Hjem
Utdanning

Studieplan for MAHF-SPLA Spansk språk og latinamerikastudium, master, 2 år, haust 2019

Namn på grad

Master i spansk og latinamerikastudium

Omfang og studiepoeng

Studiet har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til to år på full tid.

Fulltid/deltid

Fulltid. Om du vil ta heile eller delar av studiet som eit 50% deltidsstudium, må du levere formell søknad til instituttet. Les meir om dette i Rutinar for masterstudiet ved HF.

Undervisningsspråk

Spansk

Studiestart - semester

Haust. Det kan vere aktuelt å ta opp studentar også i vårsemesteret. Ta kontakt med studierettleiar ved spørsmål om opptak.

Mål og innhald

Mål:

Spansk er dagleg bruksspråk for nærare 500 millionar menneske. På verdsbasis er interessa for spansk stor, og Noreg har eit aktivt tilhøve til Latinamerika via investeringar, miljøsatsing, menneskeretts- og demokratitiltak. Solide kunnskapar om spansk språk og Latin-Amerika kan gje deg gode arbeidsutsikter i ei verd der språkkunnskap og interkulturell kompetanse er viktigare enn nokon gong.

Programmet sitt læringsmål er å gje kunnskap om og teoretisk innsyn i Latin-Amerikas språk, litteratur, historie og kultur. Programmet kombinerer tre disiplinar, språk, litteratur og historie, med sikte på å utvikle analytiske og metodiske evner som gjer denne kunnskapen nyttig i både norsk og internasjonal samanheng.

Innhald:

Det første året av programmet inneheld emne på til saman 60 studiepoeng som har som mål å gje studenten teoretisk og metodologisk grunnlag for å kunna utføre sjølvstendig forskingsarbeid innan latinamerikastudier. Gjennom teoretiske og praktiske tilnærmingar vil studenten kunne utvikle god evne til kritisk tolking og analyse av spanskspråklege tekstar i vid meining.

I det andre året i programmet er føremålet å skrive ei masteroppgåve. Arbeidet med masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng. Emnet for oppgåva skal liggje innanfor tematikken i studieprogrammet (spansk språk, latinamerikansk litteratur, historie eller kultur). Det er også mogeleg å skrive masteroppgåve med ei fagdidaktisk vinkling. Oppgåva skal vise studentane si evne til å gjere vitskapleg utgreiings- og forskingsarbeid ved å analysere kritisk større mengder informasjon.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha

følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, kompetanse og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har solid kunnskap innan spansk lingvistikk og latinamerikansk kultur- og litteraturstudium.
  • har inngåande kunnskapar om fagområdet som vedkjem vitskaplege teoriar og metodar.
  • kan bruke kunnskapen på nye område innanfor språk, litteratur, historie og kultur.

Kompetanse

Studenten

  • har utvikla ei sjølvstendig og kritisk forståing av forskingstradisjonar innanfor studiet
  • har utvikla vidare den språklege kompetansen frå grunnutdanninga.
  • kan på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av eit relevant materiale frå éin av dei tre hovuddisiplinane.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar.
  • kan bruke kunnskapane sine og kompetansen sin på nye område for å gjennomføre spesialiserte arbeidsoppgåver og prosjekt.
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor fagområdet, både generelt og med spesialistar.
  • kan yte tilskot til nytenking og innovasjonsprosessar.

Opptakskrav

Grunnlaget for opptak til masterstudiet er bachelorgrad eller tilsvarende med spesialisering på minst 80 studiepoeng i spansk og latinamerikastudium, med snittkarakter C eller betre på dei emna som inngår i spesialiseringa. 

Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogrammet i spansk og latinamerikastudium på anna grunnlag, blir oppmoda til å søkje om godkjenning innan 1.mars for opptak i haustsemesteret. Søknaden må innehalde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og emneomtalar for dei emna søkjaren meiner skal kome i staden for ei ordinær spesialisering. Godkjenninga må leggjast ved søknaden til masterprogrammet. Sjå den enkelte studieprogramsida for meir informasjon og fristar.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisning skjer på spansk og føreset solide spanskkunnskapar.

Innføringsemne

Det er ingen innføringsemne til masterstudiet.

