Hjem
Utdanning

Namn på grad

Master i biologi - Biodiversitet, evolusjon og økologi

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i biologi har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk/Engelsk

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak), vår (suppleringsopptak dersom ikkje alle plassar blir fylte)

Mål og innhald

Biodiversitet, evolusjon og økologi er ei spesialisering i masterprogrammet i biologi.

Spesialiseringa skal gje studentane ei brei innføring i økologisk, evolusjonær eller systematisk forsking. Programmet gjev undervising i tema som omhandlar skalaen frå enkeltindivid til biogeografimønster, og studentane kan fordjupe seg i både teoretiske og anvendte problemstillingar. Gjennom val av emne og det sjølvstendige arbeidet skal studentane opparbeide seg spesialkompetanse. I arbeidet med mastergradsoppgåva skal studentane få trening i vitskapleg arbeidsmetodikk.

Etter fullført studie skal kandidatane ha fått innsikt i kunnskapsproduksjon og ha utvikla evne til kritisk tenking basert på faglig funderte kunnskapar.

Moglege masteroppgåver kan bli gitt innanfor forskingsfelt som åtferdsøkologi, biodiversitet, biogeografi, evolusjonsbiologi, kvantitativ økologi, landskapsøkologi, palaeoøkologi, parasittologi, populasjonsbiologi, populasjonsgenetikk, taksonomi og systematikk, vegetasjonshistorie og pollenanalyse.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført masterprogrammet i biologi, studieretning biodiversitet, evolusjon og økologi skal kandidaten:

Kunnskaper

  • Ha grunnleggende kunnskap om de viktigste mønstre og prosesser i biodiversitet, evolusjon og økologi.
  • Kjenne godt til, og ha innsikt i, den evolusjonære og økologiske teorien som brukes for å forklare variasjon i arter sine tilpasninger til det biotiske og abiotiske miljøet.
  • Forstå hvordan mennesker påvirker populasjoner, arter og økosystemer.

Ferdigheter

  • Være i stand til å bruke evolusjons-teorien til å forklare biologiske mønstre.
  • Kunne bidra til å forstå problemstillinger som er viktig i naturforvaltning og bidra med relevant kunnskap innenfor bevarings- og forvaltingsproblematikk.
  • Kjenne til relevante spørsmål i biodiversitet, evolusjon og økologi, og være i stand til å sette opp et eksperiment eller feltstudium som kan være med på å gi svar på slike spørsmål.
  • Kunne finne frem i biologisk vitenskaplig litteratur og forstå relevante metoder.
  • Hente inn, analysere og anvende ny kunnskap innenfor fagområdet
  • Analysere, tolke og drøfte egne data på en faglig god og kritisk måte, og i lys av data og teorier innen fagområdet.
  • Håndtere og presentere kvantitative data, drøfte presisjon og nøyaktighet og benytte de mest grunnleggende statistiske prinsippene

Generell kompetanse

  • Etter masterstudiet skal kandidatene kunne arbeide i tråd med vitenskapelige prinsipper og ha forståelse og respekt for åpenhet, presisjon, etterrettelighet og betydningen av å skille mellom kunnskap og meninger.
  • Kunne presentere, muntlig og skriftlig, forskningsresultater sett i sammenheng med eksisterende kunnskap, også til ikke-spesialister.
  • kunne analysere generelle biologiske vitskapelege problemstillingar og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på.
  • Kunne arbeide selvstendig og i team med omfattende og krevende oppgaver, og å overholde tidsfrister.
  • Kunne diskutere faget i samfunnsdebatten.

Opptakskrav

Masterprogrammet i biologi byggjer på ein bachelorgrad i biologi eller beslekta fagområde. Søkar må ha:

  • bachelorgrad i biologi eller beslekta fagområde
  • minst 60 studiepoeng i biologi
  • minst 7,5 studiepoeng i kjemi m/laboratoriearbeid
  • minst 7,5 studiepoeng i statistikk
  • minst 7,5 studiepoeng i matematikk (dersom søkjar ikkje har Matematikk R2 frå vidaregåande skule)

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i biologi
  • Bachelorgrad i berekraftig havbruk
  • Bachelorgrad i miljø og ressursfag, naturvitskapleg retning, studieveg biologi

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du oppfyller opptakskravet som beskrive over.

Du må også ha:

  • Karakterpoenget (karaktersnitt) må vere på minimum C i emna di opptakskravet for å formelt kunne kvalifisere til opptak.

OBS! Ta kontakt med Studieseksjonen på studie@bio.uib.no dersom du har Bachelor i berekraftig havbruk eller Bachelor i miljø- og ressursfag frå UiB, då desse har andre emne i opptaksgrunnlaget.

Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med

Tilrådde forkunnskapar

Spesialiseringsemne i økologi og evolusjon, som t.d. BIO201 Økologi, BIO210 Evolusjonsbiologi, BIO241 Åtferdsøkologi, BIO250 Palaeoøkologi, BIO232 Systematikk og evolusjon av marine evertebratar, m.fl.

Obligatoriske emne

OPPSTART: HAUST

1. semester (Haust):

  • BIO201 Økologi* (10 sp)
  • BIO300A Akademisk skriving (5 sp)
  • BIO300B Biostatistikk (5 sp)
  • Valemne (10 sp)

2. semester (Vår):

  • BIO210 Evolusjonsbiologi* (10 sp)
  • BIO301 Aktuelle tema i biodiversitet, evolusjon og økologi (10 sp)
  • Valemne (10 sp)

3. semester (Haust):

  • BIO399 Masteroppgåve i biologi (30 sp)

4. semester (Vår):

  • BIO399 Masteroppgåve i biologi (30 sp)

*Obligatorisk med mindre emnet (eller tilsvarande) er tatt tidlegare. Dersom det er tatt tidlegare, bytt ut med valemne.

OPPSTART: VÅR

1. semester (Vår):

  • BIO210 Evolusjonsbiologi* (10 sp)
  • BIO301 Aktuelle tema i biodiversitet, evolusjon og økologi (10 sp)
  • Valemne (10 sp)

2. semester (Haust):

  • BIO201 Økologi* (10 sp)
  • BIO300A Akademisk skriving (5 sp)
  • BIO300B Biostatistikk (5 sp)
  • Valemne (10 sp)

3. semester (Vår):

  • BIO399 Masteroppgåve i biologi (30 sp)

4. semester (Haust):

  • BIO399 Masteroppgåve i biologi (30 sp)

*Obligatorisk med mindre emnet (eller tilsvarande) er tatt tidlegare. Dersom det er tatt tidlegare, bytt ut med valemne.

Tilrådde valemne

Intereressert i økologi, med fokus på planter og terrestrisk økologi:

  • BIO230 Botanisk systematikk, morfologi og evolusjon (10 sp, Vår)
  • BIO241 Åtferdsøkologi (10 sp, Vår)
  • BIO260 Kulturlandskapa i Norden (10 sp, Vår, oddetalsår)
  • BIO303 Ordinasjon og gradientanalyse (5 sp, Haust)
  • BIO332 Fylogenetiske metodar (5 sp, Haust)

Intereressert i økologi, med fokus på zoologisk økologi:

  • BIO250 Palaeoøkologi (10 sp, Haust)
  • BIO262 Norden sin vegetasjon i fortid og notid (10 sp, Haust, partalsår)
  • BIO332 Fylogenetiske metodar (5 sp, Haust)
  • BIO341 Biodiversitet (5 sp, Haust, irregulært, dersom meir enn 5 personar registrerer seg for emnet)

Intereressert i marin evolusjon og økologi:

  • BIO208 Miljøpåverknad av oppdrett (10 sp, Vår)
  • BIO212 Marin samfunnsøkologi - Organismar og habitat (10 sp, Vår)
  • BIO213 Marin økologi, miljø og ressursar (10 sp, Haust)
  • BIO217 Mikrobiell økologi (10 sp, Haust)

Intereressert i matematikk, programmering, og i å gjøre en kombinasjon av matematikk, programmering, økologi og matematikk, legg disse til valgemnene dine:

  • BIO302 Biostatistikk II (5 sp, Vår)
  • STAT200 Anvendt statistikk (10 sp, Vår, oddetalsår)
  • STAT202 Biostatistikk (10 sp, Vår, partalsår)

Dette er tilrådde valemne. Sjå heile emneporteføljen til Institutt for biovitenskap.

Omfang masteroppgåva

I samråd med rettleiaren din skal du sjølv velje ei masteroppgåve. Saman skal de utarbeide ei prosjektskisse og lage ein framdriftsplan som inneheld viktige milepålar i arbeidet med oppgåva. Masteroppgåva skal vere eit forskingsbasert arbeid. Tema i oppgåva kan veljast innanfor forskingsområdet til dei aktuelle rettleiarane, knytt til instituttets forsking frå eit breitt spektrum av mikrobiologien - frå reine laboratorieoppgåver til feltoppgåver og kombinasjonar av desse.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølgje for emna i programmet finn du under punktet Obligatoriske emne.

Krav til progresjon i studiet

Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leverast innan ein fastsett dato, normalt 1. juni og 22. november.

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Arbeids- og undervisningsformer

Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Undervisningsforma for emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av førelesningar, laboratoriearbeid, feltekskursjoner, og seminar. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Studiet blir avslutta med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent. Vurderingsform for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F eller bestått/ikkje bestått.

For masteroppgåva nyttast bokstavkarakter.

Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad). For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga ved UiB må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre. Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Relevans for arbeidsliv

Studiet skal gi deg godt grunnlag for relevant arbeid i offentleg forvalting, næringsliv, skoleverk og for vidare doktorgradsstudium.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for biovitenskap har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet: studie@bio.uib.no

Adminstrativt ansvarleg

Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for biovitenskap har det administrative ansvaret for programmet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studie@bio.uib.no