Hjem

Fiskehelse, profesjon, 5 år

Med profesjonsstudiet i fiskehelse har du rett til å bruke den lovbeskytta tittelen fiskehelsebiolog. Fiskehelsebiolog er sidestilt med tittelen veterinær i norsk lovverk og kandidatar som har fått tildelt tittelen har same rettar som veterinærar når det gjeld å behandle sjukdom i havbruksnæringa.
  • Lengde5 år
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar

    25

  • OpptakskravREALFA
  • Studiepoeng300
  • StartHaust

https://www.uib.no/emne/BIO275Velkommen til studiestart ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MatNat)!

Påmelding til undervisning (IGANG): Etter at du har takka ja til studieplass skal du registrere deg til undervisning via IGANG.

Oppfriskingskurs i matematikk: I veke 32 tilbyr me oppfriskingskurs i matematikk. Det kan vere klokt å følge dette kurset før du startar på studiane dine.

Frammøte: Studiestart frå måndag 10. august, kl. 09.00 på Realfagbygget, Allégaten 41 til fredag 14. august. Nøyaktig informasjon om rom får du rundt 7. august på epost og SMS. Det er godt skilta på campus.

Studiestart er obligatorisk.

Korona: Studiestart skjer på campus og UiB følgjer til kvar tid gjeldande smittevernsreglar.

Program: Her finn du program for studiestarten.

Ta med: Du treng ikkje ta med deg noko spesielt.

Sjekkliste: For å bli klar for studiane, må du gjennom en sjekkliste. Du vil få hjelp til semesterregistrering i studiestartveka.

Har du spesielle behov? Dersom du har funksjonsnedsetting og behov for tilrettelegging, informerer du oss om dette via IGANG.

Har du spørsmål? Ta kontakt med informasjonssenteret på 55 58 30 30 eller studie.matnat@uib.no.  

Følg @realfaguib på Instagram!

Ny realfagstudent ved UiB

Producer:
UiB

Som fiskehelsebiolog vil du gjennom forståing av biologien til akvakultur organismar, mikro- og makroparasitter (virus , bakteriar og parasittar), og korleis immunsystemet til fisken fungerer, ha kunnskap som er særs viktig for å ha ei berekraftig oppdrettsnæring i framtida. 

På studiet i fiskehelse lærer du om alle dei aspekta som heng saman med helse og sjukdom hos akvatiske organismar: 

  • Du får grundig innsikt i infeksjonssjukdommar forårsaka av virus, bakteriar, sopp og parasittar 
  • Du får ei innføring i ernærings- og miljøforhold som er viktige for fiskehelse 
  • Du lærer om korleis sjukdom påverkar fisken: førebygging, diagnose og behandling  
  • Du får kunnskap om organisering og lovverk knytt til oppdrett og sjukdom  
  • Du får innsikt i havbruk og sjukdom i eit globalt miljø- og helseperspektiv.  
  • Studiet skjerpar dei etiske refleksjonane dine og medvitet ditt når det gjeld dyrehald og dyreforsøk 

Bergensregionen har sterke marine forskings- og innovasjonsmiljø og dette speglar seg i undervisninga vår. Institutt for biologi er ein del av Senter for framifrå utdanning i biologi, bioCEED.

Meir informasjon under

Studer fiskehelse!

Jobb

Det har vore stor etterspørsel etter fiskehelsekandidatar og alle kandidatar i fiskehelse har fått jobb rett etter avslutta studium. 

Som fiskehelsekandidat kan du jobbe: 

  • som autorisert fiskehelsebiolog i fiskehelsetenesta og havbruksnæringa 
  • i farmasøytisk industri 
  • innan diagnostikk 
  • i Mattilsynet med tilsyn og forvaltning av havbruksnæringa  
  • innanfor utdanning og forsking. 

Fiskhelsekandidatar er også kvalifiserte for vidare doktorgradsstudium på fagfeltet. 

Les meir om kva du kan jobbe med

Oppbygging

Profesjonsstudiet i fiskehelse er eit femårig fulltidsstudium, som startar i august. Ex. Phil. (examen philosophicum) (lenke) er eit filosofiemne som høyrer til i alle dei integrerte masterprogramma og bachelorprogramma ved UiB.   

Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.  