Obligatoriske emne

SPLA311 - Teori og metode i spansk lingvistikk (H - 10 stp)

SPLA312 - Teori og metode i latinamerikansk litteraturvitskap (H - 10 stp)

SPLA313 - Teori og metode i latinamerikansk historie (H - 10 stp)

SPLA314 - Prosjektdesign og forskingformidling for latinamerikastudium (V - 10 stp)

SPLA315 - Spesialisering i latinamerikastudium (V - 20 stp)

SPLA350 - Mastergradsoppgåve i spansk og latinamerikastudium (H og V - 60 stp)

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølgje for emna i studiet:

1. semester (haust)

  • SPLA311 - Teori og metode i spansk lingvistikk (10 stp)
  • SPLA312 - Teori og metode i latinamerikansk litteraturvitskap (10 stp)
  • SPLA313 - Teori og metode i latinamerikansk historie (10 stp)

2. semester (vår)

  • SPLA314 - Prosjektdesign og forskingformidling for latinamerikastudium (10 stp)
  • SPLA315 - Spesialisering i Latinamerikastudium (20 stp)

3. semester (haust)

  • SPLA350 - Masteroppgåve i spanskog Latinamerikastudium

4. semester (vår)

  • SPLA350 - Masteroppgåve i spansk og Latinamerikastudium

Alle som har studieplass på masterstudiet, har rett til individuell rettleiing i samsvar med ressursane på faget. Student og fagmiljø skal teikne ein forpliktande rettleiingskontrakt seinast i andre semester, som regel etter vurdering av prosjektskissa og alltid i samsvar med ressursane på faget. Tema for masteroppgåva skal godkjennast av rettleiar.
Tildeling av rettleiar skjer på bakgrunn av ressursane på faget. Det er mogleg for studenten å byte tema undervegs. Ved byte av rettleiar skal ny rettleiingskontrakt underteiknast.

Faget rår til at eventuelt studieopphald i utlandet skjer i 2. semester.

Alle emna i kursdelen (totalt 60 stp) må være fullførte før innlevering av masteroppgåva.

Delstudium i utlandet

Det er tilrådd og tilrettelagt for at studentane tar delar av programmet som utvekslingsstudent i eit anna land.


Faget rår til at eventuelt studieopphald i utlandet skjer i 2. semester.

Tilrådde utvekslingsstader finn ein på nettsida til studieprogrammet

Ein kan òg velja frå Universitetet i Bergen sine avtalar med studiestader i heile verda. All informasjon om utveksling finn ein på www.uib.no/utveksling.

.

Arbeids- og undervisningsformer

Gjennom ulike undervisingsformer får studentane høve til å studere faget på ulike måtar. Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane. 

På dei aller fleste emna på programmet er det førelesingar og seminar der frammøte er sterkt tilrådd.

Arbeidsmetodar er førelesingar/seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring og rettleiing.

Rettleiing per e-post/telefon blir berre gjeve i særhøve, og då etter godkjenning av søknad til instituttet.

For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Vurderingsformer

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve,  heimeeksamen, munnleg eksamen. Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.

For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane. 

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

  • A-F, der F er stryk
  • greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål og vitnemålstillegg blir skrive ut etter at graden er fullførd.

Grunnlag for vidare studium

Fullført masterprogram med gode resultat kvalifiserer til å søkje om opptak på doktorgradsstudium i relevante fag.

Studentar som planlegg å ta PPU, må syte for å få dekka opptakskrava gjennom studietida. Informasjon finn ein på www.uib.no/studieprogram/PRAPED

Relevans for arbeidsliv

Av relevante yrkesalternativ kan nemnast: forskings- og undervisningsarbeid ved høgskule og universitet, undervisningsarbeid i grunnskule og ved vidaregåande skule, omsetjingsarbeid, bibliotek, massemedia, forlag, reiseliv, næringsliv, offentlege institusjonar (medrekna utanrikstenesta), hjelpearbeid og liknande.

Evaluering

Masterprogrammet blir evaluert kontinuerleg i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om autorisasjon eller vurderingar av kor skikka kandidatane måtte vere for ulike arbeidsoppgåver.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk ved Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

studierettleiar@if.uib.no
Tlf. 55 58 93 70

Læremiddelomtale

Litteraturliste finn ein på Mitt UiB

Lista vil vere klar innan 01.06 / 01.12 for det komande semesteret.