Hjem
Utdanning
Studieretning

Mikrobiologi

  • Lengde2 År
  • Studiepoeng120

Hovedinnhold

Introduksjon

Mål og innhald

Mikrobiologi er ei spesialisering i masterprogrammet i biologi.

Mikrobiologi er læra om dei mikroskopiske organismeformene: bakteriar, arkeer, sopp, eincella algar og protozoar, og omfattar òg virus. Sentralt i faget er studiet av mikroorganismane sine eigenskapar og deira funksjonar i ulike miljø. Faget spenner frå grunnleggjande cellebiologiske og molekylære problemstillingar til økologi og utnytting av mikroorganismane i praktisk og kommersiell samanheng.

Mikrobiologi er eit viktig fag i mange samanhengar, som til dømes innan: matvareindustri, medisin og veterinærmedisin, jordbruk, oljeindustri, bioteknologi og i forhold til miljø og økologiske prosessar i naturen. Kunnskap i mikrobiologi er derfor viktig og har stor betyding for samfunnet og vår forståing av livets opprinnelse og mangfald på jorda og som modellsystem for mogeleg utanomjordisk liv.

Målet med spesialiseringa Mikrobiologi er å gje innsikt i faget gjennom teoretisk, eksperimentell og anna relevant verksemd, slik at studenten får ei heilskapleg forståing av mikroorganismane sine eigenskapar, aktivitetar og roller i naturen. Spesialiseringa skal gjere studenten skikka til å gå inn i et breitt utval av stillingar der mikrobiologi er relevant.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

I studiet vil kandidaten tileigne seg kunnskapar om:

  • Dei mest karakteristiske eigenskapane til dei mikroskopiske organsimeformene: bakterier, arkeer, sopp, mikroalgar og protozooaer, og virus mikrorganismanes funksjon og betydning i ulike miljø
  • Det økologiske samspelet mellom mikroorganismar og mellom mikro- og makroorganismar (symbiose), inkludert deira betydning for utvikling av sjukdom
  • Mikrobiell diversitet, fysiologi, energimetabolisme, mikrobielle næringsnett og biogeokjemiske syklusar
  • Mekanismar for genregulering og genoverføring hos mikroorganismar
  • Prokaryote organismar si rolle under den tidlege evolusjonen av livet på jorda
  • Den samfunnsmessige betydningen av mikrobiologien
  • Grunnleggande eksperimentelle metodar/teknikkar som nyttas i mikrobiologi, molekylærbiologi og bioteknologi

I studiet vil kandidaten tileigne seg fylgjande ferdigheiter:

  • Kjenne til relevante spørsmål i mikrobiologi, og kunne bidra konstruktivt til planlegging og gjennomføring av mikrobielle undersøkelser og vurdere resultata i lys av hypotesene som blir testet
  • Oppsøke, kritisk vurdere, og benytte mikrobiologisk kunnskap og biologisk vitenskaplig litteratur
  • Ha kjennskap til og kunne nytte grunnleggjande mikrobiologiske metodar
  • Handtere og presentere kvantitative data, drøfte presisjon og nøyaktigheit og nytte dei mest grunnleggjande statistiske prinsippa
  • Presentere, analysere og diskutere mikrobiologiske forskningsresultat på ein faglig god og kritisk måte i lys av data og teoriar innan sitt fagområde, både muntleg og skriftleg - også til ikkje-spesialistar

Generell kompetanse

  • Kunne arbeide i tråd med vitenskaplige prinsipper og har forståelse og respekt for vitenskaplige verdier som åpenhet, presisjon, etterrettlighet, og betydning av å skille mellom kunnskap og meninger
  • kunne reflektere over sentrale, etiske og vitenskaplige problemstillinger i eget og andre sitt arbeid

Utveksling

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Korleis søke

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på

http://www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak), vår (suppleringsopptak dersom ikkje alle plassar blir fylte)

Opptakskrav

Masterprogrammet i biologi byggjer på ein bachelorgrad i biologi eller beslekta fagområde. Søkar må ha:

  • bachelorgrad i biologi eller beslekta fagområde
  • minst 60 studiepoeng i biologi
  • minst 7,5 studiepoeng i kjemi m/laboratoriearbeid
  • minst 7,5 studiepoeng i statistikk
  • minst 7,5 studiepoeng i matematikk (dersom søkjar ikkje har Matematikk R2 frå vidaregåande skule)

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i biologi
  • Bachelorgrad i berekraftig havbruk
  • Bachelorgrad i miljø og ressursfag, naturvitskapleg retning, studieveg biologi

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du oppfyller opptakskravet som beskrive over.

Du må også ha:

  • Karakterpoenget (karaktersnitt) må vere på minimum C i emna di opptakskravet for å formelt kunne kvalifisere til opptak.

OBS! Ta kontakt med Studieseksjonen på studie@bio.uib.no dersom du har Bachelor i berekraftig havbruk eller Bachelor i miljø- og ressursfag frå UiB, då desse har andre emne i opptaksgrunnlaget.

Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med

Foto/ill.:
Mikal Heldal

Meir informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen