Hjem
Utdanning

Namn på grad

Master i rettsvitskap.

Omfang og studiepoeng

120 studiepoeng.

Masterprogrammet er normert til to års fulltidsstudier.

Fulltid/deltid

Fulltid.

Undervisningsspråk

Norsk.

Studiestart - semester

Haust.

Mål og innhald

Toårig master

Masterprogrammet i rettsvitskap passar for deg som vil bli jurist. For å bli tatt opp til Masterprogrammet i rettsvitenskap må du ha bestått bachelorgrad i rettsvitskap eller juss frå Høgskolen i Innlandet, Universitetet i Agder eller Universitetet i Stavanger.

Som masterstudent ved Det juridiske fakultet vil du få kontakt med leiande fagmiljø innan strafferett, rettargang og formuerett.

Du får tett oppfølging og rettleiing av engasjerte undervisarar. Digitalisering har høg prioritet ved fakultetet, og alle førelesingar blir lagt ut på nettet.

I den siste delen av masterstudiet skal du skrive ei masteroppgåve. Her kan du spesialisere deg innan faglege spørsmål som du er opptatt av. Du kan óg søke om å skrive masteroppgåve innanfor eit av forskingsprosjekta ved fakultetet.

Juristar med mastergrad i rettsvitskap er etterspurte. Dei fleste som fullfører ei utdanning ved Det juridiske fakultet får relevant jobb kort tid etter at dei avslutta studia.

Med ein mastergrad i rettsvitskap frå UiB står mange ulike karrierevegar opne for deg, og du kan jobbe både i privat og offentleg sektor. Etter masterstudiet kan du søke på forskarutdanninga ved Det juridiske fakultet.

Oppbygging

Mastergradsstudiet i rettsvitskap er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august.

Det første studieåret består av obligatoriske emner. På andre året kan du velje emne etter eigne interesser.

Dei fleste skriv masteroppgåve på 30 studiepoeng i eitt semester. Det er mogleg å søkje om å skrive masteroppgåve på 60 studiepoeng over eitt år, eller søkje opptak til Forskarlina som er på 70 studiepoeng.

På dette studiet reiser nesten halvparten av studentane på utveksling. Du kan utveksle nærast kvar som helst i Norden og resten av Europa, i tillegg til særs gode universitet i til dømes Kina, India, New Zealand, Australia, USA og Canada. Det er innhaldet på 2. studieår, altså spesialemna og eventuelt masteroppgåva, som kan takast i utlandet, og du har stor valfridom når du skal velje kvar du vil reise og kva juridiske emne du vil studere.

Studiekvardag

Undervisninga er på norsk og engelsk, og skjer gjennom forelesingar, seminargrupper, masteroppgåve og sjølvstudium. Forelesningane og seminara er ikkje obligatoriske å delta på, men vi tilrår at du deltar aktivt i desse.

Normalt vil du bruke mellom fire og åtte timar i veka på undervisingsaktivitetar.

Du skal skrive ei masteroppgåve basert på ei juridisk problemstilling. Du vel sjølv kva tema du vil skrive om. På fakultetet har vi 17 ulike faggrupper, og du kan knytte deg til den gruppa som ligg nærast di interesse. Fakultetet tildeler deg ein rettleiar som har god kjennskap til temaet du vil skrive om.

Fakultetet er samla på Dragefjellet. Dette er ein ærverdig og moderne studiestad midt i Bergen sentrum. På Dragefjellet finn du forelesingssalar, grupperom, lesesalar, bibliotek, studentbar og kantina med byens flottaste utsikt. Som jusstudent på Dragefjellet er du midt i smørauget av studentbyen Bergen.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Kandidatane har kunnskapar om grunnleggande regler og samanhengar innan alle fagområde som vert omfatta av studiet, og spesialisert kunnskap innan fagområder som vert dekte av masteroppgåva.

Dette inneber at kandidatane har kunnskapar om og forståing av

  • nasjonal og internasjonal rett,
  • korleis nasjonal rett vert påverka av internasjonale rettssystem som EU-retten, EØS-retten, internasjonale menneskerettigheter og annen folkerett,
  • korleis juridisk argumentasjon varierer på ulike rettsområder,
  • sentrale problemstillingar og debattar i det juridiske miljøet, både i det praktiske rettsliv og innan rettsvitskapen, nasjonalt og internasjonalt.

Dugleik:

Kandidatane kan anvende juridisk metode til sjølvstendig å analysere, drøfte og ta standpunkt til juridiske problemstillingar. Dette inneber

  • å innhente og systematisere rettsleg relevant materiale, og på grunnlag av dette identifisere juridiske problemstillingar og samanhengar,
  • å foreta en sjølvstendig analyse av juridiske problemstillingar på ein grundig, heilskapleg, kritisk og balansert måte,
  • å resonnere seg frem til et faglig forsvarlig standpunkt gjennom avklaring av spenningar mellom ulike typar gyldige argumenter og mellom underliggande rettslege og samfunnsmessige verdiar.

