Hjem
Utdanning

Namn på grad

Master i Biomedisin

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i biomedisin har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Fagfeltet biomedisin spelar ei sentral rolle i dagens medisinske forsking. Masterprogrammet i biomedisin tilbyr ei medisinsk tilnærming til celle- og molekylærbiologi og human fysiologi, og gir studentar høve til å delta aktivt i forskingsprosjekt i eit internasjonalt miljø.

Studiet startar med ei omfattande opplæring i metodar og teknikkar som blir nytta innan biomedisinsk forsking i dag, med fokus på celle- og molekylærbiologi, fysiologi og biletanalyse. Allereie i det første semesteret vert studentane plassert i ei aktiv forskingsgruppe for å lære relevante metodar og korleis ein planlegg forsøk. Dei teoretiske emna gir naudsynt cellebiologisk og fysiologisk kunnskap for å forstå korleis sjukdom oppstår og blir behandla. Gjennom masterstudiet blir studentane utdanna i dei mange etiske spørsmåla som naturleg oppstår i moderne medisinsk forsking. Dei vert også trena i såkalla "soft skills", som vitskapleg skriving og formidling. Som student kan du velje om du vil gjennomføra sjølve masterprosjektet i ei gruppe som driv medisinsk grunnforsking, eller i ei gruppe som driv translasjonell forsking, dvs koplar forskinga mot pasientdata.

Vi oppmodar alle studentar til å reise på utveksling til eit av våre internasjonale samarbeidsuniversitet. Vi vil særleg framheva eit Nordisk masternettverk (NordBioMedNet) som vi er del av. Dei andre partane er; Københavns Universitet (Danmark), Karolinska Insitutet (Sverige), University of Turku og University of Eastern Finland (begge i Finland).

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført masterstudium i biomedisin skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter, og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten:

  • har avansert kunnskap om normale og patologiske cellulære og fysiologiske prosessar
  • har avansert kunnskap om biomedisinske metodar
  • har spesialisert fagleg innsikt tileigna gjennom arbeidet med masteroppgåva
  • har god forståing for biomedisinsk forsking si rolle i dagens medisin

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan planlegge og gjennomføra eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan utvikle hypotesar og kritisk analysera metodar og resultat innan biomedisin
  • kan produsera vitskapelege tekstar etter gjeldande etiske normer
  • kan presentere hypotesar og resultat skriftleg og munnleg
  • kan analysera og høva seg kritisk til ulike kjelder og nytte desse til å strukturere og formulere faglege resonnement i biomedisin
  • kan forklare fagfeltet biomedisin si rolle i dagens medisinske forsking

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan anvende kunnskapar og ferdigheiter tileigna under masterstudiet på nye område, for å gjennomføra avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og beherske biomedisinske uttrykksformer
  • kan kommunisere biomedisinske problemstillingar, analysar og konklusjonar på en vitskapeleg måte, både skriftleg og munnleg
  • kan delta i diskusjon om biomedisinske emne med allmenta
  • kan analysera relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar

Opptakskrav

Studiet er retta mot studentar som har ein bachelorgrad i biomedisin, molekylærbiologi, fysiologi, biokjemi, biologi, bioteknologi eller tilsvarande.

Opptak krev minimum 80 studiepoeng i relevante emne, der minimum 20 studiepoeng er i kjemi/biokjemi og minimum 20 studiepoeng i celle-/molekylærbiologi. Andre relevante emne som kan inngå er mellom anna: anatomi, fysiologi, biologi, medisinske laboratorieemne, matematikk, informatikk, bildebehandling, statistikk, fysikk og nanoteknologi.

Minstekrav for opptak er C i gjennomsnittskarakter på opptaksgrunnlaget. Vi mottar vanlegvis fleire søknader enn vi har plassar. Søkjarane vil då bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget, og tidspunkt for avlagt grad.

Språkkrav: Søkjarar som ikkje har utdanning frå eit norsk universitet eller ein norsk høgskule må dokumentere tilstrekkelige engelskkunnskapar (sjå nettsida English Language Requirements).

Alle søknader vert behandla individuelt.

Du søkjer opptak via søknadsweb

Søknadsfrist er 15. april, med studiestart i august.

