Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMD-MANT Klinisk masterstudium for fysioterapeuter i manuellterapi (MFMT), master, 2 år, haust 2019

Namn på grad

Dette masterprogrammet fører fram til graden Master i helsefag, klinisk masterstudium i manuellterapi for fysioterapeuter (MMT)

Omfang og studiepoeng

Klinisk masterstudium for fysioterapeutar i manuellterapi har et omfang på 120

studiepoeng og er normert til 2 år.

15 studiepoeng er felles emne med masterprogram i helsefag.

75 studiepoeng er fagspesifikke emne.

I det andre studieåret skal studentane skrive ei masteroppgåve som bind teori og praksis saman innan manuellterapi, og kunnskap knytt til undersøking og behandling av pasientar med muskel- og skjelettplager skal synleggjerast. Masteroppgåva utgjer 30 studiepoeng og skal vera eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

En time på engelsk

Studiestart - semester

Vår, anna kvart år.

Neste gong vår 2021.

Mål og innhald

Mål:

Ein fysioterapeut med vidareutdanning i manuellterapi kan kallast manuellterapeut og skal vere spesialisert i å undersøke og behandle pasientar med lidingar i muskel- og skjelettapparatet.

Studiet skal sikre at manuellterapeutar har dei kunnskapane, haldningane og ferdigheitene som ein primærkontakt med ansvar for pasientar med muskel- og skjelettlidingar treng for forsvarleg utøving.

Studiet vidareutviklar fysioterapeuten sin basis for kritisk analytisk tenking og fagutvikling etter vitskapsmetodiske kriterium.

Innhald/ studiet si oppbygging:

Innhaldsmessig består Klinisk masterstudium i manuellterapi (MMT) av fire modular:

Modul A: Manuellterapi - 15 + 20 + 30 studiepoeng

MANT311A / Manuellterapi del 1: Teori, dugleiksopplæring og praksis i manuellterapi

MANT312A / Manuellterapi del 2: Teori, dugleiksopplæring og praksis i manuellterapi

MANT395 / Manuellterapi teori og masteroppgåve


Modul B: Forskingsmetode - 10 + 5 studiepoeng

HEL320A / Forskingsmetode og -etikk

HELSTA / Statistikk i helsefagleg forsking

Modul C: Basalfag - 6 emne á 5 studiepoeng

MANT301A / Smertefysiologi

MANT302A / Anatomi

MANT303A / Radiologi

MANT304A / Rørslevitskap og treningsteori

MANT305A / Patologi

MANT307 / Biomekanikk

Modul D: Teoretiske støttefag - 10 studiepoeng

MANT306 / Helse, sjukdom, kommunikasjon, beslutningsteori og trygdelovgivning

Studiet har forskingsmetode felles med det tverrfaglege Masterprogrammet i helsevitskap.

I studiet skal studenten praktisere under rettleiing ved klinikk eller institutt som er godkjent av universitetet til dette formålet, og kontrakt med praksisstaden vert gjort ved tildeling av studieplass

Studiet er tilrettelagt for fysioterapeutar som allereie har klinisk erfaring bak seg og som vil heva sin formelle og reelle kompetanse gjennom å vidareutvikle sine teoretiske kunnskapar og praktiske ferdigheiter, og lære seg å anvende vitskapelig basert kunnskap som grunnlag for fagutøvinga. MMT tar utgangspunkt i at studenten allereie har grunnutdanning i fysioterapi og dermed kunnskap og forståing av bl.a. anatomi, biomekanikk, fysiologi, patologi, treningsteori og -metodikk, og ein praksis fundert på et samfunnsorientert perspektiv for sjukdom.

Læringsutbyte

Etter fullført studium skal kandidaten ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskapar:

  • ha god kunnskap om sentrale helsefaglege problemstillingar, og bruke dei i forståinga av kunnskap og kunnskapsutvikling
  • ha inngående kunnskap om helse og sjukdom i eit heilskaplig bio-psykososialt perspektiv
  • ha inngåande kunnskap om lidingar i muskel- og skjelettapparatet og kunne analysera, vurdera og behandla nevro- muskulær- og biomekanisk funksjon
  • ha inngåande kunnskap om ledd i kroppen med tilhøyrande vevsstrukturar og kunne vurdera mobilitet, stabilitet, smerte, funksjon og motorisk kontroll gjennom generell, lokal og spesifikk undersøking
  • ha inngåande kunnskap om skader, sjukdom og lidingar knytt til rørsleapparatet, kompetanse i å tolke bildediagnostikk og foreta differensialdiagnostisering, og forståing for at feilfunksjonar i muskel- og skjelettapparatet også kan ha samanheng med psykologiske og sosiale forhold
  • ha god kunnskap om trygdefaglege tema, vilkår for sjukepengar og verkemiddel for oppfølging av sjukemeldte personar.
  • ha avansert kunnskap om primærkontaktfunksjonar med bruk av avgrensa rett til sjukmelding og vidare henvising av pasientar til spesialist eller fysioterapeut, samt kunne rekvirera radiologiske undersøkingar
  • ha avansert kunnskap om aktuelle kartleggingsverktøy og testar, og kunne vurdera deira relevans og gyldigheit, samt kunne bruka dei i å undersøkja og dokumentera effekt av behandling

