Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMN-FISK Fiskehelse, profesjon, 5 år, haust 2019

Mål og innhald

Fiskehelsestudiet har ei naturvitskapleg basis og profil. Studentane lærer gjennom forskingsbasert undervisning om akvatiske organismars biologi, om patogen og om innverknad av miljøfaktorar, dvs. om forhold som kan medføre utvikling av sjukdom og skade. Studentane lærer framtidsretta og hensiktsmessige metodar for diagnostikk, samt gis ei grundig innsikt i førebygging og behandling av sjukdom og skader hos akvatiske organismar.

Utdanninga innan fiskehelse dekker eit bredt spekter som omfattar virke innan havbruksnæringen, fiskehelsetenesta, forvaltning, samt utdannings- og forskingsinstitusjonar. Utdanninga gjer særlig innsikt i akvatiske organismars biologi og interaksjonar mellom disse, patogene, og ytre miljøfaktorar. Vidare, famnar utdanninga den primære fiskehelsetenesta og gjer innsikt i organisering og lovverk knytte til oppdrett og sjukdom. Studiet bidrar til å skjerpe studentanes etiske refleksjonar og bevisstheit om dyrehald og dyreforsøk, fremmer respekt og forståing for biologiske forhold og gir innsikt i globale miljø- og helseperspektiv. Gjennom faglig fordjuping utviklar studentane sjølvstendig kritisk, vitskapelig tenking og bevisst tilnærming, tolking og framstilling av forskingsresultat.

Programmet tilfredsstiller de krav som settast til autorisasjon som fiskehelsebiolog, og det stilles derfor strenge krav til studiets innhald og de fleste element i studieplanen er derfor obligatorisk. Studentar som har oppnådd master i fiskehelse får den lovbeskytta tittelen Fiskehelsebiolog (Aquamedicine biologist), etter søknad til Mattilsynet. Fiskehelsebiolog er sidestilt med tittelen veterinær i norsk lovverk og kandidatar som har fått tildelt tittelen har same rettar som veterinærar når det gjeld å behandle sjukdom i havbruksnæringen. Tittelen gjer avgrensa reseptrett.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Kandidaten

- Kjenner til og kan beskrive fisken sin anatomi, fysiologi og ernæring.

- har solid kunnskap om sjukdomsframkallande organismar på oppdrettsartar og villfisk, og korleis immunsystemet hos fisk fungerar.

- kjenner til forhold knytt til marine økosystem som påverkar sjukdomsutvikling og sjukdomsspreiing.

- forstår og kan forklare forhold som kan medføre sjukdom og skade i oppdrett.

- kan drøfte relevante og hensiktsmessige metodar innan diagnostikk.

- kjenner ulike prinsipp og strategiar for vaksinasjon.

- kan gjere greie for lover og forskrifter knytt til oppdrett og sjukdom.

Ferdigheter:

Kandidaten

- kan stille riktige diagnosar og behandle sjukdommar hos fisk.

- kan foreslå og overvake gjennomføringa av sjukdomsbehandling hos akvatiske organismar.

- bruker moderne arbeidsmetodikk og analysemetodar i fiskehelsearbeidet.

- kan planlegge og gjennomføre vitskaplege undersøkingar basert på innsamla data frå felt og laboratorium

- kan formulere ei problemstilling og analysere og skriftleg rapportere det innsamla materialet frå undersøkinga.

- kan gje råd om førebyggande og avbøtande tiltak.

- kan lese og forstå vitskaplege arbeid relevant for fiskehelse og sjukdomsbekjemping.

- kan arbeide innanfor en profesjonsetisk ramme ut frå gjeldande lovverk og etiske retningslinjer.

- Kan praktisk anvende lover og reglar i den daglege yrkesutøvinga.

- kan foreta etisk veloverveide avgjerder om dyrehald og dyreforsøk.

Generell kompetanse:

Kandidaten

- kan arbeide etter anerkjende vitskaplege prinsipp, med forståing og respekt for openheit, presisjon, etterrettelighet og betydinga av å skilje mellom kunnskap og meiningar.

- kan arbeide både sjølvstendig og i team, og i nær kontakt med næringsaktørar.

