Hjem
Utdanning

Utdanning

Studieplan for MAMD-BIO Bioingeniørfag, vår 2020

Namn på grad

Masterprogram i helse og samfunn, studieretning Bioingeniørfag

Omfang og studiepoeng

Studieprogrammet er på 120 studiepoeng (sp)

Fulltid/deltid

Studieretninga kan takas på heiltid eller deltid.

Dei obligatoriske innføringsemna, som utgjer 30 studpiepoeng, må fullførast i løpet av første studieår.

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust. Det vert ikke tatt opp studentar til denne studieretninga hausten 2020.

Mål og innhald

Det overordna målet for studieretninga er å gi fordjuping og mogelegheit til refleksjon i bioingeniørfaga. Dei fagspesifikke emna som studentane kan velje innan bioingeniørfaga har som mål å bidra til at studentane tileignar seg heilskapleg kompetanse om teknologisk og metodisk utvikling og vidareutvikling i faga. Og saman med dei obligatoriske emna kunne sjå faget frå eit overordna helsefagleg perspektiv. Den teknologiske utviklinga krev omfangsrik teknologisk kunnskap, erfaring og innsikt i samanheng mellom teknologi og helse.

Opptakskrav

Søkarar til denne studieretninga må ha bachelorgrad eller tilsvarande i bioingeniørfaget, og ein snittkarakter på minimum C i opptaksgrunnlaget.

Obligatoriske emne

Obligatoriske emner studieprogrammet:

HELSAM301 - Introduksjon til helse og samfunn(10 sp)

HELSAM302 - Forskningsetikk og vitenskapsteori (5 sp)

HELSAM303 - Forskningsmetode (5 sp)

HELSAM304 - Kvalitativ metode (10 sp)

eller HELSAM305 - Kvantitativ metode (10 sp) 
HELSAM395 - Masteroppgåve (60 sp)

Spesialiseringsemner:

Godkjente emner ved HVL og ved UiB (30 sp)

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir brukt studentaktive arbeids- og undervisingsformer i alle emne i studiet, som:

- Førelesingar med studentførebuande og studentaktive element

- Seminar knytt til obligatoriske oppgåver med munnlege og skriftlege presentasjonar og tilbakemeldingar frå medstudentar og faglærarar

- «Workshops»

- Sjølvstudium

- Sjølvstendig forskingsoppgåve

Vurderingsformer

Vurderingsformene vil variere og tilpassast lærings-utbyttebeskrivingane i emna. Fylgjande former blir brukt:

- Essay

- Skriftlege heime-oppgåver

- Fleirvalsoppgåver

- Munnlege presentasjonar

- Refleksjonsnotat

- Masteroppgåve følgd av munnleg, justerande eksamen

Karakterskala

Det blir brukt både karakterskala A-F og bestått/ikkje bestått på emna i studieløpet.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningsliner for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programutvalet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet.

Adminstrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet v/Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emna og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studie@igs.uib.no