Hjem
Utdanning
Studieretning

Fysisk oseanografi

  • Lengde2 År
  • Studiepoeng120

Hovedinnhold

Introduksjon

Mål og innhald

Masterprogrammet i meteorologi og oseanografi, studieretning fysisk oseanografi, gir studenten ei grundig forståing for fysikken og særskilt dynamikken i havet, som vind- og tettleiksdriven straum, samt blandingsprosessar og tidvatn.

Masterprogrammet i meteorologi og oseanografi med studieretning fysisk oseanografi gir eit breitt grunnlag og ei god forståing for aktuelle problem i faget. Studiet tek opp tema som spenner frå lokal (fjord, kyst, sokkel) til global skala. Studiet famnar også om statistiske og numeriske metodar, bruk av oseanografiske målingar, og teoretisk analyse.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap
Kandidaten

  • kjenner hovudtrekka til fysisk oseanografi og knytt til fag som klima og meteorologi, og har grundig kunnskap til eit spesialisert emne i fysisk oseanografi
  • kjenner dei mest vanlege instrumenta som vert nytta i oseanografien, deira avgrensingar og korleis utføre tilhøyrande dataanalyse
  • veit korleis ein nyttar statistiske tidsseriemetodar til analyse geofysiske data
  • veit korleis ein analyserer og tolkar geofysiske problem og samspelet mellom dei ulike komponentane i klimasystemet
  • veit korleis oseanografi er knytt til relevante fagfelt i matematikk, fysikk, datavitskap, geovitskap, kjemi og meteorologi

Ferdigheter
Kandidaten

  • kan nytte moderne feltinstrumentering
  • kan samle og analysere datasett og diskutere avgrensingar
  • kan nytte programmeringsverkty til å handsame, analysere og visualisere data
  • kan nytte eigna metodar i matematikk og statistikk på oseanografiske problem
  • kan utføre numeriske utrekningar ved hjelp av kunnskap frå hydrodynamikk, klassisk mekanikk og termodynamikk
  • er i stand til å planleggje og gjennomføre eit havforskingsprosjekt med rettleiing frå ein fagleg rettleiar, men med stor grad av sjølvstende og i samsvar med god vitskapleg praksis
  • kan tolke og diskutere eigne resultat på ein vitskapleg forsvarleg og kritisk måte og i lys av data og teoriar på feltet

Generell kompetanse
Kandidaten

  • kan formidle resultat som ein munnleg presentasjon
  • kan summere felt- og laboratoriearbeid i ein skriftleg rapport
  • kan søke relevant vitskapleg litteratur, og nyttar god sitatskikk
  • kan formulere, analysere, tolke og diskutere eigne resultat på ein vitskapeleg forsvarleg og kritisk måte ved hjelp av data og teoriar frå oseanografi og relaterte forskingsområder
  • er i stand til å skrive ein vitskapleg utgreiing som legg fram ny kunnskap i eit fagfelt
  • er i stand til å analysere vitskaplege problem generelt og delta i diskusjonar om ulike måtar å angripe og løyse problem på
  • demonstrerer forståing og respekt for vitskaplege verdiar som openheit, presisjon og ansvar
  • kan analysere og reflektere over relevante etiske problem knytt til forsking

Utveksling

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Korleis søke

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar.
Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på
https://www.uib.no/utdanning/48794/opptak-til-2-%C3%A5rige-masterprogram

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Opptakskrav

Masterprogrammet i meteorologi og oseanografi med studieretning Fysisk oseanografi byggjer på ein bachelorgrad med 110 studiepoeng fagleg fordjuping frå Bachelorprogram i klima, atmosfære- og havfysikk, Bachelorprogram i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

Bachelorgrad i klima, atmosfære- og havfysikk (tidligere bachelorgrad i meteorologi og oseanografi) der valemnet GEOF213 Atmosfære- og havdynamikk inngår.

Studentar med bachelorgrad i anvendt matematikk og fysikk kan óg komme i betraktning om ein har valemne i atmosfære og havdynamikk.

Andre bachelorgrader som kvalifiserer:

Andre bachelorgrader kan kvalifisere dersom bachelorgraden har ein solid bakgrunn i matematikk, fysikk og informatikk, samt inneheld emne i atmosfære- og havfysikk og klimadynamikk på minimum 30 SP.

Du må også ha:

Meir informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen

Kontakt

Geofysisk institutt

Ta kontakt med studierettleiar på studieveileder@gfi.uib.no eller telefon 55 58 26 04