Utøvande musikk eller komposisjon, master, 2 år
- Lengde2 År
- Plassar12
- SpråkNorsk og engelsk
- StudiestartHaust.
- Studiepoeng120
Hovedinnhold
Ny student
Ny student
Velkommen til studiestart for nye studentar på masterprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon eit studium ved Fakultet for kunst, musikk og design.
Her finn du den viktigaste informasjonen om studiestarten din.
Frammøte: Studiestart er måndag 14. august. Det er obligatorisk frammøte denne datoen for å behalde studieplassen.
Program: Her finn du programmet for studiestarten.
Bli klar som student ved UiB: Alt du treng å vite til studiestart finn du på «Bli klar som student ved UiB». Du får tilgang til, og informasjon om, denne sida i slutten av juli. Før det kan du også bruke denne sjekklista for å bli klar til studia.
Har du spørsmål? Ta kontakt med oss på <email>studieveileder@kmd.uib.no</email>.
Vi ser fram til ei spanande og utviklande tid saman med dykk.
Presentasjon
Mål og innhald
Mål:
Masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon er eit tilbod til instrumentalistar, songarar og komponistar. Studiet har det som mål å vidareutvikle studentane sin kunstnariske profil, og styrkje evna til fagleg refleksjon og sjølvstende. Studentane får høve til fordjuping i eit eller fleire sjølvvalde emne innanfor eigne utøvande eller skapande interessefelt. Erfaring i å uttrykkje seg både munnleg og skriftleg skal gjere studentane meir bevisste på kunstnariske problemstillingar, og støtte opp om deira kunstnariske virke.
Innhald:
Det blir gitt individuell rettleiing i utøving/komposisjon og prosjektarbeid, og undervisning gjennom ulike fellesseminar og fellesprosjekt. Masterprogrammet har eit internasjonalt studentmiljø, og engelsk er ofte kommunikasjonsspråk i delar av fellesundervisninga.
Fagleg profil
Har du bachelor i utøvande musikk og ønskjer å utvikle deg vidare ved å fordjupe deg i eit spesielt repertoar eller i ein komponist? Eller kanskje du er interessert i historisk framføringspraksis? Har du bachelor i komposisjon og ønskjer å gå vidare med kompositoriske utfordringar?
Master
Det toårige masterstudiet gir spesialisering i anten utøving eller komposisjon. Studiet gir grunnlag for å søkje vidare på det nasjonale stipendprogrammet for kunstnarisk utviklingsarbeid. Sjå http://artistic-research.no/
Utøving, forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid
Fagpersonalet ved Griegakademiet er internasjonalt aktive utøvarar, komponistar og forskarar. Der er mange ulike spesialiseringar i fagmiljøet; mellom anna historisk oppføringspraksis, lied-interpretasjon, opera, kammermusikk, norsk musikk, og samtidsmusikk.
Oppbygging
I masterstudiet skal du ta fire enkeltemne i tillegg til masteroppgåva. Masteroppgåva er todelt og inneheld avsluttande eksamenskonsert/innleverte komposisjonar med offentleg framføring (2-3) og eksamen i sjølvvalt fordjupingsemne (skriftleg oppgåve eller konsertforedrag) (1-3).
1. semester (haust): MUV301 Prosjektarbeid I, innføring i arbeidsmetoder (15 stp.), MUV310 Konsertfremføring 1 (15 stp.)*
2. semester (vår): MUV302 Prosjektarbeid II (15 stp.), MUV311 Konsertfremføring II (15 stp.)*
3. og 4. semester (haust og vår): MUV351 Masterprosjekt (20 stp.), MUV352 Mastereksamen i utøving eller komposisjon (40 stp.)
* Studentar i komposisjon tek komposisjon fordjuping I og II i staden for offentleg konsert.
Studieopphald i utlandet
Instituttet legg til rette for utvekslingsopphald ved ein utanlandsk institusjon, og du kan søkje om støtte til reiser knytta til arbeid med fordjupingsemnet.
Kva kan du bli?
Aktuelle yrke kan vere utøvande musikar/komponist i freelance-markedet, orkestermusikar, landsdelsmusikar/distriktmusikar, kyrkjemusikar, lærar ved universitet/høgskole, i videregåande skole og kulturskolen. Du kvalifiserer deg også for arbeid i det frivillege musikkliv og ved ulike kulturinstitusjonar.
Opptakskrav
Fullført bachelorgrad (eller cand.mag.) i utøvande musikk eller komposisjon, og greidd opptaksprøve. Søkjarar som ikkje snakkar/skriv norsk eller eit anna skandinavisk språk (svensk eller dansk) må dokumentera tilstrekkelege engelskkunnskapar. Opptaket blir vurdert i høve til samansetjing av instrumentgrupper og ensemble.
Søknadsprosedyre
Søknadsfristen er 15. desember for studiestart i august påfølgjande studieår. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du her Master i utøvende musikk eller komposisjon | Griegakademiet ¿ Institutt for musikk | UiB
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:
studieveileder.kmd@uib.no
Metode
Mastergrad i utøvande musikk eller komposisjon er eit tilbod til instrumentalistar, songarar og komponistar på høgt kunstnarleg nivå, og med omfattande repertoarkunnskap. I tillegg føreset me at studentane har interesse og motivasjon for fagleg refleksjon og fordjuping. Denne sida av den faglege profilen til studentane vert styrkt og utvikla gjennom arbeidet med relevante praktiske og teoretiske emne.
