Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMN-AKTUA Integrert masterprogram i aktuarfag og dataanalyse, 5 år., haust 2022

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Studiet gjev ei grundig innføring i teori og teknikkar innan forsikringsmatematikk og finansteori. Gjennom programmet vert kandidaten utdanna til aktuaryrket, som handlar om å modellere den finansielle effekten av komplekse framtidige hendingar, og å analysere risikoar. Profesjonsstudiet legg tilrette for å gi den naudsynte grunnopplæringa i statistikk og matematikk. Profesjonsstudiet gjev formell aktuarkompetanse.

Analyse og tolking av store mengder data, og forståing av kva som ligg bak tala er sentralt på studiet. Under studiet lærer studenten å analysere ein risiko, modellera finansielle effektar av framtidige hendingar, og å vurdere kva som vil vere ei god avgjersle fordi ein kan seie noko om sannsynet for kva framtida bring.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • kan tileigne seg og anvende kunnskap i grunnleggjande matematisk og statistisk teori som kalkulus, lineær algebra og statistiske metodar
  • kan stille opp generelle modellar for analyse av data med usikkerheit ved hjelp av omgrep frå sannsynsteori

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan analysere praktiske problemstillingar i finans og forsikring på basis av eit solid grunnlag i matematikk og statistikk
  • kan gjennomføre berekningar som vert krevd i arbeid som aktuar ved verksemd i livsforsikring og skadeforsikring, inkludertfastsetting av forsikringspremiar og kapitalreserver
  • kan behandle sannsynsmodellar i finans
  • kan finne relevant metodelitteratur for gitte statistiske problemstillingar og tilpasse teorien frå litteraturen til situasjonar med andre føresetnader
  • beherskar grunnleggjande økonomiske modellar
  • har gode praktiske ferdigheiter i bruk av relevant programverktøy
  • kan bruke kreativ problemløysing i teknisk krevjande materiale

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan presentere, munnleg og skriftleg, vitskapleg resultat basert på analyser, sett i samanheng med eksisterande forskingsresultat, også til ikkje-spesialistar
  • kan oppsøke, kritisk vurdere og anvende statistikk-kunnskap
  • kan arbeide sjølvstendig og i gruppe med omfattande og krevjande faglege oppgåve
  • demonstrerer forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit

Opptakskrav

Generell studiekompetanse, Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) + R2 og i tillegg enten:

Fysikk 1 + 2 eller

Kjemi 1 + 2 eller

Biologi 1 + 2 eller

Informasjonsteknologi 1 + 2 eller

Geofag 1 + 2 eller

Teknologi og forskningslære 1 + 2

Meir informasjon finn du her: https://www.uib.no/utdanning/48685/opptak-til-grunnstudier-samordna-opptak

Innføringsemne

Ex.phil

Obligatoriske emne

Krav til profesjonsstudiet i aktuarfag er ei spesialisering på til saman 170 studiepoeng, bygd opp av følgjande emne: STAT110 Grunnkurs i statistikk, STAT111 Statistiske metodar, STAT210 Statistisk inferens, STAT220 Stokastiske prosesser, STAT201 Generaliserte lineære modeller, STAT230 Livsforsikringsmatematikk, STAT231 Skadeforsikringsmatematikk og risikoteori, STAT240 Finansteori, MAT111 Grunnkurs i matematikk I, MAT112 Grunnkurs i matematikk II, MAT121 Lineær algebra, MAT131 Differensiallikningar I, INF100 Grunnkurs i programmering, ECON130 Makroøkonomi I, MAT212 Funksjoner av fleire variable og MAT160 Regnealgoritmer I. I tillegg er det krav om eit prosjektskrivekurs, STAT292, MAT264 eller eit tilsvarande prosjektarbeidskurs av eit omfang på 10 studiepoeng.

Det femte og siste året skriv ein masteroppgåva som er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid med rettleiing. Masteroppgåva skal normalt ha eit omfang på 60 sp, men det kan også gjevast oppgåver på 30 sp. Spesialpensum blir da auka med 30 sp. Masteroppgåva vert avslutta med ein munnleg eksamen.

For å kunne gå i gong med masteroppgåva må snittkarakteren på spesialiseringsemna normalt vere C eller betre.

Gjennomførd profesjonsutdanning vil gi formell godkjenning som aktuar i Norge.

For internasjonal aktuargodkjennelse vert det kravd eit emne i bedriftsøkonomi (t.d. ØBO002 ved HiB) og eit seminar i profesjonsetikk arrangert av Den Norske Aktuarforening. Krava til internasjonal aktuargodkjenning for tida er under revidering i Den Norske Aktuarforening. Programstyret vil halde studentane oppdaterte på eventuelle nye krav til godkjenninga.

Tilrådde valemne

Følgande emne vert tilrådd: STAT202, STAT211, STAT221, STAT250, STAT310 (eventuelt STATRISK, STATOVLEV, STATLAB). Alternative emne som også vert tilrådd: ECON261, ECON361, MAT211, MAT215.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølgje av emne er gitt i utdanningsplanen (og i punktet Studieløp).

Delstudium i utlandet

Valfridomen i slutten av programmet kan nyttast til å ta eit studieopphald i utlandet. Det finst i dag mange alternativ for studentar som ønskjer å ta eit semester eller to av utdanninga i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar, både i og utanfor Europa, til dømes har University of Hong Kong eit aktuarstudie.

Sjå http://www.uib.no/math/utdanning/utveksling for meir informasjon.

Relevans for arbeidsliv

Gjennomførd profesjonsutdanning vil gi formell aktuarkompetanse og ein vil bli attraktiv i eit globalt arbeidsmarked. Aktuar er ein anvendeleg kompetanse som aldri går ut på dato.

Aktuarar arbeider innan alle felt kor det er naudsynt å kunne analysere sannsynet for usikre framtidige hendingar og deira finansielle følgjer. I praksis betyr det at kandidaten kan velje blant mange ulike bransjar fordi kunnskapen er så anvendeleg. Kompetansen er svært etterspurt og aktuarar arbeider blant anna innan livsforsikring og skadeforsikring, pensjon, reassuranse, konsulentselskap, risikostyring, kapitalforvalting, bank/finans, offentleg forvaltning, undervising og forsking.

For å bli faglærar i matematikk på vidaregåande skule krevst det i tillegg eit års studium i Praktisk-pedagogisk utdanning etter master.

Sjå http://www.uib.no/math/utdanning/karriereportalen for informasjon og eksemplar på kva for arbeid ein kan få med ei slik utdanning.

Evaluering

Programmet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.

Programansvarleg

Profesjonsstudium

I det femårige profesjonsstudiumet inngår emne innanfor statistikk og matematikk, som gir grunnleggande kunnskapar om sannsynsrekning, statistiske analysemetodar og generell matematikk. I tillegg kjem emne i forsikrings­matematikk, finans og økonomi. Profesjonsstudiet i aktuarfag gir ei sterkare spesialisering i forsikringsmatematikk og økonomiske fag enn det alternative bachelor- og masterprogrammet i statistikk, og det gir deg formell aktuarkompetanse.

Forsking

Faggruppa i statistikk ved UiB forskar på problemstillingar innanfor bio­statistikk og medisinsk statistikk, utrekningsorientert statistikk, statistisk metode, og finans og forsikringsmatematikk. Gruppa er eitt av dei største fagmiljøa i Noreg innanfor statistikk.

Administrativt ansvarleg

Matematisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Eventuelle spørsmål kan sendes til studierettleiar på programmet: Studierettleiar@math.uib.no

Tlf 55 58 28 34.