Klinisk ernæring, master, 2 år
- Lengde2 år
- Plassar25
- KarakterkravMinimum C
- SpråkNorsk
- Studiepoeng120
- StartHaust
Aktuelle spørsmål i dette faget er:
- Bør dei med irritabel tarmsyndrom følge ein glutenfri diett?
- Kan vitamin D-mangel gi hjarte- og karsjukdommar?
- Kvifor er mange eldre pasientar på sjukehus underernærte?
Masterprogram i klinisk ernæring er eit spanande studium som gjer deg teoretisk, vitskapleg, praktisk og yrkesetisk kunnskap.
Programmet bygger vidare på teoretisk kunnskap tileigna frå bachelorprogram i human ernæring, og bruker dette i klinisk kontekst med behandling av pasientar i helseinstitusjonar. Du lærer å vurdere ernæringsrelaterte problemstillingar, sette ernæringsdiagnosar, utarbeide ernæringsplanar og behandle pasientar i samarbeid med anna helsepersonell.
Som klinisk ernæringsfysiolog vil du hovudsakeleg jobbe i sjukehus og helseinstitusjonar for å behandle og følge opp pasientar med ernæringsrelaterte sjukdommar. Ein klinisk ernæringsfysiolog kan førebygge, utreie, diagnostisere og behandle ernæringsrelaterte sjukdommar. Dei har òg kompetanse til kritisk å vurdere, formidle og utvikle kunnskap om ernæring.
Jobb
Masterstudiet kan gi autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog (KEF), etter søknad til Helsedirektoratet.
Dei fleste jobbar i sjukehus, til dømes innan spesialist- og primærhelsetenesta.
Andre arbeidsstader kan vere
- universitet og høgskole
- internasjonale organisasjonar
- forskingsinstitutt
- offentleg og privat sektor
Mastergraden gir også grunnlag for videre forsking og kan kvalifisere for opptak på ph.d.-programmet.
Meir informasjon under
Meir informasjon under
Oppbygging
Masterprogrammet i klinisk ernæring er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august. 50 studiepoeng og ei 60 studiepoengs masteroppgåve er obligatoriske, mens 10 studiepoeng er valemne.
Slik er studiet satt opp:
1. semester:
2. semester:
- INTH360 Global Nutrition (5 studiepoeng)
- NUCLI352 Klinisk ernæring del 2 (10 studiepoeng)
- MEDSTA2 Regresjonsmodellar i medisinsk forsking (5 studiepoeng)
- Valemne: Vel emne, til saman minst 10 studiepoeng:
- NUCLI362 Genetic disorders in nutrient metabolism (5 studiepoeng)
- NUTR302A Human ernæring - Fordøyelse (5 studiepoeng)
- HUMGEN301 Human Molecular Genetics (5 studiepoeng)
- HUPAT301 Basal humanpatologi (5 studiepoeng)
- LAS301 Kurs i forsøksdyrlære (6 studiepoeng)
- LAS302 Kurs i forsøksdyrlære, spesialdel pattedyr (4 studiepoeng)
- LAS303 Kurs i forsøksdyrlære, spesialdel fisk (4 studiepoeng)
- VALGTVEPS Felles praksisemne i aldersmedisin (5 studiepoeng)
3. og 4. semester:
- NUCLI395 Masteroppgåve for klinisk ernæring (60 studiepoeng)
Studiekvardagen
Dei fleste studentane på master i klinisk ernæring har tatt bachelor i human ernæring ved UiB. På masterstudiet blir du ein del av ein liten klasse (20 studieplassar) der de følger kvarandre gjennom studiet. Du møter òg eit internasjonalt studentmiljø med tett oppfølging.
På første året vil du i løpet av ei typisk veke ha 30 timar med forelesningar, seminar, klinikk og praktiske øvingar. I tillegg kjem tid på lesesalen med pensumlitteratur. Du skal dessutan ha fire veker obligatorisk praksis.
På andre året jobbar du med masteroppgåva, som er eit sjølvstendig forskingsprosjekt med rettleiing. Du har òg 4 veker klinisk praksis. Det forskingsretta arbeidet inkluderer å løyse ei praktisk problemstilling, handsame eigne data, og på grunnlag av dette gje ei skriftleg og munnleg framstilling av hypotesar, resultat, diskusjon og konklusjonar.
Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne (fag) i studieplanen.
Vi held til i ulike bygg på Haukeland Universitetssjukehus, og har dermed relevante avdelingar og laboratorium like ved. Vi har bibliotek på BB-bygget og lesesalar og bibliotek i Armauer Hansens hus (AHH).
Som masterstudent i klinisk ernæring er du del av eit lite og samansveisa studentmiljø. Studentane har eigen masterlesesal og er tett på det vitskaplege miljøet.
Studentane våre melder tilbake at dei set pris på at studiet har ein sterk realfagbasis og klinisk undervisning.
Korleis er det å studere her? Møt studenten Malin
Kva lærer du?
Ein ferdig utdanna student på dette programmet:
- kan forebygge, utreie, diagnostisere og behandle ernæringsrelaterte sjukdommar og tilstandar.
- kan arbeide sjølvstendig og i nært samarbeid med annet helsepersonell, og bidra med kompetanseheving hos andre yrkesgrupper og allmenta.
- kan kommunisere faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor klinisk ernæring, både med spesialistar og til allmenta.
Sjå full liste over læringsutbytet på dette studiet.
Utveksling
Du kan reise på utveksling som del av masteroppgåva. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i eller utan for Europa.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke?
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle
Søknadsfristen er 15. april.