Hjem
Utdanning

Namn på grad

Master i lingvistikk

Omfang og studiepoeng

120 studiepoeng. Studiet er normert til to år og består av ein kursdel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng.

Fulltid/deltid

Programmet er organisert som eit fulltidsstudium, men kan etter søknad også takast som eit 50 % deltidsstudium.

Undervisningsspråk

Normalt norsk, engelsk ved behov.

Studiestart - semester

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.

Mål og innhald

Lingvistikk er vitskapen om menneskeleg språk og språkbruk (naturlege språk). Faget søkjer etter svar på kva som karakteriserer språk som ein kognitiv dugleik hos mennesket, som eit system for kommunikasjon, og som eit viktig kulturelt og sosialt fenomen. Studiet gir ei innføring i metodar for analyse og beskriving av språk og i teoriar om språkleg struktur og om likskap og skilnader mellom språka i verda.

Masterprogrammet i lingvistikk gir utdjupande innsikt i moderne lingvistisk teori, psykolingvistikk og kunstig intelligens. Gjennom en introduksjon i induktive, kvantitative og datamaskinelle forskningsmetodar forberedes studenten til å kunne utføre et uavhengig lingvistisk forskningsprosjekt.

Læringsutbyte

Når programmet er avslutta, skal kandidaten ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten...

  • har inngåande kunnskap om lingvistisk teori og metodar
  • kan nytte kunnskap på nye område innanfor lingvistikk
  • har avansert kunnskap innanfor lingvistikk og spesialisert innsikt i nokre avgrensa område, til dømes moderne grammatisk teori eller datamaskinelle metodar
  • kan analysere lingvistiske problemstillingar med utgangspunkt i lingvistikkens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • kan analysere og kritisk vurdere ulike informasjonskjelder og nytte dei til å strukturere og formulere lingvistiske resonnement
  • kan analysere eksisterande teorier, metodar og fortolkinger innanfor lingvistikken og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing
  • kan bruke relevante metodar for lingvistisk forsking, til dømes korpus- og feltmetodar, og utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan bruke datamaskinelle og kvantitative forskingsmetodar, til dømes statistikk, maskinlæring og programmering.

Generell kompetanse

Kandidaten...

  • kan analysere fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar som er relevante i lingvistikken
  • kan nytte dei lingvistiske kunnskapane og ferdighetene sine på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistrar lingvistiske uttrykksformer
  • kan kommunisere om lingvistiske problemstillingar, analysar og konklusjonar, både med spesialistar og til ålmenta
  • kan bidra til lingvistisk nytenking og i relevante innovasjonsprosessar.

Opptakskrav

Masterprogrammet i språkvitskap byggjer på ein bachelorgrad med minst 80 studiepoeng fagleg fordjuping i språkvitskap, eller tilsvarande. Du må ha minst 80 studiepoeng i relevante emne i språkvitskap, inkuldert generell syntaks, semantikk, fonologi og morfologi, i tillegg til programmering og statistikk for språkstudium.

Det blir sterkt tilrådd at studenten har minst 60 studiepoeng frå eit språkfag i bachelorgraden. Ein føreset at studenten har ein slik grad av innsyn i norsk, engelsk og minst eitt anna språk at han/ho kan arbeide med døme og data frå desse språka.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i språkvitskap

Andre bachelorgradar som kvalifiserer:

  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng i språkvitskap eller tilsvarande.

Du må også ha:

  • Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
  • Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.

Obligatoriske emne

LING306 - Eksperimentell psykolingvistikk (15 stp.)

LING310 - Datalingvistiske modellar og bruksområde (15 stp.)

LING313 - Metode for språklege mastergrader (15 stp)

LING314 - Språk på tvers av modalitetar (15 stp.)

LING350 - Lingvistikk mastergradsoppgåve (60 stp.)

Obligatoriske emne kan erstattast med tilsvarande emne frå ein annan lærestad etter søknad.

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester (haust):

LING306 - Eksperimentell psykolingvistikk (15 stp.)

LING310 - Datalingvistiske modellar og bruksområde (15 stp.)

2. semester (vår):

LING313 - Metode for språklege mastergrader (15 stp.)

LING314 - Språk på tvers av modalitetar (15 stp.)

3. og 4. semester:

LING350 - Lingvistikk mastergradsoppgåve (60 stp.)

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet ved institusjonar i utlandet.

Nærare informasjon hos studierettleiar.

Arbeids- og undervisningsformer

Masterprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesing, seminar, gruppeundervisning, øvingar og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for kvart emne.

Vurderingsformer

LING350: Mastergradsoppgåve med avsluttande munnleg prøve. Masteroppgåva skal vere på mellom 70 - 110 sider (pluss ev. vedlegg).

Andre emne: Semesteroppgåve eller heimeeksamen.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A¿F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Studiet kan gje grunnlag for vidare ph.d.-utdanning innanfor lingvistikk eller andre språkrelaterte forskingsområde. Dette krev gjennomgåande gode karakterar på studiet.

Relevans for arbeidsliv

Mastergraden i lingvistikk kan gi grunnlag for arbeid med forsking og undervisning, og for arbeid innanfor andre felt der språk står sentralt: forlagsarbeid, til dømes i arbeid med ordbøker og fagbøker; omsetjingsarbeid og språkleg rådgjeving; reklame -og informasjonsbransjen; språk i offentleg forvalting og i informasjonsteknologi.

Evaluering

Studieprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.app.uib.no

Programansvarleg

Programstyret for lingvistikk har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar.lle@uib.no.