Slik er studiet lagt opp:  

1. semester (haust):  

  • Enten MAT101 Brukarkurs i matematikk I eller MAT111 Grunnkurs i matematikk I 
  • BIF100 Innføring i fiskehelse og havbruk     
  • BIO100 Innføring i evolusjon og økologi 

2. semester (vår):  

  • BIF101 Organismebiologi for fiskehelse og havbruk 
  • KJEM110 Kjemi og energi 
  • BIF200 Havbruksteknologi

3. semester (haust): 

  • BIO213 Marin økologi, miljø og ressursar 
  • BIO280 Fiskebiologi I - Systematikk og anatomi  
  • BIO291 Fiskebiologi II - Fysiologi 

4. semester (vår): 

5. semester (haust): 

  • BIO206 Ernæring hos fisk 
  • MOL100 Innføring i molekylærbiologi  
  • BIO273 Fiskesjukdommar - fiskeimmunologi 

6. semester (vår): 

  • BIF210 Molekylærbiologiske metodar 
  • BIO207 Næringsmiddelmikrobiologi med spesiell relevans til sjømat 
  • LAS303 Kurs i forsøksdyrlære, spesialdel fisk 
  • BIO274 Fiskesjukdommar – Farmakologi 

7. semester (haust): 

8. semester (vår): 

  • BIF310 Profesjonsutøving og praksis i fiskehelse 
  • BIO271 Fiskesjukdommar - Virologi  
  • BIO272 Fiskesjukdommar - Bakteriar, sopp og ikkje-infeksiøse sjukdommar 

9. og 10. Semester: 

  • FISK399 Masteroppgåve i fiskehelse 

Sjå oversikt over alle kurs

Studiekvardagen

Her blir du ein del av ein liten klasse (25 studieplassar) der de følger kvarandre gjennom studiet. Her møter du eit godt studentmiljø med tett oppfølging. 

Profesjonsstudiet er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.  

I løpet av ei typisk veke på dette studiet vil du ha 20-25 timar med forelesningar, seminar og praktiske øvingar. I tillegg kjem tid på lesesalen med pensumlitteratur.  

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne (fag) i studieplanen.  

Som del av studiet er det også lagt opp til at studentane skal ut i praksisperiodar i havbruksnæringa og fiskehelsetenesta. 

Vi held til på Marineholmen, der det er laboratorium, lesesalar og auditorium. Alle studentane har og tilgang til Realfagbygget, med bibliotek, lesesalar og læringssenter.  

Profesjonsstudiet i fiskehelse skal oppfylle krava for autorisasjon som fiskehelsebiolog. Derfor blir det stilt strenge krav til innhaldet i studiet. Det er også årsaka til at alle elementa i studieplanen anten er obligatoriske eller eit val mellom to alternativ. 

Masteroppgåva  

I dei to siste semestera skriv du ei masteroppgåve om eit aktuelt emne frå fagfeltet. Du kan velje om du vil skrive oppgåva i løpet av eitt eller to semester. Dersom du vel å skrive oppgåva på eitt semester, tar du i tillegg eit ekstra semester med kurs, spesialpensum eller praksis. 

Mentor

Som ny realfagsstudent blir du med i ei gruppe, der du får to mentorar. Mentorane er studentar på andre og tredje studieår, og studerer det same som deg. Du møter dei gjennom heile det første året på universitetet.

På mentormøta blir du kjend med medstudentane dine. Du lærer kva det vil seie å studere på eit universitet og om korleis det er å vere student. Møta handlar om læringsstrategiar, studieteknikk og life hacks for studentar.

Meir informasjon under

Mentorordning for førsteårsstudenter

Producer:
Arnt Brandseth

Studiestart

Som ny realfagsstudent blir du tatt imot av mentorane dine. Dei første tre dagane i studiestarten er obligatoriske, og du vil bruke tida på å bli kjend med medstudentane dine.

Les meir om studiestarten

 

Kva lærer du

Dei som har fullført denne utdanninga: 

  • kjenner til og kan beskrive fisken sin anatomi, fysiologi og ernæring.  
  • Har detaljert kunnskap om patogenar som virus, bakteriar og parasittar. 
  • kan stille riktige diagnosar, forebygge og behandle sjukdommar hos fisk. 
  • kan arbeide etter anerkjende vitskaplege prinsipp, med forståing og respekt for openheit, presisjon, etterrettelighet og betydinga av å skilje mellom kunnskap og meiningar.  

Sjå full liste over læringsutbytet på dette studiet.  

Utveksling

Det er ikkje tilrettelagt for at du kan reise på utveksling i eit spesifikt semester. Du kan likevel få hjelp av oss til å finne eit særskilt delstudium ved eit av våre samarbeidsuniversitet som kan integrerast i profesjonsstudiet. 

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og REALFA:

Matematikk R1 (eller S1+S2) og eitt av følgjande krav:

  • Matematikk R2 eller
  • Fysikk 1 + 2 eller
  • Kjemi 1 + 2 eller
  • Biologi 1 + 2 eller
  • Informasjonsteknologi 1 + 2 eller
  • Geofag 1 + 2 eller
  • Teknologi og forskningslære 1 + 2

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her