Kandidatane kan formidle og evaluere juridiske analysar og standpunkt gjennom

  • systematisk å utarbeide sjølvstendige skriftlege analysar innanfor ulike rettsområde,
  • å kommentere og evaluere andre studentar sine juridiske analyser og sjølv taka imot og gjøre bruk av slike kommentarar,
  • å arbeide med andre i grupper for å analysere juridiske problemstillingar.

Generell kompetanse:

Gjennom studieprogrammet oppnår kandidatane generelt anvendeleg kompetanse knytt til å

  • tileigne seg ny kunnskap på sitt fagfelt og innan tilgrensande fag, og løyse juridiske problemstillingar også utanfor dei rettsområda som er del av rettsstudiet,
  • systematisere og vege argumentasjon, gje råd og treffe avgjerder,
  • identifisere og ta konsekvensar av etiske og profesjonsetiske aspekt ved juridisk argumentasjon og standpunkt,
  • formidle juridiske analysar og konklusjonar, samt profesjonsetiske vurderingar, til andre juristar og til allmenta, skriftleg og munnleg,
  • presentere og argumentere for eigne vurderingar og konklusjonar for større og mindre grupper av tilhørarar arbeide sjølvstendig og i grupper.

Opptakskrav

Fullført og bestått bachelorgrad i rettsvitskap eller juss frå Høgskolen i Innlandet, Universitetet i Agder eller Universitetet i Stavanger, totalt 180 studiepoeng. Faginnhaldet i bachelorgraden må oppfylle alle faglege krav i dei tre første studieåra i femårig integrert masterprogram i rettsvitskap ved Det juridiske fakultet i Bergen.

For å vere kvalifisert for opptak må søkar ha eit karaktersnitt på C eller betre i dei emna som inngår i opptaksgrunnlaget.

NB! Tilbod om opptak kan berre gis til søkarar som ikkje har fått tilbod om opptak til Integrert masterprogram i Rettsvitskap ved Universitetet i Bergen gjennom Samordna Opptak.

Obligatoriske emne

Fyrste år:

JUS345 Strafferett

JUS346 Rettargang

JUS347 Allmenn formuerett

Andre år:

30 sp spesialemne og 30 sp masteroppgåve

eller

60 sp masteroppgåve etter søknad

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølgje kan endrast etter søknad

Fyrste år:

JUS345 Strafferett

JUS346 Rettargang

JUS347 Allmenn formuerett

Andre år:

30 sp spesialemne og 30 sp masteroppgåve

eller

60 sp masteroppgåve etter søknad

Delstudium i utlandet

Emne som svarar til spesialemne og masteroppgåve kan takast i utlandet. Fakultetet har ei rekkje avtalar med utanlandske lærestader.

Undervisningsmetodar

  1. Det skal vedtakast hovudlitteratur for kvar emne. Det kan i tillegg vedtakast innføringslitteratur og tilleggslitteratur.
  2. Hovudlitteraturen skal ha eit omfang på mellom 30 og 60 tekstsider pr. studiepoeng.
  3. Undervisninga er basert på problembasert læring (PBL).Førelesingar vert som hovudregel tilbodne i alle emne.

Seminarundervisning vert tilbode på første studieår. Det er krav til førebuing og aktiv deltaking.

Undervisningsformen i spesialemna på femte studieår varierer. Sjå kvar enkel emneskildring.

Obligatorisk rettleiiing for masteroppgåva.

Omfang av rettleiinga: Studentane har rett og plikt til rettleiing under arbeidet med masteroppgåva. Det vert gitt 10 timars rettleiing per student. Studentar som etter søknad har fått løyve til å skrive masteroppgåve på 60 studiepoeng, får 20 timars rettleiing. Timetalet omfattar den tida rettleiaren bruker til lesing av utkast, til utarbeiding av kommentarar og til samtale med studenten. Rettleiinga skal avgrensast til eitt semester, med mindre noko anna er særskilt avtalt, eller det er særlege grunnar til at arbeidet med masteroppgåva har teke lengre tid. For studentar som etter søknad har fått løyve til å skrive masteroppgåve på 60 studiepoeng, skal rettleiinga, med dei same atterhalda, avgrensast til to semester.

Form: Rettleiinga kan gjevast individuelt eller i grupper. Dersom rettleiinga blir gjeven i gruppe, skal det i tillegg vere noko individuell rettleiing.

