Hjem
Utdanning

Studieplan for MAHF-LÆNO Lektor nordisk, master, 5 år, haust 2020

Namn på grad

Master i nordisk - integrert praktisk-pedagogisk utdanning

Omfang og studiepoeng

300 studiepoeng

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Normalt norsk, dansk og svensk. Dersom ein som fag II vel eit framandspråk, vil undervisninga som oftast vere på det aktuelle språket, men kan også vere på norsk.

Studiestart - semester

Haust 

Mål og innhald

Lektorutdanning med master i nordisk utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for ungdomstrinnet og for den vidaregåande skulen. Utdanninga kombinerer solid fagkunnskap i nordisk (fag I) og eitt anna universitetsfag (fag II) med fagdidaktikk, pedagogikk og praksis. Praksis er integrert i studiet i fire av dei fem studieåra.

Studiet gir eit solid grunnlag i dei to studiefaga med vekt på fagleg forståing, problemløysing og forståing for metodar og tenkjemåtar i faga. Studiet gir dessutan ei grunnleggande forståing av vitskapsfaga og skulefaga i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.

Profesjonsfaget gir grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk og fremjar dugleikar for praktisk yrkesutøving.

Studiet av nordisk er delt mellom språk og litteratur. Namnet på faget understrekar eit nordisk perspektiv, men hovudtyngda i studiet ligg på norsk språk og norsk litteratur. Språkstudiet gir innsikt i korleis språket er oppbygd som system, korleis det har utvikla seg historisk, og i dei variantane av skriftmål og talemål vi har i dag. Litteraturstudiet går inn på nordiske litterære tekstar, litteraturhistorie og tekstteori og gir innsikt i sentrale forfattarskapar, ulike sjangrar og kulturhistorie. På høgare nivå er det høve til å spesialisere seg i sjølvvalde faglege emne. I det siste året arbeider ein med masteroppgåva, som er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid skrive under rettleiing.

Som det andre faget i utdanninga vel ein eitt av faga engelsk, fransk, historie, sosiologi, religionsvitskap, spansk språk og latinamerikastudium eller tysk. Alle desse faga har òg eit fagdidaktisk tilbod tilrettelagt for lektorutdanningsprogrammet.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har avansert kunnskap innanfor nordisk språk og litteratur og brei kunnskap innanfor det andre faget
  • har solid forståing av forskingsetikk og metodar og tenkjemåtar i nordiskfaget
  • har god innsikt i språksystem, språkhistorie, språkbruk og moderne skriftspråks- og talemålsvarietetar
  • har omfattande kunnskap om nordiske litterære tekstar og forfattarskapar, litteraturhistorie og tekstteori, sjangrar og kulturhistorie
  • har god innsikt i sentrale tema, omgrep og teoriar knytte til det andre faget
  • har kjennskap til forskingsetiske problemstillingar
  • har god kunnskap om begge fagas historie, tradisjonar, eigenart og plass i skulen og samfunnet
  • har grunnleggande forståing av vitskapsfaga og skulefaga i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng
  • har kjennskap til forskings- og utviklingsarbeid innanfor dei to faga
  • har grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk
  • har inngåande kunnskap om vitskapelege problemstillingar, forskingsteoriar og -metodar i pedagogiske og fagdidaktiske spørsmål
  • har kunnskap om utviklinga av skulen som organisasjon og brei forståing av skulens mandat, verdigrunnlag og opplæringsløp
  • har kunnskap om ungdomskultur og ungdoms utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar
  • har inngåande kunnskap om gjeldande utdanningsrelatert lov- og planverk
  • har kunnskap om ungdom i vanskelege situasjonar og om deira rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
  • har kunnskap om samiske tilhøve

 

Dugleikar

Kandidaten

  • kan orientere seg i faglitteratur og teori innanfor nordisk og det andre faget og analysere kjelder og teoriar kritisk
  • kan strukturere og formulere faglege resonnement
  • kan bruke og formidle relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid knytt til fagområda
  • meistrar fagrelevante skriftlege og munnlege presentasjonar og kan følgje normene for akademisk skriving
  • kan gjennomføre eit avgrensa forskingsprosjekt innanfor fagområdet nordisk i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan arbeide sjølvstendig med krevjande faglege oppgåver i det andre faget
    meistrar relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer
  • kan nytte digitale verktøy i undervisning, planlegging og kommunikasjon og rettleie unge i den digitale kvardagen
  • kan planlegge og leie undervisning som fører til gode faglege og sosiale læringsprosessar
  • kan differensiere og tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk og skape gode læringsmiljø
  • kan arbeide systematisk med grunnleggande dugleikar
  • kan beskrive kjenneteikn på kompetanse, vurdere og dokumentere læring og gi læringsfremjande tilbakemeldingar
  • kan bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og eiga fagleg utvikling
  • kan reflektere over eigen fagleg praksis

