Hjem

Energi, master, 2 år

Master i energi passer for deg som er interessert i energiforbruket i verda. verdas energiforbruk. Ei berekraftig framtid krev at vi endrar dagens energiforsyning og energibruk. Energiforbruket i verda er i rask endring, og gjennom studiet tileignar du deg ettertrakta kompetanse innan energiomstilling.
  • Lengde2 År
  • Plassar20
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkEngelsk, Norsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Ein ferdig utdanna student frå masterprogrammet i energi     

  • har solid, vitskapeleg fundert kunnskap om ulike energiressursar, deira utnytting, fordeler og ulemper 
  • har spesialisering innan eit av energitemaa 1) vind- og havenergi, 2) matematikk, fysikk og informatikk eller 3) kjemi og miljø 
  • kan utføre avanserte analysar av for eksempel ressursar,  fornybar  energi, systemverknad og  miljøkonsekvensar   
  • har eit fundament for å forstå eit breitt spekter av tema knytt til energiressursar og energibruk, og for å kunne vurdere dei i eit miljø- og samfunnsperspektiv 

På bakgrunn av kva temagruppe du er tatt opp til, fordjupar du deg i utfordringar knytt til energi frå vind, vatn og sol; geotermisk energi (jordvarme); energifysikk og materiale til energisystem; overføring av energi, inkludert elektriske system; og energisystem inkludert energitryggleik, systemoptimalisering og miljøpåverknad.  

Meir informasjon under

Ta mastergrad i fornybar energi

Produsent:
UiB

Studiekvardag 

På masterprogrammet i energi blir du del av eit kull som følger kvarandre gjennom studiet. Vi har eit inkluderande studentmiljø på tvers av kulla, og du vil treffe studentar på liknande studieprogram i dei ulike emna.

Du får og vere ein del av eit internasjonalt fagmiljø gjennom samarbeid med for eksempel Bergen Offshore Wind Centre (BOW), Bergen Energy Lab og Bjerknessenteret for klimaforsking.   

Studiekvardagen består av undervisning i store og små grupper, data- og rekneøvingar, laboratoriearbeid og sjølvstudium. Du kan rekne med å bruke rundt 40 timar i veka på̊ studia. Du finn lesesalplassar på̊ læringssenteret til Universitetsbiblioteket på̊ Realfagbygget eller i Allégaten 66. På dei varmaste dagane sit mange studentar i den fine hagen framfor Geofysisk institutt.

Programmet har eit aktivt fagutval som heier Lumen. Lumen har både sosiale og faglege  arrangement du kan bli med på. 

Kva kan du jobbe som?

Kandidatar med mastergrad i energi er etterspurt. Dagens utfordringar skapar aukande behov for spesialistar innan energi og energiomstilling, både i Noreg og i verda.  

Utdanninga opnar for ein karriere i både privat og offentleg sektor, for eksempel innan  

  • energiselskap (som Equinor, Statkraft og Eviny)  
  • energiteknologiselskap   
  • konsulentselskap (som StormGeo, Multiconsult)  
  • universitet, høgskolar og forskingsinstitutt  
  • transportbedrifter (som NCE Maritime Cleantech)  
  • leverandørindustrien (som Aker Solutions, Aibel, Kværner)  

Meir informasjon under

Opptakskrav og søknadsfrist 

Søknadsfristen er 15. april. Søk her

Opptakskrava er todelt: Eit generelt opptakskrav for alle temagruppene, deretter spesifikke opptakskrav for kvar gruppe.  

  • Temagruppe 1. Vind- og havenergi 
  • Temagruppe 2. Matematikk, fysikk og informatikk  
  • Temagruppe 3. Kjemi og miljø 

Du finn meir informasjon om opptakskrav og berekning av karaktersnitt i studieplanen.  

Studiets oppbygging 

Studiet består av ein emnedel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. 

Emna ENERGI300 og ENERGI360 er obligatoriske emne. Valemne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samråd med rettleiar. 

Slik ser studieplanen ut:  

1. semester (haust)  

  • Energiressursar og forbruk (emnekode ENERGI300, 10 studiepoeng) 
  • Valemne (10 studiepoeng) 
  • Valemne (10 studiepoeng) 

2. semester (vår)  

  • Energifysikk og -teknologi (emnekode ENERGI360, 10 studiepoeng) 
  • Valemne (10 studiepoeng) 
  • Valemne (10 studiepoeng)  

3. semester (haust) 

  • Masteroppgåve (ENERGI399, 30 studiepoeng) 

4. semester (vår) 

  • Masteroppgåve (ENERGI399, 30 studiepoeng) 

Emna skal vere på 200- eller 300-nivå. Etter avtale med rettleiar kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå.  

Undervisninga på masterstudiet blir gitt som ein kombinasjon av forelesingar, øvingar, laboratoriearbeid med journalar, seminar og feltarbeid.  Du finn meir informasjon om dei konkrete arbeidskrava på nettsidene til kvart enkelt emne.  

Masteroppgåva   

Du finn eit forskingsemne og rettleiar når du begynner som masterstudent. Det finst mange spennande masterprosjekt å velje mellom innan kvar temagruppe. 

Vi forventar at du jobbar sjølvstendig med masteroppgåva, men du får god støtte frå rettleiaren din. Det er òg forventa at du kan diskutere emnet med medstudentane dine.  

Sjå lista over våre tidlegare mastergradoppgåver.  

https://www.uib.no/gfi/126331/eg-vil-seie-studiel%C3%B8pet-er-litt-spot-til-dei-utfordringane-industrien-st%C3%A5r-ovenfor-i-dag  

Utveksling  

Dersom du ønsker eit utanlandsopphald, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar tidleg i masterstudiet.  

Vidare studiemoglegheiter 

Studieprogrammet gir formelt grunnlag for vidare doktorgradsstudium innan fagfeltet.