Rettleiingsskjema: Det skal førast eit skjema for rettleiinga som er gjeven. Dersom det er gjeve rettleiing frå andre enn den som fakultetet har oppnemnt som rettleiar, skal det gjerast greie for dette i skjemaet.

Arbeidsplan: Student og rettleiar skal fastsetje ein arbeidsplan i første møte.

Endringar i rettleiingstilhøvet: Ein student som meiner at rettleiinga eller rettleiingssituasjonen ikkje er tilfredsstillande, skal gi melding om dette til fakultetet og eventuelt få oppnemnt ny rettleiar dersom det er grunn til det. Meiner rettleiaren at studenten ikkje oppfyller pliktene sine på tilfredsstillande vis, skal fakultetet ha melding om dette, og endring eller avslutting av rettleiingstilhøvet skal vurderast.

  1. Undervisningsformene i kvart enkelt emne går fram av emneskildringa.
  2. Obligatorisk undervisning: Det gjeld obligatoriske arbeidskrav. Dette er nærare regulert i "Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen".

Vurderingsformer

Hovudregelen er at emna vert avslutta med 4 timars skuleeksamen. Vurderingsforma og lengda går fram av emneskildringane Eksamen vert halden kort tid etter at emnet er avslutta. Spesialemne kan ha andre ordningar; sjå emneskildringane. Oppgåvene som vert gjevne til eksamen kan omfatte læringskrav også frå tidlegare emne.

Karakterskala

Karakterskalaen er A - E for Greidd (Bestått) og F for Ikkje greidd (Ikkje bestått). Fakultetsstyret kan vedta at karakteren skal vere Greidd/Ikkje greidd for eitt eller fleire bestemte emne. Sjå emneskildringane. Vurderinga av prestasjonane skal skje ut frå innhaldet i det enkelt emnet, læringsmåla, krava til læringsutbytte, prøvingsforma og det studietrinnet emnet er plassert på. Vurderinga skal elles skje på grunnlag av Retningsliner for karaktersetjing i masterstudiet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk og Diploma Supplement på engesk vert skrive ut etter at graden er fullført. Kandidatløfte må vere gjeve.

Grunnlag for vidare studium

Mastergraden gir grunnlag for opptak til ph.d.-utdanning. Opptak krev godkjent prosjektskildring.

Det er mogleg å oppdatere og utvide kompetansen ved å ta ytterlegare spesialemne etter avslutta grad ved å søkje særskild studierett til å ta spesialemne.

Evaluering

Studiet er underlagt fleire formar for evaluering:

  1. Studentevaluering er etablert som fast ordning i det første studieåret. Spesialemne vert evaluerte etter nærare reglar.
  2. Lærarevaluering vert gjort årleg på grunnlag av mellom anna studentevaluering og statistiske data frå kursa (deltakartal, gjennomføring, eksamensresultat, gjentaksprosent mv.).
  3. Ekstern evaluering: a) NOKUT har kontinuerleg tilsyn med kvaliteten i høgre utdanning b) Programsensorar knytt til masterprogrammet i rettsvitskap gjer evalueringar av nærare angjevne, avgrensa delar av studiet og avgjer årleg rapport c) UiB sentralt fører tilsyn med drifta via nærare fastlagde rapporteringsrutinar

All intern evaluering skal følgje dei krava som er fastsette i "Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia" ved Universitetet i Bergen.

Programansvarleg

Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Masterprogram i rettsvitskap har ikkje eige programstyre, men vert administrert av Studieutvalet på vegne av Fakultetsstyret.

Administrativt ansvarleg

Fakultetsdirektøren v/Studieseksjonen ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen. post@jurfa.uib.no

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar.jurfa@uib.no

Yrkesvegar

Få utdanningar fører fram til jobb i så mange ulike bransjar som juristutdanninga. Vi finn juristar overalt i arbeidslivet og det vil alltid vere stor etterspurnad etter dei med juridisk utdanning.

Medan fleire juristar går inn i næringslivet, f.eks. innan bank, forsikring, varehandel, industri eller skipsfart, jobbar andre innanfor offentleg forvalting som i NAV, Skatteetaten og Konkurransetilsynet. Departementa og politiet/påtalemakta er populære og viktige arbeidsgivarar for juristar. Andre aktuelle arbeidsplassar er mediebransjen og organisasjonslivet. Ein kan dessutan arbeide med forsking og undervisning ved universitet og høgskolar.

Ein kan også bli dommar eller gå inn i advokatyrket. Det er berre juristar (advokatar) som har løyve til å drive profesjonell rettshjelp og føre saker for domstolane. For å få tittelen advokat og løyve til å arbeide som advokat, må ein ta eit obligatorisk advokatkurs. Ein må også ha to års godkjend juridisk praksis, vanlegvis som advokatfullmektig, dommarfullmektig eller politifullmektig.