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan bidra til innovasjon og nytenking og gjennomføre profesjonsretta fagleg utviklingsarbeid
  • kan legge til rette for at lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv kan involverast i opplæringa
  • kan formidle og kommunisere faglege problemstillingar knytte til profesjonsutøvinga på eit høgt fagleg nivå
  • kan opptre profesjonelt og kritisk reflektere over og analysere faglege, profesjonsetiske, forskningsetiske og utdanningspolitiske spørsmål og problemstillingar
  • kan på sjølvstendig grunnlag utvikle eigen kompetanse og bidra til den faglege og organisatoriske utviklinga ved skulen
  • kan byggje relasjonar til elevar og føresette og samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket

Opptakskrav

  • Generell studiekompetanse eller realkompetanse
  • Minst karakteren 4 i matematikk (224 timar) og 3 i norsk (393 timar) og minst 35 skulepoeng (kravkode: LÆRAR)
  • Politiattest (jf. forskrift om opptak til høgare utdanning, kapittel 6)

Tilrådde forkunnskapar

Ein bør meistre både bokmål og nynorsk godt.

Studentar som vel engelsk som fag II, bør minimalt ha 5-timarskurset i engelsk frå vidaregåande skule. Studentar som vel fransk, spansk eller tysk som fag II, bør minimalt ha nivå 1 i språkfaget frå vidaregåande skule.

Innføringsemne

Lektorutdanning med master i nordisk skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne (førstesemesterstudiet):

- EXPHIL-HFSEM / EXPHIL-HFEKS, Examen philosophicum, 10 stp.

- EXFAC00SK, Examen facultatum: Språk og kommunikasjon, 10 stp.

- PEDA120, Skulen og lærarrolla, 10 stp.

Obligatoriske emne

I programmet inngår obligatoriske emne i nordisk, fag II, fagdidaktikk, pedagogikk og innanfor førstesemesterstudiet. Desse emna er spesifiserte under «Rekkjefølgje for emne i studiet».

Studiet omfattar 100 dagar praksis fordelt over fire av studieåra som er knytt til profesjonsfaget, nordisk og fag II. Aktivitetar knytte til praksis er obligatoriske. Sjå emneplan for praksis.

På masterstudiet skal det skrivast ei masteroppgåve med eit omfang på 70-110 sider, etterfølgd av ein munnleg eksamen. Masteroppgåva gir 60 studiepoeng. Emnet for masteroppgåva kan hentast frå alle disiplinar i nordiskfaget, inkludert fagdidaktikk. Temaet skal vere godkjent i eit prosjektførebuande emne før arbeidet tek til. Det er gjort meir greie for masteroppgåvearbeidet i ein eigen emneplan.

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester:

Førstesemesterstudiet

- EXPHIL-HFSEM/EXPHIL-HFEKS, 10 stp.

- EXFAC00SK, 10 stp.

- PEDA120, 10 stp.

- KOPRA101, 12 dagar praksis

2. semester:

Nordisk 100-nivå, 30 stp.

- NOLI102, 15 stp.

- NOSPAN101, 15 stp

3. semester:

Nordisk 100-nivå, nordisk fagdidaktikk, pedagogikk og praksis

- NOLI103-L, 10 stp.

- NOSP105, 10 stp

- NODI101, 5 stp.

- Pedagogikk, 5 stp.

- 8 dagar praksis

4. semester:

Fag II 100-nivå, 30 stp.

Engelsk: ENG114, 10 stp, ENG115, 10 stp og ENG125, 10 stp

Fransk: FRAN120, 10 stp FRAN121, 10 stp og FRAN122, 10 stp

Spansk: SPLA107, 10 stp, SPLA108, 10 stp og SPLA109, 10 stp

Tysk: TYS105, 10 stp, TYS106, 10 stp og TYS107, 10 stp

Religion: RELV101, 15 stp og RELV105, 15 stp

Historie: HIS102, 15 stp og eitt av desse emna: HIS116, HIS115, HIS108, HIM101 eller HIS111 (alle 15 stp)

Sosiologi: SOS101, 15 stp og MET102, 15 stp

5. semester:

Fag II 100-nivå, fagdidaktikk i fag II, pedagogikk og praksis

- Fag II, 20 stp.

Engelsk: ENG122, 10 stp og ENG107, 10 stp

Fransk: FRAN115, 10 stp, FRAN105, 10 stp (frå og med haust 2019: FRAN123, 10 stp og FRAN124, 10 stp)

Spansk: SPLA117, 10 stp og SPLA119, 10 stp

Tysk: TYS123, 10 stp og TYS124, 10 stp (frå og med haust 2019: TYS115, 10 stp og TYS116, 10 stp)

Religion: RELV102, 15 stp og RELV103L, 5 stp

Historie: HIS101, 15 stp og HIS120, 5 stp

Sosiologi: SOS113-L, 10 stp eller SOS105-L 10 stp., og SOS103-L, 10 stp

- Pedagogikk, 5 stp.

- Fagdidaktikk i fag II, 5 stp.

- 12 dagar praksis

6. semester:

Nordisk 200-nivå, nordisk fagdidaktikk og fag II 200-nivå

- Nordisk, 15 stp. - NOLI216, 15 stp eller NOSP216, 15 stp. NOLI216/NOSP216 kan erstattast av NOLI250/NOSP250/NOSP256, der ein skriv ei rettleia semesteroppgåve.

- NODI201, 5 stp.

- Fag II, emne med bacheloroppgåve, 10 stp.

Engelsk: ENG261, 10 stp eller ENG263, 10 stp

Fransk: FRAN254, 10 stp eller FRAN255L, 10 stp

Spansk: SPLA257, 10stp Tysk: TYS251L, 10 stp eller TYS256, 10 stp

Religion:RELVI250L, 10 stp Historie: HIS250L, 10 stp

Sosiologi: SOS202-L, 10 stp

7. semester:

Nordisk 300-nivå, fagdidaktikk i fag II og praksis

- NOLISP304-L, 10 stp (siste gong haust 2018)

- NORAN204-L, 10 stp (første gong haust 2019)

Eitt av desse emna, alle på 15 stp:

- LEX200, 15 stp.

- NOLI311, 15 stp

- NOLI322, 15 stp

- NORAN320, 15 stp

-NOSP313, 15 stp

-NOSP316, 15 stp

Studentar som ønskjer det, kan utan søknad byte ut dette emnet med eit anna 300-nivåemne med NOLI- eller NOSP-kode. Emne frå andre delar av dei nordiske faga kan passast inn etter søknad.

- Fagdidaktikk i fag II, 5 stp.

- 28 dagar praksis

8. semester:

Nordisk 300-nivå, nordisk fagdidaktikk, pedagogikk og praksis

- NOLISP300-L, 10 stp

- NODI302, 10 stp.

- Pedagogikk, 10 stp.

- 40 dagar praksis

9. semester og 10. semester:

Nordisk 300-nivå:

NOLISP350, 60 stp

Delstudium i utlandet

Studentane vert oppmoda til å ta delar av studiet i utlandet. Utanlandsopphald vert avtalt og lagt til rette i samarbeid med dei fagleg ansvarlege institutta.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som metodar knytte til faget. Studenten skal gjennom studiet få møte undervisning i ulike former med ulike typar lærings- og refleksjonsaktivitetar (t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, aksjonsforsking, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy). For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Læring gjennom rettleidd praksis i skulen står sentralt i studiet. Studenten vil få observere undervisning og planleggje og gjennomføre undervisning åleine og i samarbeid med medstudentar. Det vert i denne samanhengen lagt vekt på erfaringsutvikling gjennom refleksjon, samtale og oppgåveskriving.

Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga skal vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med kompetanse i å kunne leggje til rette for elevar si læring og utvikling.

I tillegg til den undervisninga som vert tilbydd, vert studentane oppmoda om å også sjølve organisere eigne kollokviegrupper og skrivegrupper.

Vurderingsformer

I studiet inngår varierte vurderingsformer, til dømes skriftleg og munnleg eksamen, heimeeksamen og mappevurdering. Sjå emneplanane for nærare opplysningar.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer:

  • «bestått» / «ikkje bestått»
  • Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F

Bokstavkarakterar er mest utbreidde. Sjå elles emneplanane for nærmare opplysningar.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Studiet kvalifiserer for doktorgradsstudium i relevante program.

Relevans for arbeidsliv

Lektorutdanning med master i nordisk kvalifiserer for tilsetting på trinn 8-13 i den norske skolen. Lektorutdanninga gir grunnlag for undervisning i norsk og fag II i studiet og kvalifiserer for opptak til doktorgradsstudium.

Evaluering

Programmet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Ifølgje Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning (nr. 859) fastsett av Kunnskapsdepartementet 30. juni 2006 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskular § 4-10 sjette ledd, skal det gjennom heile studiet gjerast vurderingar av om studenten er skikka til læraryrket, og sluttvurdering og vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert som skikka (jf. § 4-10 andre leddet).

Programansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Programstyret for lektorutdanning har eit overordna koordinerande ansvar.  

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet, dersom du har spørsmål:

lektor@hf.uib.no, tlf. 55 58 93 82