Hjem

Utdanning

Studieplan for MAMN-BIO Biologi, master, 2 år, haust 2018

Namn på grad

Masterprogrammet i biologi fører fram til graden Master i biologi.

Studiestart - semester

Hovudopptak er haust, supplering vår

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på opptakssidene til fakultetet.

Opptakskrav

Bachelorgrad i biologi eller tilsvarande utdanning. Annan bakgrunn kan bli vurdert som tilstrekkeleg for opptak, avhengig av kva for studieretning du vel.

Gjennomsnittskarakteren på spesialiseringa i bachelorstudiet eller tilsvarende, må vere C eller betre. Du bør også sjekke sida til studieretninga du ønskjer å søke for å sjekke om det er tilleggskrav. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva er på 60 studiepoeng.

Krav til progresjon i studiet

Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leverast innan en gitt frist.

Undervisningsmetodar

Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan.

Undervisningsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F

Karakterskala for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Administrativt ansvarleg

Institutt for biovitenskap har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studie@bio.uib.no