Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMD-NUHUM Human ernæring, master, 2 år, vår 2023

Namn på grad

Masterprogrammet fører fram til graden Master i ernæring. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet består av emne på til saman 60 studiepoeng og eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid (masteroppgåve) på 60 studiepoeng.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Mål og innhald

Studieprogrammet har som mål å gi ernæringsfagleg kunnskap og metodisk grunnlag for arbeid innan forsking, næringsmiddelindustri og andre område der ernæringsfagleg kunnskap er etterspurt.

Master i human ernæring tar opp tema som fysiologien til mennesket, fordøyelse, opptak og metabolisme av næringsstoff, forskingsetikk, ernæring gjennom livet og førebygging av sjukdom med ernæring, . Det vert lagt vekt på forskingsmetodar som blir brukt innan ernæringsforsking, som kosthaldsregistrering, antropometri og biokjemiske teknikkar.

Studiet har ein teoretisk del og ein forskingsretta del. I den forskingsretta delen skal ein skrive ei masteroppgåve. .Masteroppgåva omfattar eit sjølvstendig vitskapleg arbeid under rettleiing. I oppgåva skal ein løyse ei praktisk problemstilling, behandle eigne data og gi ei skriftleg framstilling av hypotesar, resultat og konklusjonar.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten:

  • har avansert kunnskap om forskingsmetoder innan ernæringsbiologi.
  • har inngåande kunnskap om omsettinga av essensielle næringsstoff i ein organisme.
  • kan bruke erverva kunnskap på nye område innan ernæring.

Ferdigheter

Kandidaten:

  • kan, under rettleiing, gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt innan ernæring i tråd med gjeldande forskingsetiske normer.
  • kan bruke forskingsmetoder innan ernæringsbiologi på ein sjølvstendig måte.
  • kan gjennom kritisk analyse av eit mangfald av informasjonskjelder og etablert kunnskap formulere strukturerte ernæringsfaglege resonnement.

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan gjennom erverva forståing av ernæringsfaglege termar og uttrykksformer kommunisere og formidle fagfeltet.
  • kan gjennom utvikla evne til kritisk refleksjon, analytisk og strukturert tilnærming gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver eigna til å etablere ny kunnskap både i ernæringsfaget og på andre område.

Opptakskrav

Studiet er retta mot deg som har ein bachelorgrad i biologi, molekylærbiologi, matvareteknologi, human ernæring, bioingeniørutdanning eller tilsvarande utdanning på minimum 3 år (180 studiepoeng).

Opptak krev minimum 80 studiepoeng relevante emne der minimum 20 studiepoeng kjemi/biokjemi med laboratorieøvingar og minimum 20 studiepoeng molekylærbiologi/biologi. Andre relevante emne som kan inngå er: anatomi, fysiologi, statistikk og matvarekunnskap.

Minstekravet for opptak er at gjennomsnittskarakteren på opptaksgrunnlaget er C eller betre. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn studieplassar vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.

Alle søknader blir behandla individuelt.

Du søkjer opptak via søknadsweb. Søknadsfrist er 15. april med studiestart i august.

https://soknadsweb.uib.no

Meir informasjon om søknadsprosedyren finn du her:

http://www.uib.no/mofa/utdanning/opptak-og-studierett/opptak-til-masterstudium-ved-det-medisinsk-odontologiske-fakultet

Obligatoriske emne

1.semester (30 sp)

Obligatoriske emne:

HELVIT300 Helsefagleg relevant vitskapsteori og forskingsetikk (5 studiepoeng)

NUTRFYS Menneskets fysiologi (15 studiepoeng)

NUTR203 Ernæringsfysiologi - makronæringsstoffer (10 studiepoeng)

2. semester (30 sp)

Obligatoriske emne (20sp):

NUTR333A Human ernæring - (10sp)

NUTR204 Ernæringsfysiologi mikronæringsstoffer (10 sp)

Valbare spesialiseringsemne (15 sp):

NUCLI362 Genetic disorders in nutrient metabolism (5 studiepoeng)

LAS301 Kurs i forsøksdyrlære (6 studiepoeng)

LAS302 Kurs i forsøksdyrlære, spesialdel pattedyr (4 studiepoeng)

LAS303 Kurs i forsøksdyrlære, spesialdel fisk (4 studiepoeng)

MEDSTA2 Regresjonsmodellar i medisinsk forsking (5 studiepoeng)

INTH360 Global Nutrition (5 studiepoeng)

HUMGEN301 Human Molecular Genetics (5 studiepoeng)

HUPAT301 Basal humanpatologi (5 studiepoeng)

3. og 4. semester

NUHUM395¿Masteroppgåve i human ernæring (60 studiepoeng)¿

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva omfattar eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid på 60 studiepoeng som du utfører under rettleiing. I oppgåva skal du løyse ei praktisk problemstilling, behandle eigne data og gi ei skriftleg framstilling av hypotesar, resultat og konklusjonar.

Rekkefølgje for emne i studiet

Alle obligatorisk emne og valemne skal vera bestått før ein kan gå opp til vurdering i masteroppgåva.

Delstudium i utlandet

Mogelegheiter for utanlandsopphold

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil vera ein kombinasjon av førelesingar, laboratorieoppgåver, dataøvingar, kollokvium og seminar. Uavhengig sjølvstudium kjem i tillegg. Metodar som blir nytta i studiet inkluderer kosthaldsregistrering, antropometri og biokjemiske/ teknikkar. Me gjer merksam på at nokre emne kan bli undervist på engelsk, og at pensum kan vera på engelsk.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, multiple choice og heimeeksamen. Dei fleste emne har digital vurdering. Munnleg eksamen og presentasjonar. Gruppeinnlevering. Obligatorisk deltaking.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer:

  • «bestått» / «ikkje bestått»
  • Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F

Studieprogrammet nyttar begge typar.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Relevans for arbeidsliv

Med ein master i human ernæring kan ei arbeide til dømes ved universitet, forskingsinstitutt, og i private føretak. Studiet gir fagleg og metodisk kunnskap som gir grunnlag for forsking og undervisning og arbeid innan matindustrien eller legemiddelbransjen. I tillegg gir studiet overførbare ferdigheiter som kan nyttast i arbeid i offentleg og privat sektor, og i andre samanhengar og arbeidssituasjonar der slik kunnskap er etterspurt.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuereleg evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Nei

Programansvarleg

Programutval for ernæring har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Klinisk institutt 1 / Det medisinske fakultet

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål:

Det medisinsk fakultet,

Tlf: 55 58 64 00

studie-nutrition@uib.no