Hjem

Biomedisin, master, 2 år

Korleis fungerer menneskekroppen? Med ein mastergrad i biomedisin kan du lære å forstå helsa og funksjonane til menneskekroppen frå det fysiologiske til cellenivå. Biomedisin speler ei sentral rolle i utforminga av medisinfaget for framtida, gjennom forsking på korleis vi forstår sjukdomsmekanismane og utvikling av nye legemiddel.
  • Lengde2 År
  • Plassar20
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkEngelsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Med ein mastergrad i biomedisin kan du lære å forstå helsa og funksjonane til menneskekroppen.

Med mastergrad i biomedisin kan du  

  • kritisk analysere sentrale teoriar, metodar og resultat innan fagfeltet biomedisin, og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing   
  • gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing, i tråd med gjeldande forskingsetiske normer   
  • bruke kunnskapar og ferdigheiter du har lært i masterstudiet på nye område, og gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt  

Effekten av nye funn i biomedisin er betydeleg: Vi utviklar teknologi som kan redusere produksjonskostnadene for medisin, vi analyserer utvikling og progresjon i kreft, og vi utviklar Molecular Imaging-teknikkar. Å motverke infeksjonssjukdommar gjennom nye behandlingsmåtar og vaksinar har mykje å seie for levestandarden i utviklingsland. 

Full liste med læringsutbytte 

Meir informasjon under

Student and lab
Foto/ill.:
Elias Dalen

Studiekvardag 

Første året arbeider du med fagemne, les teori, blir kjent med andre studentar og etter kvart med forskjellige forskingsgrupper.   

Andre året arbeider du i laboratoriet og blir integrert i forskingsgruppa som passar til masteroppgåveprosjektet. Du blir tildelt kontorplass saman med andre masterstudentar ved instituttet, slik at du kan arbeide med prosjektet. Du skriv masteroppgåva, inkludert teoretisk arbeid og laboratoriearbeid saman med forskingsgruppa. Dette blir samanlagt ei full arbeidsveke.  

Masterprogrammet krev både sjølvstendig arbeid og samarbeid i grupper, saman med andre studentar og tilsette i forskingsgruppa. Du får opplæring i “mjuke” ferdigheiter som skriving av vitskaplege tekstar og vitskapsformidling. 

Gjennom masterprogrammet blir du del av eit aktivt fagmiljø gjennom dagleg kontakt med forskarar og studentar. Du kan bidra innan biomedisinsk forsking og engasjere deg som medlem i ei internasjonal forskingsgruppe. 

Institutt for biomedisin har flotte fasilitetar i Bygg for biologiske basalfag (BBB), som ligg like utanfor Bergen sentrum. Som student kan du vere med i fagutvalet Nucleus, av studentar for studentar. 

Kva kan du jobbe som? 

Mastergrad i biomedisin kvalifiserer deg til 

  • vitskapleg forsking og andre akademiske stillingar  
  • tekniske stillingar i forskingslaboratorium (avdelingsingeniør)  
  • forelesar i utdanningssektoren   
  • administrativ konsulent – offentlege og private føretak   
  • HMS-konsulent   
  • forskingsformidlar   

92 prosent av tidlegare studentar med mastergrad i biomedisin frå Det medisinske fakultet melder at dei har relevant jobb to år etter at dei avslutta studia.   

Meir informasjon under

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle  

Søknadsfristen er 15. april 

Søk her

Studiets oppbygging 

Masterprogrammet i biomedisin er eit toårig fulltidsstudium som startar i august kvart år. Fagfeltet biomedisin drøftar spørsmål som:  

  • Kva er dei cellulære prosessane/linjene i sjukdommar?   
  • Korleis er genotypen i forskjellige sjukdommar?           
  • Korleis samhandlar gen og miljø?  
  • Kan vi forbetre/styrke den terapeutiske effekten?  
  • Korleis fungerer hjernen? 

1. semester 

Første semester har du 40 timar med forelesingar og laboratoriearbeid per veke. Det meste er obligatorisk.  

Obligatoriske emne:   

2. semester  

Andre semester har du om lag 10 timar med forelesingar og andre aktivitetar per veke. Det varierer, avhengig av kva emne du vel. Vanlegvis er forelesingane anbefalte og dei andre aktivitetane obligatoriske. 

Semesteret består av valfrie emne på til saman 30 studiepoeng som er relevante for ditt forskingsfelt. Du kan velje andre emne (både ved UiB og andre utdanningsinstitusjonar) så lenge desse er godkjent av rettleiaren og programutvalet. 

Liste over emne ved UiB. 

3. og 4. semester  

Masteroppgåve   

Du kan velje frå dei tilgjengelege masteremna eller finne eit tema du er spesielt interessert i. Deretter skal prosjektet for masteroppgåva godkjennast av programutvalet.   

Du har møte med rettleiaren din regelmessig. Du får individuell rettleiing gjennom heile forskingsprosjektet i laboratoriet, også når du skriv på masteroppgåva. 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Det finst mange alternativ dersom du vil på delstudium i utlandet. Som medlem av Nettverk for masterprogram innan biomedisin har vi avtalar med universitet i Sverige, Finland og Danmark.  

Her kan du ta fagemne (tredje semester), utføre laboratorieprosjekt og ta laboratoriedelen av masteroppgåva (tredje og fjerde semester). 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Om du er interessert i ein karriere innan forsking, kan du søke om opptak til eit doktorgradsstudium ved UiB eller eit anna universitet. 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 64 00 (open 12.00 - 14.00 kvardagar) 

E-post: info.med@uib.no 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument som fungerer som en kontrakt mellom universitetet og deg som student. Den skal gjere det tydeleg kva for rammer som gjeld for studiet, dei læringsmåla du skal oppnå og beskrive ein plan for korleis dette skal gjerast.

Lenke til studieplan