Hjem

Russisk, master, 2 år

Russisk er eit språk vi vil få meir bruk for etter kvart som samarbeidet med Russland aukar. Masterprogrammet i russisk går bakom nyheitene og forsøker å forstå dei lengre linene og djupare perspektiva i dagsaktuell tematikk
  • Lengde2 år
  • Plassar5
  • SpråkNorsk, russisk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Russland er det største nabolandet vårt. Men kvifor er det så få som har innsikt i russisk kultur og samfunnsliv, og som snakkar språket? Russisk er eit verdsspråk med 140 millionar morsmålsbrukarar både i og utanfor Russland, og eit viktig kommunikasjonsspråk for over 100 millionar menneske i Aust-Europa og Asia.  

Russiskfaget går bakom nyheitene og forsøker å forstå dei lengre linene og djupare perspektiva i dagsaktuell tematikk. Vi arbeider historisk med utviklinga av språket, litteraturen og kulturen. Vi ser òg på samanhengen mellom kultur, språk og samfunn, eller samanliknar russiske forhold med andre land.  

Russisk er eit språk vi vil få meir bruk for etter kvart som samarbeidet med Russland aukar innanfor næringsliv, kultur og samfunn. Studiet gir kompetanse som er viktig innanfor journalistikk, diplomati, forlagsbransjen, internasjonale organisasjonar og næringsliv.  

Masterprogrammet i russisk gir praktiske og teoretiske språkkunnskapar som er sentrale i yrker innanfor diplomati, utdanning, forvaltning, kultursamarbeid, journalistikk og internasjonalt organisasjonsliv. 

Jobb 

Med mastergrad i russisk vil du kunna undervise i russisk på høgare nivå.  

Andre yrkesvegar kan til dømes vere arbeid innanfor  

  • kulturformidling 
  • forlagsverksemd 
  • media 
  • diplomati 
  • internasjonalt organisasjonsliv 
  • offentleg forvaltning 
  • omsetjing, tolking 
  • forsvaret 
  • næringsliv 

Studiet kan dessutan danne grunnlag for forskarutdanning i russisk språkvitskap, litteraturvitskap eller kulturforsking som leier fram til ein doktorgrad (ph.d.-grad.).

En doktorgrad kvalifiserer til vitskapleg stilling ved høgskule/universitet og til høgare stillingar i offentleg og privat sektor som stiller høge krav til forskingskompetanse, analyse og problemløysing. 

Les intervju med Siri-Lill Mannes om hennar russiskstudiar i Bergen. 

Oppbygging

Masterprogrammet i russisk er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august og januar. 

Studiet er oppbygd slik: 

1. semester (haust)  

  • RUS301 Russisk språkhistorie og språkstruktur(lenke på alle emnene) (15 studiepoeng)  
  • RUS302 Tekst og skriftleg russisk (15 studiepoeng)  

2. semester (vår)  

  • RUS303 Særemne i russisk språk-, litteratur- eller kulturvitskap (15 studiepoeng)  
  • godkjend(e) valemne på til saman 15 sp:  
    • RUS306 Særemne (15 studiepoeng)  
    • RUS307 Særemne (5 studiepoeng) 
    • ALLV201 (15 studiepoeng)  
    • LING311 (10 studiepoeng) + DASP307 (5 studiepoeng) eller  
    • eit anna godkjend valemne som blir tilbode ved UiB eller ved eit anna universitet  

3. semester (haust) og 4. semester (vår)  

  • RUS350 Masteroppgåve (60 studiepoeng)

Sjå oversikt over alle kurs

Studiekvardag

På masterprogrammet i russisk blir du del av ei lita, men engasjert gruppe masterstudentar. Du får god kontakt med forelesarane, som integrerer forskingsarbeidet sitt i undervisning og rettleiing. Du får innsikt i både den historiske delen av faget, men også dagsaktuell tematikk. Fleire av forskarane ved russiskfaget arbeider med samtidsrelatert materiale.  

Det studentane våre trekk fram særleg bra ved dette studiet er:  

  • den grundige skoleringa i russisk språk- og litteraturvitskap 
  • fokus på samtidstematikk 
  • mastergradsoppgåveseminara, der dei får trene seg på å presentere, gi og ta imot kritikk og tilbakemeldingar 

Arbeidsmengde 

Masterprogrammet har undervisning i form av forelesingar og  seminargrupper, cirka 6 timar kvar veke. I tillegg  blir det munnleg russisk, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.  

Du skal òg skrive ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Undervisninga er på norsk og russisk. Litteraturen er på russisk, engelsk og norsk.  

Som masterstudent får du eigen pult på lesesalen.  

Feltarbeid 

Mange masteroppgåvetema opnar opp for eigne feltstudiar. Desse bør du gjennomføre i tredje semester (første semester av “skriveåret”). Avhengig av kor omfattande feltarbeidet er, kan det vare frå 1–4 månader. Du kan søkje instituttet om pengestøtte. 

Masteroppgåve 

I arbeidet med masteroppgåva får du høve til å gå i djupna på eit sjølvvalt tema innan språkvitskap, litteraturvitskap eller kulturstudium. Sjølve masteroppgåva skriv du på to semester om du studerer på fulltid. Masteroppgåva er eit forskingsprosjekt på eit emne du er interessert i. Du vel tema i samråd med rettleiaren, som du får oppnemnt når du utviklar prosjektskissa i andre semester. Det er ikkje vanleg å skrive oppgåve i samarbeid med eksterne aktørar. Det er mykje sjølvstendig arbeid med oppgåva, men du vil få god hjelp av rettleiar.  

Kva lærer du? 

Russiskstudiet skal auke dei teoretiske kunnskapane, øve opp evna til kritisk refleksjon og gje ei grunnleggjande forskarskolering som set deg i stand til å leggje fram, diskutere og drøfte faglege problemstillingar.  

Etter gjennomført masterprogram har du:  

  • Fordjupa innsikt om russisk språk, kultur og samfunn.  
  • Ei kritisk, reflektert og analytisk haldning til kjelder, teoriar, tolkingar og metodar innanfor studiet sine fagområde.  
  • Evne til å delta i faglege diskusjonar og ta del i den offentlege debatten når denne rører ved fagområdet  

Full liste med læringsutbyte

Utveksling 

Vi ser veldig gjerne at du tar delar av programmet som utvekslingsstudent i eit anna land. Vi legg til rette for at du reiser ut i eitt semester til Russland, Ukraina og andre europeiske land som tilbyr russiskstudiar.  

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle

Søknadsfristen er 15. april.

Søk her