Meir informasjon om søknadsprosedyren finnes her:

https://www.uib.no/utdanning/49949/opptak

Obligatoriske emne

  • HELVIT300: Introduksjon til vitskapsteori og forskingsetikk
  • BMED320: Metodar i medisinsk cellebiologi

Tilrådde valemne

  • BMED330: Cellekommunikasjon og intracellulær signalering
  • BMED331: Tumorbiologi
  • BMED340: Cellulær og molekulær nevrovitenskap
  • BMED365: Computatinal imaging, modellering og KI i Biomedisin
  • BMED370: Berekningsmetodar for legemiddeldesign
  • BMED380: Seminarserie
  • CAREIN: Kurs i forsøksdyrlære, laboratoriedyr, teori, funksjon A, B og D
  • ELMED219: Kunstig intelligens og beregningsorientert medisin
  • HUIMM307: Basic Course in Flow Cytometry
  • HUMGEN301: Human Molecular Genetics
  • HUPAT301: Basal humanpatologi

Rekkefølgje for emne i studiet

Masterprogrammet inneheld to hovuddelar: Det første året er sett saman av obligatoriske og valfrie emne på til saman 60 studiepoeng. I løpet av det andre året arbeider studentane med eit praktisk forskingsprosjekt/masteroppgåve (60 studiepoeng).

1. semester

Obligatoriske emne innan etikk og metodar:

HELVIT300: Introduksjon til vitskapsteori og forskingsetikk (5 sp)

BMED320: Metodar i medisinsk cellebiologi (25 sp)

2. semester

Valfrie emne på til saman 30 studiepoeng i høve til ønska spesialisering.

3. og 4. semester

Sjølvstendige prosjekt, masteroppgåva (60 sp).

Kort tid etter studiestart vil vi informere om kva masteroppgåver som er meldt inn frå ulike forskingsgrupper. Alle kan og velje prosjekt på eigenhand, men prosjektet må godkjennast av programutvalet.

Delstudium i utlandet

Studentane vert oppmoda til å ta delar av mastergraden ved eit utanlandsk universitet. Masterprogrammet i Biomedisin er del av eit nordisk nettverk for masterprogram innan biomedisin som inkluderer Karolinska Institutet i Stockholm, University of Turku i Finland, Københavns Universitet i Danmark og University of Eastern Finland. Det er mogeleg å ta både emne, lab-prosjekt og deler av masteroppgåva ved desse institusjonane. Vi har og utvekslingsavtalar med fleire universitet i Europa. Ta tidleg kontakt med studieadministrasjonen ved Institutt for Biomedisin dersom du ynskjer utlandsopphald.

Les meir her: https://www.uib.no/biomedisin/110463/studentutveksling

Undervisningsmetodar

Førelesingar, demonstrasjonar, sjølvstudium, gruppearbeid, laboratoriearbeid.

Vurderingsformer

Typiske vurderingsformer vil være:

  • Skriftleg (skule)eksamen
  • Munnleg eksamen
  • Heimeeksamen/skriftlege innleveringar
  • Munnlege/praktiske presentasjonar
  • Vurdering av laboratoriearbeid (praktisk)
  • Avsluttande munnleg eksamen (mastereksamen)

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer:

  • «bestått» / «ikkje bestått»
  • Bokstavkarakterar med skalaen A- F

Bokstavkarakter er mest vanleg.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Studentar kan bestille vitnemål etter at graden er fullført på denne nettsida: https://www.uib.no/student/49024/vitnem%C3%A5l-og-karakterutskrift#bestille-vitnem-l-ved-oppn-dd-grad-

Grunnlag for vidare studium

Etter avslutta mastergrad kan du gå vidare med studium på doktorgradsnivå (PhD). Dette medfører løna stilling over tre eller fire år. Ei doktorgrad opnar for ein akademisk yrkesveg, men gjev også utsikter innan industri, administrasjon og privat næringsliv. Vi gjer merksam på at det er høg konkurranse for doktorgradstipend.

Relevans for arbeidsliv

Ei mastergrad i biomedisin opnar for mange ulike yrkesvegar:

  • Forsking ved doktorgradsstudiar (sjå også punktet over) og vidare akademisk karriere
  • Laboratoriearbeid ved til dømes forskingsinstitutt, sjukehus, farmasøytisk industri .
  • Undervisningsrelaterte stillingar
  • Offentleg sakshandsaming.
  • Helse-Miljø-Tryggleik (HMS) i privat og offentleg sektor.
  • Forskingsformidling.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerelig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn du på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programutvalet i biomedisin har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet, ved Institutt for biomedisin.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet om du har spørsmål:

e-post: med-ibm-studiesaker@uib.no

Tlf: 55 58 60 24