Hjem

Helse og samfunn, master, 2 år

Master i helse og samfunn er eit studium for deg som vil forstå og bidra til å gjere noe med dei sentrale helseutfordringane i samfunnet i dag.
  • Lengde2 År
  • Plassar50 (35 hausten 2022)
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Hovedinnhold

Er du oppteken av spørsmål som «Gjer samfunnet oss sjuke»? «Er kvinner sjukare enn menn»? «Kvifor tek ikkje folk seg berre saman når vi veit kva som skal til for å ha god helse»? «Ja, kven har eigentleg skulda for dårleg helse»?  og «Kva skjer når eldrebølgja når toppen dersom halvparten av Noreg sin folkesetnad er pensjonistar eller står utanfor arbeidslivet»?

Masterprogrammet i helse og samfunn gjev deg eit breitt innblikk i dei sentrale helseutfordringane samfunnet vårt står overfor. Å utvikle kunnskap som bidreg til løysingar for helse i eit samfunnsperspektiv, er avgjerande for eit berekraftig samfunn, både i dag og i åra som kjem.

Masterprogrammet er knytt til særs sterke forskingsmiljø som jobbar med nasjonale og globale folkehelseutfordringar. Programmet tek for seg folkehelseutfordringar på både individ- og samfunnsnivå, innan område som arbeid og helse, aldring og helse, sosial ulikskap i helse, inkludert samfunnsøkonomiske og prioriteringsmessige problemstillingar. For å kunne forstå kompleksiteten i utfordringane treng vi brei kunnskap og forsking på tvers av fagfelt.

 Programmet gjev grundig opplæring i ulike teoretiske perspektiv og forskingsmetode, og du blir utfordra til å utvikle forskbare problemstillingar i eit samfunnsperspektiv. Kunnskapen ein tileignar seg er attraktiv for blant anna helsemyndigheiter, helseutdanningar og for spesialist- og kommunehelseteneste. 

Studieretningar

Jobb 

Gjennom masterprogrammet får du brei kompetanse på store helseutfordringar og ei grundig forskaropplæring. Dette gjev deg ein god plattform for å kunne jobbe med komplekse helsefaglege problemstillingar innan forsking, fagutvikling eller i ei klinisk setting. Programmet kvalifiserer for stillingar innan:

  • helse- og omsorgssektoren 
  • offentleg forvalting 
  • utdanningssektoren 
  • forsking/ph.d.-studium

Meir informasjon under

Oppbygging 

    Masterprogrammet i helse og samfunn er eit toårig fulltidsstudium med oppstart i august. For studentar på studieretninga Perspektiv på sentrale helseutfordringar er det mogleg å ta studiet på deltid over 3 eller 4 år.

    Studiet er lagt opp slik på fulltid: 

    1. Semester: 

    HELSAM301 Introduksjon til helse og samfunn (10 sp)     

    HELSAM302 Forskningsetikk og vitenskapsteori (5 sp)    

    HELSAM303 Forskningsmetode (5 sp) 

    Obligatorisk fordjupingsemne (10 sp) og/eller frie studiepoeng. Sjå studieretning for detaljar.

    2. Semester:

    Enten HELSAM304 Kvalitative forskningsmetodar- og tradisjonar (10 sp) eller HELSAM305 Kvantitative forskningsmetodar- og tradisjonar (10 sp) 

    Obligatorisk fordjupingsemne og/eller frie studiepoeng. Sjå studieretning for detaljar.

    3. - og 4. semester semester: 

    Arbeid med masteroppgåve. Sjå studieretning for detaljar.

    For deltidsstudentar vil studiet gå over 6-8 semester.

    Undervisinga er lagt opp i bolkar på omlag 10-11 veker kvart semester (fulltid). I desse vekene er det lagt opp til fulle dagar med undervising, seminar og sjølvstudium/førebuingsarbeid.  

    Vi legg stor vekt på studentaktive undervisings- og læreformer: 

    • Forelesingar med studentførebuande aktivitet 
    • Seminar og gruppearbeid 
    • Munnlege studentpresentasjonar med tilbakemeldingar frå medstudentar og faglærarar  
    • Sjølvstudium 
    • Praksis (for studentar i genetisk rettleiing) 

    Studiestarten illustrerer korleis kvardagen blir hos oss: Vi startar med ein felles kreativ verkstad for forskingsspørsmål. Studentane skal tenke, gjere, reflektere over og presentere forsking. Vi studerer case og kompleksiteten rundt desse. Vi brettar ut og reflekterer over lag på lag med mekanismar og strukturar som verkar inn på helsa vår, inkludert prioriterings- og maktstrukturar som bidrar til ulikhet i helse. Det heile endar med ein studentaktiv minikonferanse, der alle - på tvers av fagfelt - får vise kva dei tenker og meiner. 

    Undervisninga er på norsk, og litteraturen er på norsk og engelsk.

    Følg studentane våre på Facebook og Instagram for å få eit innblikk i studiekvardagen.

    Masteroppgåva er på 60 studiepoeng, og er lagt til dei to siste semestera/evt. dei fire siste semestera for studentar på deltid. Merk at for studentar på genetisk rettleiing er oppgåva på 30 studiepoeng og skal skrivast det siste semesteret. Studentar som spesialiserer seg i genetisk rettleiing har praksis i spesialisthelsetenesta. UiB skaffar praksisplass.  

    Dei tilsette ved studiet bidrar med forslag til tematikk for masteroppgåva med utgangspunkt i forskingsområde der de har særskilt kompetanse. Det er også mogleg å velgje tema innanfor ditt eige fagfelt, så lenge det ligg innafor kva forskingsmiljøet tilknytt programmet kan rettleie. Du får tildelt rettleiar i overgangen 1. til 2. semester (evt. 3. til 4. semester for deltidsstudentar).

    Deltaking i ei eller fleire av dei fire forskingsgruppene ved Helse og samfunn gjev deg moglegheit til å delta i aktive forskingsmiljø, og knytte seg til pågåande forskingsprosjekt. Der får du innsikt i konkrete forskingsprosjekt, og der vil både ditt eige og andre sine prosjekt vere gjenstand for kritisk diskusjon mellom master-, PhD-studentar og seniorforskarar.

    Kva lærer du? 

    Med denne utdanninga får du: 

    • Brei innsikt i sentrale helseutfordringar i samfunnet i dag 

    • Innsikt i teoretiske, metodiske, forskingsetiske og praktiske utfordringar knytt til forsking innan helsefaga 

    Utveksling 

    I tida ein jobbar med masteroppgåva kan det leggast til rette for å opphalde seg i utlandet. Går du på studieretninga Perspektiv på sentrale helseutfordringar er det også mogleg å ta dei valfrie emna på sommarskule. Her har særleg sommarskulen på København Universitet fleire relevante kurs for studentar på dette masterprogrammet (https://studies.ku.dk/summer/courses).

    Eit eventuelt forskingsopphald må planleggast tidleg i studieløpet.

     Kontakt gjerne studiekonsulent (studie.igs@uib.no) om du har spørsmål om utveksling.

    Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

    Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

    Opptak

    Hausten 2023 er det oppstart for retningane Perspektiv på sentrale helseutfordringarGenetisk veiledning og Yrkeshygiene.

    For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

    Sjå òg opptakskrav for kvar av studieretningane:

    Søknadsfristen er 15. april. 

    Søk her