske skolen. Lektorutdanninga gir grunnlag for undervisning i to fag og kvalifiserer for opptak til doktorgradsstudium.
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Skikkavurdering og autorisasjon
Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.
Programansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Programstyret for lektorutdanning har eit overordna koordinerande ansvar.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar på programmet: lektor@hf.uib.no, tlf.