Faget har som mål å bidra til å vidareutvikla studentanes kunstnariske profil og utvide kunnskapsgrunnlaget for eiget kunstnarisk virke. Dette inneber å bidra til ein større bevisstheit om eiget kunstnarisk arbeid i forhold til aktuelle og relevante utøvande/skapande problemstillingar. Det bler lagt vekt på å vidareutvikla studentens evne til sjølvstendig tenking og arbeid.
Faget orienterer seg relativt bredt gjennom ulike innfartsvinklar og delemne som kan støtte opp om dette arbeidet. De ulike emna inngår i ein heling som har som mål å skape ein djupare forståing for musikkfaget innan utøving (utøvarar) og komposisjon (komponistar).
Kva kan eg bli
Yrkesvegar
Aktuelle yrke kan vere utøvande musikar/komponist , orkestermusikar, lærar ved universitet/høgskole, i vidaregående skole og kulturskolen. Ein kvalifiserer seg også for arbeid i det frivillige musikkliv og ved ulike kulturinstitusjonar.
Kva lærer eg
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten kan
- analysere og drøfte musikkfaglege problemstillingar med utgangspunkt i musikken si historie, tradisjonar, stil og estetikk og musikken sin funksjon i kultur og samfunn
- analysere og ta kritisk stilling til materiale frå kunstnarisk utviklingsarbeid og forsking, og bruke dette i eige arbeid
Ferdigheiter
Kandidaten skal
- realisere og formidle eigne kunstnariske intensjonar med ein tydeleg personleg profil
- bruke kunnskap til å utvide eigne musikalske perspektiv og gjennomføre sjølvstendig kunstnarisk utviklingsarbeid
- på ein kritisk reflektert måte artikulere og drøfte musikkfaglege spørsmål, både innanfor fagmiljøet og i kontakt med publikum
Generell kompetanse
Kandidaten skal
- vise sjølvstende i møte med krevjande kunstnariske utfordringar, og ved å initiere, gjennomføre og leie ulike prosjekt
- bidra til utvikling og fornying i musikklivet og musikkbransjen
- ha innsikt i etiske problemstillingar knytta til kunstnarisk utviklingsarbeid og forsking, og arbeide i tråd med gjeldande etiske normer
Utveksling
Delstudium i utlandet
Instituttet legg til rette for utvekslingsopphald (normalt i 3. semester) ved ein utanlandsk institusjon.
Belgia
Danmark
Estland
Finland
Georgia
Island
Japan
Kasakhstan
Latvia
Nederland
Polen
Academy of Music 'Ignacy Jan Paderewski', Poznan og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (ERASMUS+)
Academy of Music 'Karol Szymanowski', Katowice og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (ERASMUS+)
Academy of Music, Cracow og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (ERASMUS+ - Academy of Music, Krakow)
Erasmus+ mellom Griegakademiet ¿ Institutt for musikk og Uniwersytet Wroclawski
Slovakia
Slovenia
Spania
Storbritannia og Nord-Irland
Sveits
Sverige
Tsjekkia
Tyskland
Hochschule für Musik 'Franz Liszt' Weimar og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (ERASMUS+)
Hochschule für Musik und Theater Hamburg og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (ERASMUS+)
Hochschule für Musik, Theater und Medien Hannover og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (ERASMUS+)
Johannes Gutenberg-Universität Mainz og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (ERASMUS+)
Robert-Schumann-Hochschule Düsseldorf og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (ERASMUS+)
Staatliche Hochschule für Musik Freiburg og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (ERASMUS+ - Staatliche Hochschule für Musik Freiburg)
Østerrike
Anton Bruckner Privatuniversität og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (ERASMUS+)
Universität Mozarteum Salzburg og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (ERASMUS+)
Universität für Musik und darstellende Kunst Graz og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (ERASMUS+)
Universität für Musik und darstellende Kunst in Wien og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (ERASMUS+)
Oppbygging
Studieretning (krav 120 SP) | ||||||||
Masterprogram i utøvande musikk - utøving (krav 120 SP) | ||||||||
Obligatorisk emne | ||||||||
Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
MUV301 | Prosjektarbeid I, innføring i arbeidsmetodar | 15 | 1–4 | 1 | ||||
MUV302 | Prosjektarbeid II | 15 | 1–4 | 2 | ||||
MUV310 | Konsertframføring I | 15 | 1–4 | 1 | ||||
MUV311 | Konsertframføring II | 15 | 1–4 | 2 | ||||
MUV351 | Masterprosjekt | 20 | 1–4 | 3 | ||||
MUV352 | Mastereksamen i utøving eller komposisjon | 40 | 1–4 | 3 | ||||
Masterprogram i utøvande musikk - komposisjon (krav 120 SP) | ||||||||
Obligatorisk emne | ||||||||
Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||
MUV301 | Prosjektarbeid I, innføring i arbeidsmetodar | 15 | 1–4 | 1 | ||||
MUV302 | Prosjektarbeid II | 15 | 1–4 | 2 | ||||
MUV315 | Spesialemne I for komponistar | 15 | 1–4 | 1 | ||||
MUV316 | Spesialemne II for komponistar | 15 | 1–4 | 2 | ||||
MUV351 | Masterprosjekt | 20 | 1–4 | 3 | ||||
MUV352 | Mastereksamen i utøving eller komposisjon | 40 | 1–4 | 3 | ||||
Masterprogram i utøvande musikk - Nordic Folk Music (krav 120 SP) | ||||||||
Obligatorisk emne | ||||||||
Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||
MOB301 | Folk Music Theory and Practice | 30 | 1 | |||||
MOB350 | Instrumental Studies and Ensemble | 60 | 1 | |||||
Nordic Folk Music - frie studiepoeng (krav 30 SP) | ||||||||
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester |