Studieplan for MAMD-YRK Yrkeshygiene, vår 2023
Namn på grad
Masterprogram i helse og samfunn, studieretning Yrkeshygiene
Omfang og studiepoeng
Studieprogrammet er på 120 studiepoeng (sp)
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Kandidatar med studieretning yrkeshygiene skal få ekspertise i å identifisere og vurdere helserisiko relatert til kjemiske, fysiske og biologiske faktorar på arbeidsplassen, samt kunnskap om førebyggjande tiltak relatert til dette.
Opptakskrav
Søkar må ha bachelorgrad elle tilsvarande innan helsefag eller bachelorgrad med kjemi, biologi eller fysikk i fagkrinsen (til dømes ingeniør), og ein snittkarakter på minimum C i opptaksgrunnlaget.
Obligatoriske emne
Obligatoriske emne for studieprogrammet:
HELSAM301 - Introduksjon til helse og samfunn(10 sp)
HELSAM302 - Forskningsetikk og vitenskapsteori (5 sp)
HELSAM303 - Forskningsmetode (5 sp)
HELSAM304 - Kvalitativ metode (10 sp)
eller HELSAM305 - Kvantitativ metode (10 sp)
HELSAM395 - Masteroppgåve (60 sp)
Spesialiseringsemner:
INTH331A Chemical factors in the work environment ¿ 15 sp
INTH334B Physical factors in the work environment ¿ 6 sp
Valemner ¿ 9 sp
Arbeids- og undervisningsformer
Det blir brukt studentaktive arbeids- og undervisingsformer i alle emne i studiet, som:
- Førelesingar med studentførebuande og studentaktive element
- Seminar knytt til obligatoriske oppgåver med munnlege og skriftlege presentasjonar og tilbakemeldingar frå medstudentar og faglærarar
- «Workshops»
- Sjølvstudium
- Sjølvstendig forskingsoppgåve
Vurderingsformer
Vurderingsformene vil variere og tilpassast lærings-utbyttebeskrivingane i emna. Fylgjande former blir brukt:
- Essay
- Skriftlege heime-oppgåver
- Fleirvalsoppgåver
- Munnlege presentasjonar
- Refleksjonsnotat
- Masteroppgåve følgd av munnleg, justerande eksamen
Karakterskala
Det blir brukt både karakterskala A-F og bestått/ikkje bestått på emna i studieløpet.
Evaluering
Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningsliner for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Programutvalet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet.
Adminstrativt ansvarleg
Det medisinske fakultet v/Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emna og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: