Human ernæring, master, 2 år
- Lengde2 År
- KarakterkravMinimum C
- SpråkNorsk
- Studiepoeng120
- StartHaust
Hovedinnhold
Samfunnet blir stadig meir prega av overforbruk av mat på den eine sida, og svolt og mangel på den andre. Vel du å studere ernæring, blir du ein viktig medspelar i arbeidet for å betre helsetilstanden i befolkninga.
Som ernæringsstudent får du forskingsbasert kunnskap om samanhengane mellom kosthald og helse. Studiet tar opp tema som ernæring gjennom livet og ernæring ved førebygging av sjukdom.
Gjennom studiet får du grundig kunnskap om human ernæring: Fordøyelse og opptak av næringsstoff i kroppen, metabolisme og helseeffektar, innhald i maten, ernæringsutfordringar og fysiologien til mennesket. Det blir lagt vekt på forskingsetikk, statistikk og forskingsmetodar som blir brukt i ernæringsforsking. Du lærer å bruke metodar som kosthaldsregistrering, næringsstoffanalyse og biokjemiske/molekylærbiologiske teknikkar.
Du får undersøke samfunnsutfordringar knytt til ernæring og dei store folkesjukdomane som hjarte- og karsjukdommar, kreft, diabetes og fedme.
Aktuelle forskingsspørsmål frå masteroppgåver er eksempelvis:
- Kva skjer i kroppen dersom maten vi et inneheld mikroplast?
- Har personar med fedme annleis genuttrykk enn slanke menneske?
- Er det alltid bra å ete mykje fisk?
Master i human ernæring er eit naturvitskapleg masterprogram med medisinsk retning knytt opp mot forskingsmiljø ved ulike institutt ved Det medisinske fakultet, Haukeland universitetssjukehus og Havforskningsinstituttet.
Studiet er forskingsretta og består av 60 studiepoeng ernæringsemne og 60 studiepoeng masteroppgåve.
Jobb
Med ein master i human ernæring kan du arbeide til dømes ved universitet, forskingsinstitutt, eller i private føretak som matvare- eller legemiddelbransjen.
Studiet gir fagleg og metodisk kunnskap som gir grunnlag for:
- forsking og undervisning
- internasjonale organisasjonar
- produktutvikling
- matproduksjon
Mastergraden gir også grunnlag for videre forsking og kan kvalifisere for opptak på ph.d.-programmet.
Oppbygging
Masterprogrammet i human ernæring er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august kvart år. 50 studiepoeng ernæringsemne og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng er obligatoriske, 10 studiepoeng er valemne.
Masterstudiet i human ernæring kan sjå slik ut:
1. semester:
2. semester:
- NUTR333A Human ernæring A (10 studiepoeng)
- NUTR204A Ernæringsfysiologi - mikronæringsstoffer (10 studiepoeng)
- Vel emne, til saman minst 10 sp:
- NUCLI362 Genetic disorders in nutrient metabolism (5 studiepoeng)
- LAS301 Kurs i forsøksdyrlære (6 studiepoeng)
- LAS302 Kurs i forsøksdyrlære, spesialdel pattedyr (4 studiepoeng)
- LAS303 Kurs i forsøksdyrlære, spesialdel fisk (4 studiepoeng)
- MEDSTA2 Regresjonsmodellar i medisinsk forsking (5 studiepoeng)
- INTH360 Global Nutrition (5 studiepoeng)
- HUMGEN301 Human Molecular Genetics (5 studiepoeng)
- HUPAT301 Basal humanpatologi (5 studiepoeng)
3. og 4. semester:
- NUHUM395 Masteroppgåve i human ernæring (60 studiepoeng)
Studiekvardagen
Som student på masterprogram i human ernæring blir du del av ein liten klasse på om lag 10 studentar som følgjer kvarandre gjennom studiet. Du blir introdusert til eit internasjonalt ernæringsmiljø og møter studentar frå to andre ernæringsprogram ved fakultetet: Bachelor i human ernæring og Master i klinisk ernæring. Studentmiljøet er aktivt med moglegheiter for å delta i både faglege og sosiale aktivitetar.
På første året vil du i løpet av ei typisk veke ha 10-15 timar med forelesningar, seminar, laboratorium og praktiske øvingar. I tillegg kjem tid på lesesalen med pensumlitteratur.
På andre året jobbar du med masteroppgåva, som er eit sjølvstendig forskingsprosjekt med rettleiing. Du kan òg bli medlem av ei forskargruppe.
Du vil ha undervisning i fleire bygg på Campus Haukeland. På campus finn du kantine, laboratorium, lesesal, bibliotek, grupperom og ulike typar undervisningsrom.
Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne i oversikta over alle emne studieløpet.
Kva lærer du?
Ein ferdig utdanna student på dette programmet:
- har avansert kunnskap om forskingsmetodar innanfor ernæringsbiologi
- kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt i ernæring i tråd med forskingsetiske normer
- kan kommunisere og formidle fagfeltet.
Utveksling
Du kan reise på utveksling i det andre semesteret, eller som del av masteroppgåva. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i eller utanfor Europa.
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle
Søknadsfristen er 15. april.