Hjem

Tysk, master, 2 år

Med mastergrad i tysk får du etterspurt undervisingskompetanse, og eit solid grunnlag for arbeid i næringslivet eller kulturformidling med søkelys på det tyskspråklege Europa.
  • Lengde2 År
  • KarakterkravMinimum C
  • Språktysk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust (opptak vår dersom ledige plassar)

Hovedinnhold

Med mastergrad i tysk får du oppleve og utforske dei tysktalande landa frå innsida, gjennom kjeldespråket og ikkje gjennom omsettingar.  

Kunnskap om tysk er avgjerande for eit lite land som Noreg. Både fordi tyskspråklege land spelar ei viktig rolle i det moderne Europa og fordi Tyskland er Noregs nest største handelspartnar. 

Å skrive masteroppgåve er eit forskingsprosjekt på eit emne du er interessert i.  Eksempel på masteroppgåvetema: 

  • Automatisk omsetting av reiselivsnettstader 
  • Herta Müllers autofiksjon-litteratur og demokratikritikk av det totalitære regimet i Romania  
  • Litteratur og filmar av andregenerasjons innvandrarar til Tyskland, f. eks. filmregissør Fatih Akin 

Med mastergrad i tysk får du etterspurd undervisingskompetanse og eit solid grunnlag for arbeid i næringslivet eller kulturformidling med søkelys på det tyskspråklege Europa. Tidlegare studentar jobbar også som journalistar, innan administrasjon og innan handel.  

Svært gode ferdigheiter i språk, litteratur og kultur bygger bruer mellom land og mellom næringsforetak.

Meir informasjon under

Velg Språk!

Produsent:
Flimmer Film

Jobb

Ein mastergrad i tysk kvalifiserer deg for jobbar i både privat og offentleg sektor.  

Våre tidlegare studentar jobbar innan omsetting, eksportindustri, offentleg administrasjon og undervising – både i utlandet og i Noreg. 

Med mastergrad i tysk  kan du synleggjere informasjon frå tyskspråklege kulturar og gjere kulturen meir tilgjengeleg for eit norsk publikum. Du kan også fremme kommunikasjonen mellom Noreg og tyskspråklege land. 

Du får kompetanse til å handtere kommunikasjonsproblem, overvinne kulturelle skilnader og bruke analytisk tilnærming til informasjon. 

Du kan halde fram innan akademisk forsking ved å ta ei forskarutdanning (ph.d.).

Meir informasjon under

Oppbygging

Programmet dekker to akademiske år (fire semester) og startar om hausten.  

1. semester 

  • Følge ein kombinasjon av obligatoriske og valfrie emne på totalt 30 studiepoeng 
  • Velje spesialisering i litteratur, kultur eller lingvistikk: 
    • Språkdelen av studiet strekker seg frå tysk grammatikk i vidaste forstand, til kontrastiv lingvistikk, semantikk/leksikologi, sosiolingvistikk, varietetar (tysk i Tyskland, Austerrike og Sveits), fraseologi, språkinnlæring og didaktikk (undervisingslære). På fleire felt kan emna også setjast inn i eit historisk perspektiv. 
    • Litteraturdelen tilbyr litteratur- og kulturvitskaplege tema frå alle dei tyskspråklege landa. Utgangspunktet kan vere historisk, med vekt på litteraturhistoriske epokar frå barokken og fram til i dag, eller vere fokusert på forfattarskap, sjangrar og litteraturteori.  

2. semester 

  • Følge ein kombinasjon av obligatoriske og valfrie emne på totalt 30 studiepoeng 
  • Velje tema for masteroppgåva 

3. og 4. semester  

  • Skrive masteroppgåva 

Masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsprosjekt. Du vel eit tema frå fagområda litteratur, kultur, lingvistikk eller didaktikk. Du kan velje blant ei rekke ulike forskingsemne. Dersom du har eit emne du er spesielt interessert i som skil seg frå dei tradisjonelle forskingsemna, blir det vanlegvis godkjent. Du planlegg og utviklar prosjektet i samarbeid med rettleiaren din. 

Fagdidaktikk kan inngå i programmet, sæleg viss du planlegg å utdanne deg til lærar. 

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag

Som student vil du opphalde deg mykje i HF-bygget på universitetsområdet i sentrum av Bergen. Her jobbar du side om side med andre masterstudentar på ni språkfag.  

Du får eigen lesesalsplass og blir ein del av eit aktivt miljø med studentar og tilsette frå heile verda. Kontakta mellom studentar og tilsette er uformell, og stemninga er god.  

Arbeidsmengde 

Gjennom ei vanleg veke må du som oftast møte på tre førelesingar og bruke resten av tida til sjølvstudium, som å lese pensum og utforme prosjektforslag. Dette varierer frå semester til semester. 

Studieprogrammet krev at du les og forskar mykje, og du må like å arbeide sjølvstendig. Du kan alltid snakke med dei andre studentane og rettleiaren, om du kjenner at du ikkje kjem deg vidare og treng støtte. 

Masteroppgåve 

Det andre året av programmet brukar du til å skrive masteroppgåva (60 studiepoeng). Du får individuell rettleiing gjennom heile forskings- og skriveprosessen. 

Masteroppgåva er eit sjølvstendig vitskapleg forskingsprosjekt om eit emne du vel frå eit av hovudemna i programmet:  

  • litteratur 
  • kultur 
  • lingvistikk 

Masteroppgåva skal skrivast på tysk og ha eit omfang på mellom 70 og 110 sider.   

Om du vil påverke utviklinga av dette studieprogrammet, kan du stille som studentrepresentant i programstyret for tyskstudier, eller du kan arrangere sosiale og akademiske samankomstar som del av studentutvalet for tysk. 

Kva lærer du

Masterprogrammet i tysk  

  • gir grundig innsikt i sentrale tema innan tysk lingvistikk og tyskspråkleg litteratur 
  • aukar ferdigheitene dine i moderne tysk språk, med kurs i praktisk tysk og gjennom munnleg og skriftleg bruk av tysk 
  • utviklar evna di til å kritisk reflektere over sentrale problem i teoriar og metodar. Dette er spesielt viktig med tanke på arbeidet med masteroppgåva 

Fullstendig liste over læringsutbytte 

Utveksling

Du kan velje å ta andre semester som utvekslingsstudent ved eit av partneruniversiteta våre i Tyskland, Austerrike eller Sveits (lenke). 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her