Hjem

Norrøn filologi, master, 2 år

Frå den tidlege vikingtida til slutten av mellomalderen delte Noreg, Island og Vesterhavsøyane éin språkleg og litterær kultur. Norrøn filologi er studiet av dette språket, dei skriftlege kjeldene og kulturen dei spring ut av.
  • Lengde2 År
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust og Vår

Hovedinnhold

Kva lærer du?  

På masterprogrammet i norrøn filologi lærer du å arbeide med tekstar på ein grundig måte og ta kritisk stilling til historiske kjelder og tolkingar. Du får spisskompetanse for å arbeide med dei norrøne kjeldene i original språkform. Samtidig kan du spesialisere deg på fleire område: Det kan mellom anna vere runeinnskrifter frå vikingtida, pergamenthandskrifter frå mellomalderen eller yngre islandske papirhandskrifter. Sistnemnde er eit eksempel på den lange ettermellomalderlege resepsjonen av den norrøne litteraturen og kulturen – norrøne masteremne kan også forske på bruken av mellomalder i moderne media, for eksempel i romanar, film eller dataspel.  

Du får 

  • god kunnskap om norrøne kjelder  
  • overblikk over dei viktigaste hjelpemidla til faget og lære å bruke dei sjølvstendig 
  • brei, generell kunnskap om sentrale teoriar, terminologi og metodar innanfor norrøn filologi  
  • evne til å kritisk vurdere tolkingar innanfor ditt eige fagområde  
  • evne til å planlegge og fullføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt   

Studiekvardag 

Masterprogrammet i norrøn filologi er eit fulltidsstudium. I det norrøne fagmiljøet er det god kontakt mellom studentar og tilsette, du kan komme på møte i relevante forskargrupper og delta på konferansar, ekskursjonar og i andre forskings- og formidlingsaktivitetar. Miljøet har veldig god kontakt både med samlingar og museum i byen, sterke internasjonale nettverk og arrangerer ein internasjonal konferanse for master- og ph.d.-studentar i norrøn filologi. 

Faget inngår i det større, tverrfaglege forskingsfeltet Medieval Studies. Som masterstudent i norrøn filologi er difor Mellomalderklynga i Bergen ein viktig ressurs med mange ekstra tilbod og høve til å engasjere seg. Det er god kontakt med musea i byen og handskriftsamlingane ved universitetet, og kvart år blir det arrangert ei spennande mellomalderveke.  

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. 

Kva kan du jobbe som? 

Samfunnet treng personar som har humanistisk danning og innsikt i historiske samanhengar. Mellomalderen er ein epoke som var formativ for heile Europa og som fenger stadig nye generasjonar, slik som vi ser i aktuell litteratur, teater, filmar og seriar, dataspel og mange reenactment-grupper, og innan ein aukande kulturturisme.  

Miljøet har stort fokus på å sette deg i kontakt med mogelege framtidige arbeidsgjevarar. Utdanninga kvalifiserer for eller er relevant for arbeid i  blant anna: 

  • bibliotek, arkiv og samlingar 
  • forsking og undervisning 
  • museum  
  • kommune og fylke  
  • forlag, tidsskrift og aviser 
  • media 
  • turisme 

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging 

Arbeidet med masteroppgåva (60 studiepoeng) går parallelt med kursdelen (60 studiepoeng) gjennom dei fire semestera. Du planlegg og utfører prosjektet ditt sjølvstendig, med rettleiing frå 1-2 forskarar. Det finst mange moglege emne å ta av, slik at du får høve til å arbeide med noko du verkeleg interesserer deg for.  

1. semester

2. og 3. semester  

4. semester  

  • Fullføring av masteroppgåva (60 studiepoeng)   

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. UiB har utvekslingsavtalar over heile verda, og norrøn filologi samarbeider med mange internasjonale universitet. For deg som tar norrøn filologi kan det for eksempel vere interessant å reise til Island, Tyskland eller Storbritannia i 2. eller 3. semester. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Ein mastergrad i norrøn filologi kan kvalifisere for søknad til ph.d.-program

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 70 

E-post: studierettleiar.lle@uib.no 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen

Søk her