Berekraft, master, 2 år
- Lengde2 År
- KarakterkravMinimum C
- Studiepoeng120
- StartHaust
Hovedinnhold
Kva skal til for å løyse framtidas utfordringar utan å øydelegge vilkåra for levande liv på denne kloden? Korleis skapar vi dei beste berekraftige løysingane? Masterprogrammet i berekraft lar deg arbeide med desse spørsmåla med ei tverrfagleg tilnærming.
Studiet gir deg unike høve til å gjennomføre ditt eige mastergradsprosjekt og gir deg etterspurd kompetanse innan eit felt i sterk utvikling.
Studiet gir deg djup kunnskap om dei viktigaste spørsmåla og utviklingstrekka innanfor berekraft. Vi tenker berekraft som eit tverrfagleg felt, sidan dei gode løysingane sjeldan kjem frå eitt perspektiv åleine.
Masterprogrammet tar for seg korleis samfunn, politikk, vitskap og lovverk saman kan bidra til ei meir berekraftig verd. Og du får høve til å studere dette på tvers av fagfelt som til dømes biologi, juss, klimavitskap, historie og samfunnsvitskap.
I løpet av studiet vel du å spesialisere deg innan eitt av desse felta:
- Globale samfunnsutfordringar
- Klima og energiomstilling
- Marin berekraft
Medstudentane dine har bakgrunn frå ulike disiplinar og fagfelt. På studiet vil vi aktivt utforske og forfølge spørsmål som:
- Kva er berekraft, og korleis har omgrepet “berekraft” utvikla seg over tid?
- Kva er dei viktigaste berekraftsutfordringane på felt som klima, energi, marin biologi, og global utvikling?
- Korleis utspelar berekraft seg i forholdet mellom juss, politikk og vitskap?
- Korleis kan ein arbeide på tverrfagleg vis for å nå berekraftsmål?
- Kva er tilhøvet mellom teoretisk kunnskap og praksis på berekraftsfeltet?
Masterprogrammet passar for deg som har ei interesse for berekraft og som har bachelorgrad.
Les meir: Master i berekraft – eit studium for framtida
Meir informasjon under

Meir informasjon under
Karriere
Berekraft er blitt ein integrert del av strategiane til styresmakter, offentlege verksemder og i mange delar av næringslivet.
Med master i berekraft vil du kunne arbeide innan alle arbeidsområde der tverrfaglege rammer og berekraftsmål er viktig, til dømes
- offentlege, private eller ideelle organisasjonar
- offentleg administrasjon,
- internasjonale organisasjonar,
- media
- private selskap
- tenketankar
Du vil òg få ei relevant utdanning til å halde fram i ei forskings- og utdanningskarriere, gjennom til dømes doktorgradsarbeid.
Oppbygging
Masterstudiet består av 120 studiepoeng og tar to år å gjennomføre. Studielaupet går slik:
- Første semester: Obligatoriske kurs (innføring, vitskapsteori og systemdynamisk metode)
- Andre semester: Spesialisering innanfor eitt av tre område: Klima og energiomstilling, Marin berekraft eller Globale samfunnsutfordringar. Sjå moglege valemne.
- Tredje og fjerde semester: masteroppgåve (praksisbasert oppgåve eller forskingsoppgåve)
Studiekvardagen
Undervisninga er delt mellom klassiske førelesingar og studentleia aktivitetar. Ei typisk veke dei første to semestra består av to dagar med førelesing, to dagar med seminarundervisning, og ein dag med eigendefinert studium. Under seminara vil du få høve til å gi og få respons på arbeidet ditt saman med dine medstudentar.
Første semester har mest fokus på obligatoriske emne, mens andre semester fokuserer på spesialisering. I tredje og fjerde semester vil du få gjennomføre ditt eige master-prosjekt. Dette kan vere i form av eit forskingsprosjekt, eller som praksis-utplassering. Samstundes vil du fortsette å delta i felles seminar med fokus på kjernestoff frå studiet.
Studiet legger opp til aktiv deltaking frå deg som student. Vi kombinerer klasseromsundervising med praktiske øvingar kring aktuelle og relevante problem. Du vil fokusere på berekraft gjennom problembasert læring, saman med medstudentar og fagpersonar, og i møte med forskarar, entreprenørar, aktivistar og politikarar.
Du vil få innføring i metodeverktøy som let deg forstå komplekse system, og korleis du kan bruke desse til å utforske berekraftsproblem og løysingar på desse. I arbeidet med sjølve masteroppgåva vil du få valet mellom å skrive ei teoretisk oppgåve eller ei praksis-basert oppgåve med høve til for praksisopphald - også i utlandet.
Meir informasjon under
Kva lærer du?
Etter fullført master i berekraft har du:
- Kunnskap om utviklingstrekk frå innføringa av omgrepet om berekraftig utvikling, fram til FNs Berekraftsmål.
- Kunnskap om korleis berekraft har arta seg på dei tre felta Klima og energiomstilling, Marin biologi, og Globale samfunnsutfordringar.
- Lært å kritisk bruke kunnskap frå ulike kjelder, og sjå desse i forhold til berekraftsspørsmål.
- Praktisk erfaring med å arbeide i tverrfaglege team.
- Praktisk erfaring med, og teoretisk innsikt i systemtenking, modellering, scenarier og narrativ brukt på berekraftsproblematikk.
- Praktisk og teoretisk kunnskap om omgrep kring risiko, usikkerheit og mangel på kunnskap, og korleis dette verkar inn på praktisk handling og utforminga av politikk.
Utveksling
Som del av graden kan du studere eitt semester i utlandet. UiB har samarbeidsavtalar med ei rekke utanlandske universitet med studieprogram på berekraftsområdet.
Korleis søke om å reise på utveksling?
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke?
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle
Alle som har gjennomført ein bachelorgrad kan søke. Vi ønskjer ei god fagleg samansetting av studentar, og oppfordrar personar frå både samfunnsvitskaplege og humanistiske fag, ulike natur- og teknologifag, juridiske fag og andre til å søke.
Søknadsfristen er 15. april.