Ferdigheiter:

  • kunne undersøke og vurdere behov og kontraindikasjonar for manipulasjon på ledd
  • kunne utføra manipulasjonsteknikkar på ledd, det vil seie hurtig mekaniske handgrep for å betre lokal funksjon og redusera smerte
  • kunne bruke spesifikke og generelle behandlingsmetodar for å betre eller vedlikehalde funksjon, eller forsinke ein progredierande funksjonssvikt, og kunne grunngje val av desse ut frå forsking, systematiserte erfaringar og pasientens behov og forventingar
  • kunne formidle aktuell fagkunnskap på ein reflektert måte og bidra til utvikling av ny kunnskap, spesialt innan manuellterapi, ved bruk av vitskaplege metodar
  • kunne undervise, rettleie og informera pasientar, pårørande og andre profesjonar om rørsleapparatet si nevromuskulære og biomekaniske funksjon, smerte og kva som kan vera aktuelle tiltak for førebygging av funksjonsproblem, styrking av funksjon og reduksjon av smerte

Generell kompetanse:

  • kunne vise ei akademisk-analytisk haldning til utvikling, kvalitetssikring og implementering av teoretisk og empirisk kunnskap med særleg relevans for manuellterapi
  • kunne vise ei etisk reflektert haldning til kunnskapsutvikling, forskingsprosess og klinisk arbeid kunne vurdera publiserte forskingsarbeid innan muskel-skjelettlitteraturen etter anerkjente vitskaplege kriteria
  • kunne vise kritisk analytisk refleksjon relatert til eige forskingsarbeid og
  • kunne anvende sentrale forskingsprinsipp
  • kunne vise sjølvstende til innhenting og bruk av relevant kunnskap og nytte høvelege forskingsmetodar og relevant teori i eige forskingsarbeid, og vise evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og data med relevans for eige fag

Opptakskrav

For å bli teken opp på Klinisk masterstudium i manuellterapi for fysioterapeutar, må ein ha bachelorgrad i fysioterapi eller tilsvarande og norsk autorisasjon som fysioterapeut samt 1 år fysioterapipraksis etter autorisasjon.

Søkjar må forstå og snakke norsk flytande ettersom studiet inneheld mykje pasientbehandling.

Utfyllande skildring av rangeringsreglene finn du her

Meir informasjon om søknadsprosedyren finn du her

Obligatoriske emne

Alle emne er obligatoriske.

Teoriundervisning og ferdigheitstrening i manuellterapi føregår i felles obligatorisk undervisning ved universitetet, mens utøving skjer i pasientbehandlingssituasjon under supervisjon hos godkjent rettleiar. For å kunne gå opp til avsluttande klinisk eksamen i manuellterapi må studenten dokumentera at han/ho minimum har hatt 1800 pasientkonsultasjonar.

Før studenten får gå opp til avsluttande praktisk eksamen i manuellterapi, må ho/han ha fått godkjent alle tidlegare interne oppgåver og eksamenar. Studenten må ikkje ha et fråvær frå undervisninga som overskrider 20% i den eininga som skal prøvast ut til eksamen. Dokumentasjon frå rettleiar for gjennomført og godkjent klinisk praksis må innleverast før studenten får gå opp til avsluttande praktisk eksamen. Etter søknad kan masteroppgåva innleverast etter klinisk eksamen dersom særskilte grunner tilseier det.

Rekkefølgje for emne i studiet

Dette er ei rettleiande oversikt over emne som går inn som ein del av studieprogrammet. Det kan kome endringar.