- kan diskutere faget i samfunnsdebatten basert på tilgjengelege fakta og uavhengig av ulike særinteresser.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og REALR2:

Matematikk R1 (eller S1+S2) + R2 og i tillegg anten:

Fysikk 1 + 2 eller

Kjemi 1 + 2 eller

Biologi 1 + 2 eller

Informasjonsteknologi 1 + 2 eller

Geofag 1 + 2 eller

Teknologi og forskningslære 1 + 2

Obligatoriske emne

Mastergradsprogrammet i fiskehelse er eit integrert 5-årig profesjonsstudium og skal innehalde 300 studiepoeng som både støtter opp om og gir fordjuping i fagfeltet, inklusive eit sjølvstendig vitskapelig arbeid (masteroppgåve) som utarbeidast under rettleiing.

Mastergraden i fiskehelse omfattar

  • Eit sjølvstendig vitskapelig arbeid (masteroppgåve) på 60 eller 30 SP og
  • Emne på til saman 240 eller 270 SP

Første del av studiet gir grunnleggande kunnskap frå relevante område innan allmenn kjemi, biologi, mikrobiologi, biokjemi/molekylærbiologi, matematikk, og dessutan fiskebiologi og kunnskap om det marine økosystemet. Vidare gis det faglig spesialisering innan havbruksbiologi og fiskhelse, vannkvalitet og teknologiernæring hos fisk, og fiskefysiologi. spesialiseringa held framlovverk og forvalting, etikk og forsøksdyrlærer samt bakteriologi.

Siste 2 år av studiet gir fagleg fordjuping i alle aspekt knytte til helse og sjukdom (virus, bakteriar, sopp og parasitter) hos akvatiske organismar med vekt på førebyggande tiltak, diagnostikk og behandling. Det gis også ei opplæring i praktisk fiskehelsearbeid som inneheld utplassering og praksisi bedrifter og fiskehelsetenesta.

I tillegg skal studenten skrive eit sjølvstendig vitskapelig arbeid (masteroppgåve) på enten 30 eller 60 studiepoeng.

Anbefalt studieplan:

10. V Oppgåve

9. H Oppgåve/Val* Oppgåve/Semesteroppgåve (15 SP)* Oppgåve/Val*

8. V BIO271 BIO274 BIF XXX (Nyttt emne, Praktisk fiskehelsearbeid

7. H BIO273 BIO270 BIO300A BIF XXX (nytt emne, tropiske fiskesykdommer)

6. V BIO272, BIO205A, LAS303 BIO 207

5. H BIF210 BIF211 LAS301 BIO206A BIO381

4. V BIF200 BIO103 MOL100

3. H BIO213 BIO291 BIO 280

2. V Ex.phil BIF101, KJEM 110

1. H BIF100 MAT101/MAT111, BIO100

*Masteroppgåva er på 30 eller 60 SP. For 60 SP oppgåve, tar studentane ikkje valemne og Semesteroppgåve. For 30 SP. oppgåve, tar studentane Semesteroppgåve, samt valfrie emne på 15 SP.

Delstudium i utlandet

Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar, både i og utenfor Europa. På masterprogram i fiskehelse vel vi i tillegg ut særskilde samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbudet som er best for våre studenter. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i graden.

Finn inspirasjon og nyttig informasjon om delstudiar i utlandet her:
http://www.uib.no/utdanning/om-aa-studere/studier-i-utlandet

Relevans for arbeidsliv

Gjennomført masterprogram i fiskehelse gir den lovbeskyttede tittelen Fiskehelsebiolog (Aquamedicine biologist), etter søknad til Statens dyrehelsetilsyn. Fiskehelsebiolog er sidestilt med tittelen veterinær i norsk lovverk og kandidater som har fått tildelt tittelen har samme rettigheter som veterinærer når det gjeld å behandle sykdom i havbruksnæringen. Utdanningen kvalifiserer for arbeid i havbruksnæringen, fiskehelsetjenesten, forvaltning og institusjoner innen utdanning og forskning.

Administrativt ansvarleg

Institutt for biologi har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål på epost studie@bio.uib.no, tlf: 55 58 44 00