Hjem

Religionsvitskap, master, 2 år

I ei stadig meir globalisert verd med religiøs vald, krig og migrasjon er det behov for kunnskap om korleis religiøse verdisyn provoserer og motiverer menneske.
  • Lengde2 år
  • Plassar10
  • SpråkEngelsk, Norsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Religion blir forma av samfunnet og samfunnet blir påverka av religion. Dette skapar utfordringar som krev ei djup forståing av tro og livssyn gjennom historia – og i forskjellige kulturar.  

Religionsvitarar nærmar seg til desse spørsmåla utanfrå, utan å nødvendigvis sjølv ta ein religiøs ståstad. Dette er spesielt verdifullt i arbeid med å forebygge eller løyse konfliktar med religiøse overtonar.  

Religion er vevd inn i kunst og politikk, familieliv og krigføring, økonomi og lovgiving, etikk og underhaldning, arbeid og vitskap. Religionsvitskap er et samanliknande, krysskulturelt og historisk fag. Religionsvitarar studerer alle deler av verda, til alle tider. Faget bygger på og bruker eit mangfald av ulike vitskapelege teoriar og metodar. Religionsvitskap ved UiB er eit av dei fremste fagmiljøa i Europa for det samanliknande studiet av religion som kulturfenomen.  

Fagside for religionsvitskap

Aktuelle spørsmål innan faget er: 

  • Korleis har ideen om religionsfridom kome opp og spreidd seg?  
  • Korleis kan ein undervise om kontroversielle spørsmål i religionsundervisinga?  
  • Kva er sjamanisme? 

Bli betre kjend med dei ansatte på religionsvitskap

ReligionsOraklene: spørsmål og svar om religion, ved religionsforskarane ved UiB

Jobb

Ein mastergrad i religionsvitskap kvalifiserer til undervisning og for variert arbeid både i offentleg og privat sektor.  

Våre tidlegare studentar finn du innan: 

  • utanrikstenesta 
  • bistand 
  • innvandringsrelatert arbeid 
  • media 
  • reiseliv 
  • offentleg forvaltning 
  • organisasjonsliv 
  • politikk 
  • museum 
  • ungdomsskulen, den vidaregåande skulen eller i andre utdanningsinstitusjonar 
  • forsking på religionsfeltet

Gjennom masterprogrammet får du kompetanse som arbeidsgivarar set pris på: Du kan handsame store informasjonsmengder, argumentere munnleg og skriftleg med utgangspunkt i dokumentasjon og vitskapeleg forsking, og du kan sjølvstendig teoretisk tenking.  

Med ein master i religionsvitskap forstår du menneskeleg åtferd i sine kulturelle og religiøse kontekstar. Utdanninga er relevant for arbeid innanfor kulturliv, media og til stillingar der dokumentert evne til skriftleg og munnleg formidling og innsikt i religionsvitskapen sine forskingsmetodar er relevante.

Om du vil bli lærar må du ta eit år med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Du kan ta doktorgrad ved å søke opptak til ph.d.-programmet.  

Les intervju med tidlegare studentar. 

Oppbygging 

Masterprogrammet i religionsvitskap er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august.     

Studiet er delt i ein kursdel (år 1) på 60 studiepoeng, og ein oppgåvedel (år 2) på 60 studiepoeng. 

Eit masterprogram i religionsvitskap kan sjå slik ut: 

1. semester:  

  • RELV301 Religionsvitskapleg teori (obligatorisk) (15 studiepoeng)
  • Valemne (15 studiepoeng)
  • AHKR300 Forskingsetikk (obligatorisk) 1. eller 2. semester - (0 studiepoeng)

2. semester:  

  • RELV306 Religionsvitskaplege forskingsmetodar (obligatorisk) (15 studiepoeng)
  • Valemne (15 studiepoeng)

3. og 4. semester:  

  • RELV350 Religionsvitskap mastergradsoppgåve (obligatorisk) (60 studiepoeng)

Studiekvardag 

Som masterstudent i religionsvitskap blir du del av eit godt læringsmiljø på Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Studentane våre melder at dei set pris på den faglege breidda og dei flinke forelesarane, og du får god tid til å gå i djupna på eit tema på masteroppgåva.   

Masterprogrammet har undervisning i form av forelesingar og seminargrupper, cirka 5 timar kvar veke. I tillegg er det feltarbeid, mykje sjølvstudium og skriving av ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Litteraturen er på engelsk og norsk. 

Som masterstudent får du eigen pult på lesesalen. 

Feltarbeid 

I det valfrie emnet RELV303FELT skal du planlegge, gjennomføre og dokumentere ei intervjustudie eller feltarbeid av minimum 2 månaders lengde i samband med masteroppgåva. Du kan søkje instituttet om økonomisk støtte til arbeidet med masteroppgåva.  

Masteroppgåve 

Du har dei to siste semestera til å skrive masteroppgåva, som er på 60 studiepoeng. Men allereie første veka i første semester arrangerer vi eit «bli kjent- og fordelingsmøte» kor du får tildelt ein rettleiar. Der ser vi på kva emne du har tatt tidlegare, faglege interesser og språkkunnskapar.  

Dette forskar våre tilsette på. 

Kva lærer du

Ein ferdig utdanna masterstudent i religionsvitskap 

  • kan anvende sine kunnskapar og ferdigheitar til å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekter innafor nye områder.  
  • kan handsame og analysere store informasjonsmengder gjennom forskjellege vitskapelege metodar.  
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid både til spesialistar og til den allmenne offentlegheita.  

Full liste med læringsutbyte

Utveksling 

Du kan reise på utveksling til Danmark, Nederland, Storbritannia, Sverige, Tyskland eller Ungarn. Det er lagt opp til at du kan reise ut i eitt semester.  

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her