MANT311A / Manuellterapi del 1 føregår i 1. og 2. semester

MANT312A / Manuellterapi del 2 føregår i 3.og 4. semester

MANT395 / Masteroppgåva er i 3. og 4. semester

HEL320A / Forskingsmetode og -etikk er i 2. semester

HELSTA / Statistikk i helsefagleg forsking er i 2. semester

MANT301A / Smertefysiologi er 1. semester

MANT302A / Anatomi er i 1. semester

MANT305A / Patologi er i 1. semester

MANT307 / Biomekanikk er 1. og 2. semester

MANT303A / Radiologi er i 3. semester

MANT304A / Rørslevitskap og treningsteori 2. og 3. semester

MANT306 / Dei teoretiske støttefaga er i 3. semester

Arbeids- og undervisningsformer

I undervisninga vert det brukt mange ulike læringsformer: Forelesingar, gruppearbeid, studentpresentasjonar, seminar, sjølvstendige skriftlege arbeid og nettbasert læring der det er mogleg, samt praktiske samlingar og rettleia praksis.

Studiet sikrar at teori og handverkskunnskap er integrert i praktisk utøving av manuellterapi. Mellom kvar undervisningsbolk skal studentane bruke og vidareutvikle sine ferdigheiter ved ein klinisk praksisstad der ein godkjent rettleiar har ansvar for at teknikkar og metodar som er undervist ved universitetet vert anvendt.

Undervisningsmetodar

I undervisninga vert det brukt mange ulike læringsformer: Forelesingar, gruppearbeid, studentpresentasjonar, seminar, sjølvstendige skriftlege arbeid og nettbasert læring der det er mogleg, samt praktiske samlingar og rettleia praksis.

Studiet sikrar at teori og handverkskunnskap er integrert i praktisk utøving av manuellterapi. Mellom kvar undervisningsbolk skal studentane bruke og vidareutvikle sine ferdigheiter ved ein klinisk praksisstad der ein godkjent rettleiar har ansvar for at teknikkar og metodar som er undervist ved universitetet vert anvendt.

Vurderingsformer

Ulike former for vurdering vert brukt; praktisk, munnleg og skriftleg.

I dei fagspesifikke emna testar ein kunnskap ved presentasjon av sjølvstendig arbeid og/eller gjennom avsluttande prøver, inklusiv vurdering av utføring i praksissituasjon. I fellesemnet i forskingsmetode har ein mappevurdering, der både medstudent og rettleiar gjer tilbakemelding undervegs, med ei skriftleg innlevering til slutt.

Karakterskala

Karakterskala (A-F). I nokre høve kan det nyttast bestått/ikkje bestått.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

STUDIETS MÅLSETTING, INNHOLD OG ORGANISERING

Det kliniske mastergradsprogrammet i manuellterapi er eit fulltidsstudium over 2 år og

har fire hovudmodular som til saman utgjer 120 studiepoeng. Manuellterapi teori og

praksis utgjer hovudbolken begge åra med 65 studiepoeng, der masteroppgåva tel

30.Dette inkluderar 1800 konsultasjonar/behandlingar av pasienter. Studentane skriv ei

sjølvstendig masteroppgåve som bind saman teori og praksis innan manuellterapi, og

kunnskap knytt til undersøking og behandling av pasientar med muskel- og skjelettplager

vert synliggjort gjennom ei vitskapleg oppgåve i andre studieår. I studiet praktiserer

studenten under rettleiing ved klinikk eller institutt som er godkjent av universitetet til

dette formålet. Den avsluttende kliniske eksamen testar både teoretisk kunnskap og

kliniske ferdigheitar på faktiske pasienter.

Relevans for arbeidsliv

Etter fullført Klinisk masterstudium i manuellterapi for fysioterapeutar er ein

kvalifisert til:

  • arbeid som primærkontakt for pasientar med plager knytt til muskel- og skjelettapparatet
  • utdanningsarbeid på universitet og høgskolar
  • fagutvikling i klinisk verksemd
  • forsking og utvikling
  • fagleg og administrativt arbeid innan forvalting og helsevesen.
  • studie gir grunnlag for vidare forsking og PhD-studium, nasjonalt som internasjonalt
  • studiet er godkjent av International Federation for Orthopaedic Manual Physical Therapy (IFOMPT) og kvalifiserer dermed til arbeid som manuellterapeut internasjonalt

Evaluering

Dei fagspesifikke emna har alle studentevaluering der sentrale spørsmål vert svart på munnleg og/eller skriftleg. Resultata av evalueringa vert drøfte i lærargruppa der ein vurderer vidare utvikling av emne og studieretning.

Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Programansvarleg

Programutval for master i helsevitskap. Programutvalet har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet

Kontakt:studie@igs.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvar for programmet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studieadministrasjonen ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin dersom du har spørsmål: studie@igs.uib.no

Tlf 55 58 61 00