Hjem

Energi, master, 2 år

Energiforbruket i verda er i rask endring. Om vi skal greie å bremse global oppvarming for å nå to-gradarsmålet, må vi endre dagens energiforsyning og energibruk. Energiomstilling er eitt av satsingsområda ved Universitetet i Bergen.
  • Lengde2 år
  • Plassar30
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkEngelsk, Norsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Masterprogrammet i energi gir deg eit teoretisk fundament for å forstå eit breitt spekter av tema knytte til energiressursar og energibruk, og å vurdere dei i eit breiare miljø- og samfunnsperspektiv. 

Du kan spesialisere deg i emne som: 

  • Energi frå vind, vatn og sol 
  • Geotermisk energi (jordvarme) 
  • Energifysikk og materiale til energisystem 
  • Overføring av energi, inkludert termiske maskiner og elektriske system 
  • Energisystem inkludert energitryggleik, systemoptimalisering og miljøpåverknad  

Meir informasjon under

Ta mastergrad i fornybar energi

Producer:
UiB

Jobb 

Denne utdanninga er svært relevant for arbeidsplassar i energiforsyningsfirma, konsulentselskap, offentlege tenester og forsking

Dei som utdannar seg hos oss jobbar både i Noreg og i utlandet, og både i offentleg og privat sektor, i selskap som: 

  • SFE Nett Florø 
  • Havyard Design 
  • Aibel 
  • Aker Solutions 
  • Greenstate 
  • Nordisk energiforskning 
  • CMR Prototech AS 
  • EnergiTrainee 
  • Kverneland energi  
  • UiB 

Du kan også halde fram innan akademisk forsking ved å ta ei forskarutdanning (ph.d.). 

Møt våre tilsette og alumnar. 

Les meir om kva du kan jobbe med

Meir informasjon under

Oppbygging 

Det er to obligatoriske, felles emne i masterprogrammet i energi.  

Resten av emna er valemne. Du vel emne som er relevante for masteroppgåva di, i samråd med den vitskapelege rettleiaren din.  Det einaste unntaket er fordjupinga i termiske maskiner og elektriske kraftsystem, der alle emna er obligatoriske.  

Mastergradoppgåva er normalt 60 studiepoeng, noko som gir deg eit utmerkt høve til å fokusere på eit forskingsprosjekt.   

1. semester 

2. semester 

3. og 4. semester 

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag 

Klima og energiomstilling er eitt av satsingsområda ved Universitetet i Bergen. Masterprogrammet i energi høyrer til Geofysisk Institutt (lenkje) som ligg på UiB sin campus midt i Bergen sentrum. Bjerknes senter for klimaforskning (lenkje) ligg like i nærleiken.  

Instituttet er vert for Bergen Energy Lab, der du kvar veke deltek på lunsjmøte og seminar, og diskuterer emne som den globale energirevolusjonen, grønt skifte og utvikling av berekraftige energisystem. Dette er ein viktig møteplass for studentar, bedrifter og akademia.  

Bergen Offshore Wind Centre (BOW) er etablert for å styrke forsking og utdanning innanfor offshore vindkraft. Senteret har tre fokusområde: vindressursar, lokasjonsevaluering og drift av vindparkar.  

På dette studiet blir du ein del av eit levande, internasjonalt studentmiljø, der tonen mellom tilsette og studentar er nær og uformell. 

Masterstudiet i energi brukar ein kombinasjon av førelesingar og andre læringsmetodar som øvingar, laboratoriearbeid med journalar, seminar og feltarbeid.  

Arbeidsmengde obligatoriske emne: 

ENERGI200 har fire timar førelesingar og ein time øving i veka. Øvingane vil inkludere  utrekningar og diskusjonar av emne frå førelesingane. Vi drar òg på utfluktar til energiselskap og installasjonar.  

ENERGI210  består til vanleg av ei to timars førelesing og ei to timars oppgåve kvar veke. Øvingane vil normalt inkludere praksis i utrekning og diskusjonar av emne frå førelesingane. For enkelte større tema kan det vere fire timar førelesingar i veka, med utrekning som er spreidd utover førelesingane.  

Arbeidsmengde valemne varierer, avhengig av emnet. 

