Hjem

Utdanning

Studieretning

Marinbiologi

  • Lengde2 år
  • SpråkNorsk/Engelsk
  • StudiestartHaust/Vår
  • Studiepoeng120

Introduksjon

Mål og innhald

Studieretninga har som mål å utdanne marinbiologar med generell oversikt og kunnskap om: sentrale prosessar og typiske mønster i det marine økosystemet, flora og fauna i karakteristiske marine habitat, marine organismar sin biologi og økologi, og vanlege forskingsmetoder innan feltbasert, eksperimentell og teoretisk orientert forsking på marine økosystem.

Det sjølvstendige forskingsprosjektet kombinert med fordjupingskurs og spesialpensum gjev ein meir spesialisert og djuptgåande kunnskap om utvalde forskingstema og forskingsmetodar. Aktuelle fagområde for forskingsprosjekt er marin økologi, marin organismebiologi, biogeografi, populasjonsgenetikk, invasjonsbiologi, biosystematikk, samt evolusjonære problemstillingar basert på studiet av marine organismar.

Masterstudenten utviklar også generelle ferdigheiter i å definere, planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig forskings-/utgreiingsprosjekt, og å dokumentere og drøfte vitskaplege resultat gjennom ei skriftleg avhandling.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kunnskapar

  • Forklare sentrale omgrep og fagtermar i biologi og marinbiologi.
  • Beskrive typiske marine habitat med tilhøyrande flora og fauna.
  • Kjenne til oseanografiske drivkrefter i marine system.
  • Forstå interaksjonar mellom marine organismar og miljø, og tilpassingar hos marine organismar.
  • Forstå dynamikken og strukturerande prosessar i marine populasjonar og artssamfunn.
  • Anvende marine forskningsmetodar og forstå deira avgrensinger og feilkjelder.
  • Anvende fagkunnskap til å belyse og/eller løyse problemstillingar av forvaltingsmessig karakter.

Ferdigheiter

  • Bruke grunnleggjande marinbiologiske metodar.
  • Utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer.
  • Handtere og presentere kvantitative data, samt vurdere tiltru til konklusjonar med bruk av grunnleggjande statistiske prinsipp.
  • Analysere marinbiologiske problemstillingar og drøfte måtar å utforske desse på ved hjelp av relevant teori og metode.
  • Hente inn, vurdere og ta i bruk ny kunnskap innanfor fagområdet.
  • Analysere, tolke og drøfte eigne data på ein fagleg god og kritisk måte, og i lys av data og teoriar innan sitt fagområde.

Generell kompetanse

  • Kunne følgje vitskaplege diskusjonar generelt og kunne vurdere innfallsvinklar og måtar å løyse problem på.
  • Kunne gje ein god skriftleg og munnleg framstilling av vitskaplege tema og forskingsresultat.
  • Kunne kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor marinbiologi, både med spesialistar og til allmennheita.
  • Kunne reflektere over sentrale, etiske og vitskaplege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid.
  • Vise forståing og respekt for vitskaplege verdiar som det å vere nøyaktig, open, ærleg, objektiv, sakleg og å skilje mellom kunnskap og eigne meiningar.

Utveksling

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Korleis søke

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak), vår (suppleringsopptak)

Opptakskrav

Bachelor i biologi eller tilsvarande utdanning. Det er ein fordel om du har BIO201 Økologi (10 SP) eller BIO213 Marin økologi (10 SP), eller tilsvarande.

Gjennomsnittskarakteren på spesialiseringa i bachelorstudiet eller tilsvarande, må vere C eller betre. Dersom det er fleire søkarar til eit program enn det er plasser, vil søkarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.

Dersom du får plass på studieretninga må du som del av spesialseringa velje minst eitt av følgjande emne (eller tilsvarande), dersom ikkje minst eitt av dei er tekne under lågare grad:

img_2110_klippet.jpg

Marine biology
Foto:
Aurélien Delaval

Mer informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen