Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMN-BIOMAR Marinbiologi, vår 2022

Namn på grad

Master i biologi - Marinbiologi

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i biologi har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Marinbiologi er ei spesialisering i Masterprogrammet i biologi.

Spesialiseringa har som mål å utdanne marinbiologar med generell oversikt og kunnskap om: sentrale prosessar og typiske mønster i det marine økosystemet, flora og fauna i karakteristiske marine habitat, marine organismar sin biologi og økologi, og vanlege forskingsmetoder innan feltbasert, eksperimentell og teoretisk orientert forsking på marine økosystem.

Det sjølvstendige forskingsprosjektet kombinert med fordjupingskurs og spesialpensum gjev ein meir spesialisert og djuptgåande kunnskap om utvalde forskingstema og forskingsmetodar. Aktuelle fagområde for forskingsprosjekt er marin økologi, marin organismebiologi, biogeografi, populasjonsgenetikk, invasjonsbiologi, biosystematikk, samt evolusjonære problemstillingar basert på studiet av marine organismar.

Masterstudenten utviklar også generelle ferdigheiter i å definere, planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig forskings-/utgreiingsprosjekt, og å dokumentere og drøfte vitskaplege resultat gjennom ei skriftleg avhandling.

Læringsutbyte

Kunnskapar

  • Forklare sentrale omgrep og fagtermar i biologi og marinbiologi.
  • Beskrive typiske marine habitat med tilhøyrande flora og fauna.
  • Kjenne til oseanografiske drivkrefter i marine system.
  • Forstå interaksjonar mellom marine organismar og miljø, og tilpassingar hos marine organismar.
  • Forstå dynamikken og strukturerande prosessar i marine populasjonar og artssamfunn.
  • Anvende marine forskningsmetodar og forstå deira avgrensinger og feilkjelder.
  • Anvende fagkunnskap til å belyse og/eller løyse problemstillingar av forvaltingsmessig karakter.

Ferdigheiter

  • Bruke grunnleggjande marinbiologiske metodar.
  • Utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer.
  • Handtere og presentere kvantitative data, samt vurdere tiltru til konklusjonar med bruk av grunnleggjande statistiske prinsipp.
  • Analysere marinbiologiske problemstillingar og drøfte måtar å utforske desse på ved hjelp av relevant teori og metode.
  • Hente inn, vurdere og ta i bruk ny kunnskap innanfor fagområdet.
  • Analysere, tolke og drøfte eigne data på ein fagleg god og kritisk måte, og i lys av data og teoriar innan sitt fagområde.

Generell kompetanse

  • Kunne følgje vitskaplege diskusjonar generelt og kunne vurdere innfallsvinklar og måtar å løyse problem på.
  • Kunne gje ein god skriftleg og munnleg framstilling av vitskaplege tema og forskingsresultat.
  • Kunne kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor marinbiologi, både med spesialistar og til allmennheita.
  • Kunne reflektere over sentrale, etiske og vitskaplege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid.
  • Vise forståing og respekt for vitskaplege verdiar som det å vere nøyaktig, open, ærleg, objektiv, sakleg og å skilje mellom kunnskap og eigne meiningar.

Opptakskrav

Masterprogrammet i biologi byggjer på ein bachelorgrad i biologi eller beslekta fagområde. Søkar må vise til emne innan følgjande fagområde:

  • 80 studiepoeng i biologi, som må dekke følgjande fagområder: zoologi, botanikk, mikrobiologi, cellebiologi, genetikk, molekylærbiologi, fysiologi, evolusjon og økologi
  • 20 studiepoeng i kjemi, der 10 studiepoeng/ECTS må inkludere labarbeid
  • 10 studiepoeng i statistikk
  • 10 studiepoeng i matematikk (inngår ikkje i utrekning av gjennomsnittskarakter)

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i biologi
  • Bachelorgrad i berekraftig havbruk
  • Bachelorgrad i miljø og ressursfag, naturvitskapleg retning, studieveg biologi

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du oppfyller opptakskravet som beskrive over.

Du må også ha:

  • Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av, ekskludert 10 studiepoeng i matematikk.
  • OBS! Ta kontakt med Studieseksjonen på studie@bio.uib.no dersom du har Bachelor i berekraftig havbruk eller Bachelor i miljø- og ressursfag frå UiB, då desse har andre emne i opptaksgrunnlaget.
  • Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse , anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
  • Språkkrav for tospråklege program

Tilrådde forkunnskapar

Emne i økologi og marin økologi, som BIO201 Økologi, BIO212 Marin samfunnsøkologi - Organismar og habitat, BIO213 Marin økologi, miljø og ressursar, BIO217 Mikrobiell økologi (eller tilsvarande).

Obligatoriske emne

STUDIESTART: HAUST

1. semester (haust):

Sjå video med studentar som fortel om korleis dei opplevde forskningstoktet i BIO325 Havforsking.

 

2. semester (vår):

  • BIO309 Marin flora (10 sp)
  • Valemne (15 sp) 

Vél 1 av følgjande 4 emne:

  • BIO201 Økologi* (10 sp) - dersom vald, må emne bli tatt 3. semester (haust)
  • BIO212 Marin samfunnsøkologi - Organismar og habitat* (10 sp) - dersom vald, må emne bli tatt 2. semester (vår)
  • BIO217 Mikrobiell økologi* (10 sp) - dersom vald, må emne bli tatt 3. semester (haust)
  • SDG214 FNs Bærekraftsmål 14: Liv under vatn* (10 sp) - dersom vald, må emne bli tatt 2. semester (vår)

 

3. semester (haust):

  • BIO399 Masteroppgåve i biologi (30 sp)

 

4. semester (vår):

  • BIO399 Masteroppgåve i biologi (30 sp)

 

*Obligatorisk med mindre emnet (eller tilsvarande) er tatt tidlegare. Dersom det er tatt tidlegare, bytt ut med valemne.

Tilrådde valemne

  • BIO232 Systematikk og evolusjon av marine evertebratar (10 sp, haust) partalsår
  • BIO280 Fiskebiologi I - Systematikk og anatomi (10 sp, haust)
  • BIO299 Forskingspraksis i biologi (10 sp, haust/vår)
  • BIO301 Aktuelle tema i biodiversitet, evolusjon og økologi (10 sp, vår)
  • BIO302 Biostatistikk II (5 sp, vår)
  • BIO315 Utvalde mikrobiologiske emne (5 sp, vår) uregelmessig, dersom min. 5 studentar melder seg
  • BIO318 Aktuelle geobiologiske tema (10 sp, vår) uregelmessig, dersom min. 5 studentar melder seg
  • BIO324 Fiskeåtferd (5 sp, vår)
  • BIO332 Fylogenetiske metodar (5 sp, haust)
  • BIO335 Populasjongenetiske metodar (5 sp, vår)
  • BIO340 Utvalde emne i fiskeri- og marinbiologi* (5 sp, vår/haust) uregelmessig, dersom min. 5 studentar melder seg
  • BIO341 Biodiversitet (5 sp, haust) uregelmessig, dersom min. 5 studentar melder seg
  • BIO356 Bestandsovervaking og ansvarleg hausting* (10 sp, vår)
  • LAS301 Kurs i forsøksdyrlære (6 sp, vår/haust)
  • LAS303 Kurs i forsøksdyrlære, spesialdel fisk (4 sp, vår)

 

*Merk: Akustikk-modulen (5 sp) av BIO356 Bestandsovervaking og ansvarleg hausting (10 sp), kan bli tatt som Utvalde emne i fiskeri- og marinbiologi (5 sp).

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Undervisningsmetodar

Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan. Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Undervisningsforma for emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av førelesningar, laboratoriearbeid, seminar og gruppeundervising. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Studiet avsluttast med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent. Vurderinga på emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen, individuelle og gruppepresentasjonar, og diverse former for semesterarbeid. Vurderingsform for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «Bestått/Ikke bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F. For masteroppgåva nyttast bokstavkarakter.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad). For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga ved UiB må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre. Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Relevans for arbeidsliv

Mange marinbiologar jobbar innan natur-, miljø- og ressursforvalting, forsking, havbruk, skuleverk, industri, miljøorganisasjonar og i medie- og konsulentverksemder. Studiet skal gi eit godt grunnlag for arbeid innan offentleg forvalting, næringsliv, skuleverk og for vidare doktorgradsstudium innan marinbiologi og tilgrensande fagfelt.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på Studiekvalitetsbasen.

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for biovitenskap har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

Adminstrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved Institutt for biovitenskap har det administrative ansvaret for programmet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studie@bio.uib.no