Biologi, master, 2 år
- Lengde2 År
- Plassar53
- KarakterkravMinimum C
- SpråkEngelsk, Norsk
- Studiepoeng120
- StartHaust og Vår
Hovedinnhold
Som masterstudent i biologi studerer du viktige prosessar og typiske mønster i økosystema. Vi ser på alt i frå kjenneteikn hos flora og fauna i marine habitat, til biologi og økologi i marine organismar.
Som masterstudent i biologi, forskar du på dei store spørsmåla innan biologifaget:
- Korleis utviklar livsformer, mønster og prosessar seg?
- Korleis oppstår og utviklast biodiversitet?
- Korleis kan gjensidig påverking mellom menneske, populasjonar og artar halde ved like funksjonar og prosessar i økosystema?
Studieretningar
Meir informasjon under
Norges beste biologiutdanning
Jobb
Som ferdig utdanna biolog har du ekspertise innan biologi kombinert med brei kompetanse innan naturvitskap. Dette sikrar at du er godt utrusta til å gå inn i roller innan forsking, utdanning, næringsliv, administrasjon og samfunnsarbeid.
Med mastergrad i biologi kan du ta mange forskjellige yrkesvegar, både i privat og offentleg sektor. Du kan jobbe både sentralt og regionalt, i miljøorganisasjonar, konsulentfirma og i statlege departement og direktorat. Du kan også spesialisere deg innan biologi og miljøspørsmål hos forskingsinstitutt og relevante næringslivsforetak, som den veksande havbruks- og sjømatnæringa og bioteknologibransjen.
Kandidatane frå oss har fått jobb som:
- Driftsteknikar innan havbruk hos Sterling White Halibut
- Idé- og designutviklar hos Nature:xpo
- Rådgivar i Miljødirektoratet
Om du i tillegg tar eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), er du kvalifisert til å undervise som lærar i ungdomsskulen og vidaregåande skule.
Om du er interessert i ein karriere innan forsking, kan du søke om opptak til eit ph.d.-program ved UiB eller ved eit anna universitet.
Les meir om kva du kan jobbe med
Meir informasjon under
Oppbygging
Programmet dekker to akademiske år (fire semester) og startar om hausten.
Det første året følger du emne på til saman 60 studiepoeng. Emne, timeplanar og studieplanar kjem an på kva spesialisering du vel. Du tar to obligatoriske emne innan forskingsmetode første semester: BIO300A Akademisk skriving (5 studiepoeng) og BIO300B Biostatistikk (5 studiepoeng).
Det andre året jobbar du med masteroppgåva, også på 60 studiepoeng. Når eit heilt år er avsett til å arbeide med masteroppgåva, har du anledning til å fokusere berre på det sjølvstendige forskingsarbeidet ditt.
Du vel mastertema frå tilgjengelege masterprosjekt i biologi, eller du kan finne fram til eit tema som passar deg i samråd med rettleiaren din.
Studiekvardag
Livet til ein masterstudent i biologi er hektisk og givande.
Arbeidsveka di er fylt opp av aktivitetar som:
- dagleg laboratoriearbeid
- feltkurs
- turar med forskingsfartøy (om du vel marin spesialisering)
- ... og sjølvsagt førelesingar og seminar.
Du får undervising av forskarar som er dei beste innan sine fagfelt. Vi er Noregs største marine universitet, med høg internasjonal kvalitet på akademisk utdanning og forsking og med fleire forskingsmiljø i verdsklasse.
Bergen ligg slik til at det er mogleg å bruke naturen som klasserom, og vi legg vekt på praktiske øvingar gjennom omfattande bruk av dataanalyse, feltarbeid/ekskursjonar og interaktive diskusjonar med tilsette og studentar frå heile verda.
Vi skaper eit miljø der du som student er ein naturleg del av forskingsgruppa, og arbeidsmiljøet er inkluderande og uformelt. Mange ulike nasjonalitetar arbeider saman, og engelsk er arbeidsspråket.
Ved Institutt for biovitskap (BIO) har vi bioCEED – Senter for framifrå utdanning i biologi. Dette inneber at vi forskar på korleis vi kan utdanne studentar i biologi på ein best mogleg måte, og som masterstudent blir du tatt med i prosjekta og får blant anna verdfull erfaring som mentor for yngre studentar.
Masterstudentane har sin eigen studentorganisasjon, STIM. Dei organiserer sosiale aktivitetar og er eit bindeledd mellom studentane ved Institutt for biovitskap. Du kan ta kontakt med dei på STIMs Facebook-side.
Når du byrjar å jobbe med masteroppgåva di, får eigen arbeids-/leseplass ved Institutt for biovitskap (BIO), som du finn på Marineholmen campus, nær Bergen sentrum. Instituttet er del av ei levande marin klynge med fleire forskingssenter og næringsverksemder.
Følg oss!
Kva lærer eg?
Studieprogrammet passar for deg som kan reflektere, og som har ei granskande og nysgjerrig tilnærming til naturen. Du får opplæring i å tenke kreativt og utanfor standard forklaringsmodellar og faggrenser. Du lærer også grunnleggande forskingsmetodar innan feltbasert, eksperimentell og teoriorientert forsking av økosystem. Du lærer også grunnleggande forskingsmetodar innan feltbasert, eksperimentell og teoriorientert forsking av økosystem.
Med mastergrad i biologi kan du:
- bidra til kunnskap om tema som er viktige i naturressursstyring og vidareføre relevant kunnskap om naturforvalting og administrasjon.
- hente fram, analysere og ta i bruk ny kunnskap.
- analysere, tolke og drøfte eigne data på ein akademisk og kritisk måte, i lys av informasjon og teoriar som finst i fagfeltet.
- arbeide i samsvar med vitskaplege prinsipp, vise og respektere openheit, vere påliteleg og nøyaktig, og skilje mellom kunnskap og meiningar.
Sjå fullstendig liste over obligatoriske læringsutbytte under kvar spesialisering.
Utveksling
Det finst fleire alternativ for studentar som vil reise på eit utvekslingsopphald i utlandet. Du kan utføre laboratoriearbeid, ta del på sommarskule ved Universitetssenteret på Svalbard eller ta del i ein annan utvekslingsaktivitet.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Opptakskrav
Masterprogrammet i biologi byggjer på ein bachelorgrad i biologi eller beslekta fagområde. Søkar må ha:
- bachelorgrad i biologi eller beslekta fagområde
- minst 60 studiepoeng i biologi
- minst 7,5 studiepoeng i kjemi m/laboratoriearbeid
- minst 7,5 studiepoeng i statistikk
- minst 7,5 studiepoeng i matematikk (dersom søkjar ikkje har Matematikk R2 frå vidaregåande skule)
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
- Bachelorgrad i biologi
- Bachelorgrad i berekraftig havbruk
- Bachelorgrad i miljø og ressursfag, naturvitskapleg retning, studieveg biologi
Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:
- Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du oppfyller opptakskravet som beskrive over.
Du må også ha:
- Karakterpoenget (karaktersnitt) må vere på minimum C (3,0) i emna di opptakskravet for å formelt kunne kvalifisere til opptak.
OBS! Ta kontakt med Studieseksjonen på studie@bio.uib.no dersom du har Bachelor i berekraftig havbruk eller Bachelor i miljø- og ressursfag frå UiB, då desse har andre emne i opptaksgrunnlaget.
Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med
- generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
- Språkkrav for tospråklege program
Korleis søke
På opptakssidene finn du meir informasjon om korleis du går fram for å søke opptak til studiet.
Merk at spesialiseringane Marinbiologi og Fiskeribiologi og forvalting kun har opptak på hausten, mens dei andre spesialiseringane har hovudopptak på hausten og suppleringsopptak på våren, dersom ikkje alle plassar blir fylte på hausten.
Søknadsfristen er 15. april for opptak til hausten og 1. november for opptak til våren.