Hjem

Klinisk ernæring, master, 2 år

Masterprogrammet i klinisk ernæring gir avansert opplæring i medisinsk ernæringsbehandling til barn og vaksne. Gjennom dette toårige studieløpet vil du få inngåande kunnskap om utgreiing, diagnostisering og medisinsk ernæringsbehandling av sjukdom. Masterprogrammet kvalifiserer for autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog (KEF).
  • Lengde2 År
  • Plassar20
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Hovedinnhold

Meir informasjon under

Ernæring

Produsent:
Martin Nyhammer

Kva lærer du? 

Masterprogram i klinisk ernæring er eit spennande profesjonsstudium som gir deg teoretisk, vitskapleg, klinisk og yrkesetisk kunnskap.    

Programmet bygger vidare på kunnskap tileigna frå bachelorprogram i ernæring, og bruker dette i klinisk kontekst med behandling av pasientar i helseinstitusjonar. Du lærer å vurdere ernæringsrelaterte problemstillingar, stille ernæringsdiagnosar, utarbeide ernæringsplanar og behandle pasientar i samarbeid med anna helsepersonell.   

Som klinisk ernæringsfysiolog kan du førebygge, diagnostisere og behandle ernæringsrelaterte sjukdommar hos barn, vaksne og eldre. Dei har òg kompetanse til å vurdere, formidle og utvikle kunnskap om ernæring.   

Ein ferdig utdanna student på dette programmet kan  

  • førebygge, utgreie, diagnostisere og behandle ernæringsrelaterte sjukdommar og tilstandar  
  • arbeide sjølvstendig og i nært samarbeid med anna helsepersonell, og bidra med kompetanseheving hos andre yrkesgrupper og folk flest  
  • kommunisere faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innan klinisk ernæring, både med spesialistar og til allmenta  

Sjå full liste over læringsutbyttet på dette studiet. 

Studiekvardag 

Dei fleste studentane på master i klinisk ernæring har tatt bachelor i ernæring ved UiB. På masterstudiet blir du del av eit lite kull (ca. 20 studentar) som følger kvarandre gjennom studiet. Studentmiljøet er aktivt, med moglegheiter for å delta i både faglege og sosiale aktivitetar.   

Aktuelle spørsmål i dette faget er:  

  • Kva skal ein ete når nyrene ikkje fungerer lenger? 
  • Kva næringsbehov har kroppen når den blir utsett for kritisk sjukdom? 
  • Finst det ernæringsbehandling for irritabel tarm? 
  • Korleis kan ein førebygge leverkomplikasjonar hos pasientar som er avhengige av intravenøs ernæring?  

Du vil ha undervisning i fleire bygg på Campus Haukeland. På campus finn du lesesal, laboratorium, kantine, bibliotek, grupperom og ulike typar undervisningsrom. Masterstudentane er tett på det vitskaplege miljøet.  

Studentane våre melder tilbake at dei set pris på at studiet har ein sterk realfagbasis og klinisk undervisning.   

Kva kan du jobbe som? 

Masterstudiet i klinisk ernæring kvalifiserer for autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog (KEF), etter søknad til Helsedirektoratet. Dei jobbar med ernæringsbehandling av pasientar både på sjukehus og i kommunehelsetenesta. I helsetenesta jobbar kliniske ernæringsfysiologar tett saman med blant anna legar og sjukepleiarar. Ernæringsbehandling inngår i behandlinga av ei rekke ulike sjukdommar, som leversjukdom, nyresjukdom, kreft, lungesjukdom, diabetes, hjarte- og karsjukdom og inflammatoriske tarmsjukdommar, og for nokre sjukdommar er ernæringsbehandling den einaste kurative behandlinga som finst.  

Som klinisk ernæringsfysiolog kan du også jobbe på/i 

  • universitet og høgskole  
  • internasjonale organisasjonar  
  • forskingsinstitutt  
  • offentleg og privat sektor  
  • matvare-, næringsmiddel- og legemiddelindustrien 

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

 Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her

Studiets oppbygging 

Masterprogrammet i klinisk ernæring er eit toårig fulltidsstudium som startar i august. 54 studiepoeng og ei 60 studiepoengs masteroppgåve er obligatoriske, mens 6 studiepoeng er valemne. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste i kvar emnebeskriving. 

Slik er studiet lagt opp: Oppbygging av masterprogram i klinisk ernæring

På første året vil du i løpet av ei typisk veke ha ca. 30 timar med forelesingar, seminar, klinikk og praktiske øvingar. I tillegg kjem tid på lesesalen. 

Det andre året jobbar du med masteroppgåva, som er eit sjølvstendig forskingsprosjekt med rettleiing. Det forskingsretta arbeidet inkluderer å løyse ei praktisk problemstilling, behandle eigne data, og på grunnlag av dette gi ei skriftleg og munnleg framstilling av hypotesar, resultat, diskusjon og konklusjonar. Du har òg seks veker klinisk praksis.

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Du kan reise på utveksling som del av masteroppgåva. Ta kontakt med studierettleiar for å høyre meir om kva ordningar som finst.   

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Mastergraden gir grunnlag for vidare forsking og kan kvalifisere for opptak på ph.d.-programmet

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 64 00 (open 12.00 - 14.00 kvardagar) 

E-post: info.med@uib.no 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument som fungerer som en kontrakt mellom universitetet og deg som student. Den skal gjere det tydeleg kva for rammer som gjeld for studiet, dei læringsmåla du skal oppnå og beskrive ein plan for korleis dette skal gjerast. 

Frå hausten 2021 vil nye studentar på første studieår følge ny studieplan. Studentar som starta studiet hausten 2020 eller tidlegare følger denne studieplanen