Hjem

Spansk språk og latinamerikastudium, master, 2 år

I masterprogrammet spansk språk og latinamerikastudium kan du fordjupe deg i det spanske språket, i latinamerikansk litteratur, og studere nærare dei historiske prosessane som førte til dei enorme skilnadane vi ser mellom fattig og rik i Latin-Amerika i dag.
  • Lengde2 År
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkSpansk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust (opptak vår dersom ledige plassar)

Hovedinnhold

Spansk er morsmål for nærare 500 millionar menneske. Det er det andre mest brukte talespråket i verda, og det tredje mest brukte språket på internett. Noreg har sterke band til Latin-Amerika og mange interesser i området gjennom investeringar, menneskerettsarbeid og arbeid for demokratiseringsprosessar. 

Viktige spørsmål vi drøftar er:  

  • Korleis kan historiske prosessar forklare dei enorme skilnadane mellom fattig og rik i Latin-Amerika i dag?  
  • På kva måte representerer litteraturen ei samansmelting av det rike mangfaldet av kulturar og folkegrupper på kontinentet?  
  • Korleis utviklar det spanske språket seg i ei stadig meir globalisert verd? 

Som masterstudent ved Institutt for framandspråk blir du ønskt velkomen i eit internasjonalt og pulserande miljø. 

Jobb

Med mastergrad i spansk språk og latinamerikastudium kan du få jobbar i både privat og offentleg sektor.  

Våre kandidatar jobbar innan omsetting, eksportindustri, offentleg administrasjon, undervisning og i humanitære organisasjonar – både i utlandet og i Noreg. 

Med ei mastergrad kan du halde fram innan akademisk forsking ved å ta ei forskarutdanning (ph.d.).

Meir informasjon under

Oppbygging 

Programmet omfattar to akademiske år (fire semester) og startar om hausten. Programmet inneheld fem emnemodular som høyrer til eit av dei følgande fagområda språk, litteratur, kulturstudium. 

1. semester (haust) 

  • SPLA311 Trender i moderne spansk lingvistikk: teori og metode (10 studiepoeng) 
  • SPLA312 Latinamerikansk litteratur: tilnærmingar og metodar (10 studiepoeng) 
  • SPLA313 Stemmer i latinamerikansk historie (10 studiepoeng) 

 2. semester (vår) 

  • SPLA314 Prosjektdesign og forskingformidling for latinamerikastudium (10 studiepoeng) 

  • SPLA315 Spesialisering i Latinamerikastudium (20 studiepoeng) 

3. og 4. semester (haust og vår) 

  • SPLA350 Mastergradsoppåve i spansk og latinamerikastudium (60 studiepoeng) 

Sjå oversikt over alle emne

Meir informasjon under

Velg Språk!

Produsent:
Flimmer Film

Studiekvardag

Institutt for framandspråk finn du i HF-bygget på universitetsområdet i sentrum av Bergen. Alle masterstudentar vil få tilbod om eigen lesesalsplass, og du kan ta del i eit aktivt studiemiljø med studentar og tilsette frå heile verda. Kontakten mellom studentar og tilsette er uformell, og stemninga er god. 

Undervisinga skjer gjennom førelesingar, seminar, gruppearbeid og individuell rettleiing. Vi tilrår sterkt at du møter til alle former for undervisning. Masterstudentane må òg møte til ein heildagskonferanse i slutten av sitt andre semester før ein tar til arbeidet med masteroppgåva.  

Du må kunne arbeide sjølvstendig, då gjennomføringa av studieprogrammet krev mykje lesing, forsking og akademisk skriving. Hugs at du alltid kan snakke med dei andre studentane, studierettleiar eller andre tilsette om du kjenner at du ikkje kjem deg vidare og treng støtte.

Om du vil påverke utviklinga av dette studieprogrammet, kan du stille som studentrepresentant i programstyret for spansk språk og latinamerikastudium, eller du kan arrangere sosiale og akademiske treff som medlem av fagutvalet for spansk språk.  

Masteroppgåva

Det andre året av studieprogrammet brukar du til å skrive masteroppgåva (60 studiepoeng). Du får individuell rettleiing gjennom heile forskings- og skriveprosessen. Det er òg mogleg å søke om økonomisk støtte til feltarbeid. 

Masteroppgåva er eit sjølvstendig vitskapleg forskingsprosjekt om eit tema du vel frå eit av dei tre hovudemna i programmet:  

  • spansk lingvistikk 
  • latinamerikansk litteratur  
  • latinamerikansk historie og kulturkunnskap 

Masteroppgåva skal skrivast på spansk og ha eit omfang på mellom 70 og 100 sider.   

Kva lærer du? 

Masterprogram i spansk språk og latinamerikastudium tek opp ulike emne frå det geografiske området Latin-Amerika, i tillegg til at det er eit studieprogram med vekt på språk og språkkunnskapar. Fokuset er på Latin-Amerika, og i tillegg til språk og litteratur er kulturkunnskap eit viktig forskingsfelt ved instituttet. God skrivekompetanse kjenneteiknar studentane våre. 

  • Du lærer om spansk lingvistikk og om latinamerikansk litteratur, historie og kultur.  
  • Du utviklar lingvistisk og analytisk kompetanse, slik at du kan handtere spørsmål og forskingsarbeid. 
  • Du utviklar ei kritisk og sjølvstendig forståing av emna.  
  • Du utviklar kulturell kompetanse, og vil bli god til å handtere og strukturere informasjon.  

Fullstendig liste over læringsutbytte

Utveksling 

Du kan velje å ta andre semester som utvekslingsstudent ved eit av partnaruniversiteta våre i Mexico, Peru, Argentina, Spania eller Chile.

Mange av studentane legg inn eit par månaders feltarbeid samstundes som dei jobbar med masteroppgåva. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle

Søknadsfristen er 15. april.

Søk her