Masteroppgåva  

Du finn eit forskingsemne og rettleiar når du byrjar som masterstudent. Det finst tilgjengelege masterprosjekt som du kan velje blant. 

Vi forventar at du jobbar sjølvstendig med masteroppgåva di, men du får god støtte frå rettleiaren din. Du er òg forventa å kunne diskutere emnet med medstudentane dine. 

Mastergradprosjektet er normalt 60 studiepoeng. Det finst nokre unntak, der 30 studiepoeng blir erstatta av relevante emne og du skriv ei masteroppgåve på 30 studiepoeng.

Sjå lista over våre tidlegare mastergradoppgåver. 

Kva lærer du 

Ein kandidat frå masterstudiet i energi:  

  • har inngåande kunnskap om ulike energiressursar og bruken av dei 
  • har spesialisert seg på eitt eller fleire energiemne 
  • har solid kunnskap innan grunnleggjande emne innan matematikk og fysikk som grunnlag for å halde seg oppdatert innan energifeltet 

Fullstendig liste over læringsutbytte. 

Utveksling 

Det er dessverre ikkje lagt opp til at du skal reise på utveksling som del av studiet. Om du ønskjer å studere i utlandet, må du derfor planlegge tidleg i samråd med rettleiaren din, og sjå om du kan reise ut mens du skriv på oppgåva di i tredje eller fjerde semester. Universitetet har utvekslingsavtalar med mange universitet i Europa og resten av verda.

Opptakskrav

Masterprogrammet i energi byggjer på ein relevant bachelorgrad i naturvitskap/realfag/ ingeniørfag eller tilsvarande. Du må ha emnet MAT111 "Grunnkurs i matematikk", eller matematikk 1+2+3 (valfag matematikk) eller tilsvarande. I tillegg må du ha eitt av emna PHYS113 "Mekanikk 2 og termodynamikk" eller KJEM210 "Kjemisk termodynamikk" eller tilsvarande. For studentar som søker temagruppe elkraftteknikk kan det gjerast unntak frå kravet om termodynamikk. 

Du kan få opptak i ei eller fleire av temagruppene avhengig av forkunnskapar: 

Temagruppe 1) Geofysikk:  

Du må ha ein bachelorgrad i meteorologi, oseanografi, fysikk eller relevante ingeniørfag (marin eller energi). Du kan gjennomføre masteroppgåver innafor til dømes vindenergi, havenergi, vasskraft, globale energiutfordringar og miljøkonsekvensar av fornybar energi. 

Temagruppe 2) Matematikk, fysikk og informatikk:  

Du må ha ein bachelorgrad i matematikk, fysikk, geofysikk, berekningsvitskap eller informatikk. Du kan gjennomføre masteroppgåver innafor til dømes havenergi, geotermisk energi og lagring, energi-analyse og optimering, solceller, regnceller, batteriteknologi og sikkerhet i energiproduksjon. 

Temagruppe 3) Kjemi og miljø:  

Du må ha ein bachelorgrad i kjemi, nanoteknologi eller relevante ingeniørfag (kjemi, biokjemi, energi). Du kan gjennomføre masteroppgåver innafor til dømes bioenergi, solceller, materialar for energibruk og batteriar.  

Temagruppe 4) Termiske maskiner og Sikkerhet i energiproduksjon:  

Du må ha ein bachelorgrad i relevante ingeniørfag (maskin, marin, energi, kjemi prosessteknologi). Du kan gjennomføre masteroppgåver knytt til termiske maskiner og sikkerhet i energiproduksjon. 

Temagruppe 5) Elkraftteknikk:  

Du må ha ein bachelorgrad i elkraftteknikk eller tilsvarande. Du kan gjennomføre masteroppgåver knytt til el-kraftsystemer. 

Berekning av karaktersnitt 

Dersom det er fleire søkjarar til programmet enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget, og tilgjengelege plassar i den enkelte temagruppa. 

Karaktersnitt regnes på grunnlag av hele graden. 

Du må også ha: 

Korleis søke

opptakssidene finn du meir informasjon om korleis du går fram for å søke opptak til studiet.

Søknadsfristen er 15. april.

Søk her