Hjem
Utdanning

Namn på grad

Master i biologi - Fiskeribiologi og forvalting

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i biologi har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Fiskeribiologi og forvaltning er ei spesialisering i Masterprogrammet i biologi.

Målet med programmet er å gi deg innsikt i og oversikt over fagområdet fiskeribiologi, med vekt på korleis utnytting og andre ytre og indre faktorar verker på dei levande ressursane i havet.

Når du har gjennomgått programmet, skal du ha fått grunnleggande kunnskapar om biologi, livshistorie og økologi hos fiskar samt kunnskapar om oseanografi og marine økosystem. Du vil også ha ei basal forståing av fiskestammar sin populasjonsstruktur, fiskereiskapar sine funksjonar og seleksjonsmønster, utnyttingsstrategiar av fiskestammar frå utvalde økosystem og enklare populasjonsdynamiske modellar, samt kunnskap om korleis økologiske faktorar saman med fiskeri påverkar utviklinga av fiskestammane.

Du vil også få praktisk erfaring frå fiskeribiologisk arbeid i laboratoriet, i felt og på forskingsfartøy. I tillegg vil du ha erfaring frå gjennomføring av eit forskingsarbeid basert på eit materiale innsamla i laboratorium eller felt, alternativt på tidsseriar av biologiske data. Masteroppgåva kan også vere basert på utvida litteraturstudie.

Læringsutbyte

Målet med programmet er å gi kandidaten innsikt i og oversikt over fagområdet fiskeribiologi, med vekt på korleis høsting samt biotiske og abiotiske faktorar verker på dei levande ressursane i havet.

Kunnskap

  • Grunnleggande kunnskapar om biologi, livshistorie, evolusjon og økologi hos fiskar samt kunnskapar om oseanografi og marine økosystem.
  • Ei basal forståing av fiskestammar sin populasjonsstruktur, fiskereiskapar sine funksjonar og seleksjonsmønster, utnyttingsstrategiar av fiskestammar frå utvalde økosystem og enklare populasjonsdynamiske modellar
  • Kunnskap om korleis økologiske faktorar saman med fiskeri påverkar utviklinga av fiskestammane

Ferdighetsmål

Etter gjennomgått program har kandidaten tilegnet seg:

  • Praktisk erfaring frå fiskeribiologisk arbeid i laboratoriet, i felt og på forskingsfartøy
  • Erfaring frå gjennomføring av eit forskingsarbeid basert på eit materiale innsamla i laboratorium eller felt, alternativt på tidsseriar av biologiske data
  • Ferdigheter til munnleg og skriftleg presentasjon av resultat frå biologisk forsking i populærvitskapleg og akademisk kontekst
  • Ferdighet til å måle størrelse på fisk og bestemme alder og modningsstatus
  • Hente inn, analysera og anvende ny kunnskap innanfor fagområdet
  • Analysere, tolke og drøfte eigne data på ein fagleg god og kritisk måte, og i lys av data og teoriar innan sitt fagområde
  • Være i stand til å setja opp eit eksperiment eller feltstudium som kan være med på å gi svar på forskingsspørsmål.
  • Handtere og presentere kvantitative data, drøfte presisjon og nøyaktigheit og nytte dei mest grunnleggjande statistiske prinsippa

Generell kompetanse
Etter masterstudiet skal kandidaten:

  • Kunne arbeide i tråd med vitskaplege prinsipper og ha forståelse og respekt for åpenhet, presisjon, etterrettelighet og betydningen av å skille mellom fakta og meininger.
  • Kunne analysere generelle biologiske vitskaplege problemstillingar og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på. Kunne arbeide med krevjande oppgåver og samstundes overhalde tidsfristar
  • Kunne diskutere faget i samfunnsdebatten.
  • Arbeide sjølvstendig og som del av eit team

Opptakskrav

Masterprogrammet i biologi byggjer på ein bachelorgrad i biologi eller beslekta fagområde. Søkar må vise til emne innan følgjande fagområde:

  • 80 studiepoeng i biologi, som må dekke følgjande fagområder: zoologi, botanikk, mikrobiologi, cellebiologi, genetikk, molekylærbiologi, fysiologi, evolusjon og økologi
  • 20 studiepoeng i kjemi, der 10 studiepoeng/ECTS må inkludere labarbeid
  • 10 studiepoeng i statistikk
  • 10 studiepoeng i matematikk (inngår ikkje i utrekning av gjennomsnittskarakter)

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i biologi
  • Bachelorgrad i berekraftig havbruk
  • Bachelorgrad i miljø og ressursfag, naturvitskapleg retning, studieveg biologi

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du oppfyller opptakskravet som beskrive over.

Du må også ha:

  • Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av, ekskludert 10 studiepoeng i matematikk.
  • OBS! Ta kontakt med Studieseksjonen på studie@bio.uib.no dersom du har Bachelor i berekraftig havbruk eller Bachelor i miljø- og ressursfag frå UiB, då desse har andre emne i opptaksgrunnlaget.
  • Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse , anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
  • Språkkrav for tospråklege program

Obligatoriske emne

1. semester (Haust):

Obligatoriske emne: 30 studiepoeng

Sjå video med studentar som fortel om korleis dei opplevde forskningstoktet i BIO325 Havforsking.

2. semester (Vår):

Obligatoriske emne: 30 studiepoeng

  • BIO339 Økosystem- og fiskerimodellar (10 sp)
  • BIO356 Bestandsovervaking og ansvarleg hausting (10 sp)

Vél 1 av følgjande 3 emne:

  • SDG214 FNs Bærekraftsmål 14: Liv under vatn (10 sp) - dersom vald, må emne bli tatt 2. semester (Vår)
  • BIO201 Økologi (10 sp) - dersom vald, må emne bli tatt 3. semester (Haust)
  • BIO280 Fiskebiologi I - Systematikk og anatomi (10 sp) - dersom vald, må emne bli tatt 3. semester (Haust)

3. semester (Haust):

Obligatoriske emne: 30 studiepoeng

  • BIO399 Masteroppgåve i biologi (30 sp)

4. semester (Vår):

Obligatoriske emne: 30 studiepoeng

  • BIO399 Masteroppgåve i biologi (30 sp)

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva er på 60 sp.

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Undervisningsmetodar

Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan. Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Undervisningsforma for emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av førelesningar, laboratoriearbeid, seminar og gruppeundervising. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga

Vurderingsformer

Studiet avsluttast med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent. Vurderinga på emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen, individ- og gruppepresentasjoner, og diverse former for semesterarbeid. Vurderingsform for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

For masteroppgåva nyttast bokstavkarakter.

Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).

For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga ved UiB må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.

Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak

Relevans for arbeidsliv

Studiet skal gi eit godt grunnlag for arbeid i offentleg forvalting, næringsliv og skoleverk (dersom ein har pedagogisk utdanning i tillegg) samt for vidare doktorgradsstudium innan fiskeribiologi og tilgrensande fagfelt med moglegheiter for forskarstillingar ved universitet, høgskolar og forskingsinstitutt som Havforskingsinstituttet.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for biovitenskap har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet: studie@bio.uib.no

Adminstrativt ansvarleg

Institutt for biovitenskap har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studie@bio.uib.no / +47 55 58 44 81.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studie@bio.uib.no, Tlf 55 58 44 00