Klimadynamikk
- Lengde2 År
- Studiepoeng120
Hovedinnhold
Introduksjon
Mål og innhald
Masterprogrammet i meteorologi og oseanografi med studieretning klimadynamikk gjev studenten djup innsikt i dei fysiske prosessane som styrer klima og klimavariasjonar på ulike tidsskalaer globalt og regionalt.
Studiet krev òg ei fordjuping i det empiriske datagrunnlaget for dei fysiske prosessane som gjev opphav til variasjonar og endring i klima på ulike tidsskalaer, og deira framstilling i numeriske modellar på regional til global skala. Dette gjeld for både naturlege variasjonar og menneskeskapte endringar. Studiet famnar òg om bruk av avanserte statistiske og numeriske metodar, målingar, og teoretisk analyse, samt formidling til eit fagpublikum. Masteroppgåva gjev avansert og djup forståing i eit utvalt klimadynamisk emne. Masteroppgåva er eit sjølvstandig forskingsprosjekt, og ein sentral del av masterstudiet, der studenten under rettleiing bidreg med ny kunnskap.
Kva lærer eg
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
- kan nytte fagterminologien om atmosfærens og havets dynamikk, fysikk og termodynamikk og kan vise til avansert kunnskap om disse
- kjenner til og kan ta stilling til aktuell forsking om det fysiske klimasystemet (jord/atmosfære/hav) og forstår koplingane mellom dei ulike delane av klimasystemet på eit avansert nivå
- kjenner til den samfunnsmessige relevansen og utfordringane innan klimaendring og klimavarsling
- har avansert kunnskap om matematiske, statistiske og numeriske metodar til analyse av geofysiske data
- kjenner til tverrfaglege problem med relaterte disiplinar, som meteorologi, oseanografi, informatikk og geovitskap som gir variasjoner i klima på ulike tidsskalaer
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan kritisk vurdere datakvalitet og geofysiske informasjonskjelder, og jobber systematisk med feil og usikkerheiter fra målinger
- kan nytte avanserte matematiske og statistiske metodar for analyse og visualisering av problem innan klimadynamikk ved bruk av koding
- kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing
- kan bruke kunnskapen sin på nye vitskaplege problem innan klimadynamikk og tilknytta fagområde
- kan kritisk vurdere og nytta data fra jordsystemmodellar på ulik skala i tid og rom
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan formulere og diskutere analytiske strategiar og gjennomføre analysar av samansette problemstilinger
- kan jobbe med faglege spørsmål individuelt og i grupper
- kan analysere, tolke og diskutere sine eigne resultat på ein vitskapleg forsvarleg og kritisk måte
- kan presentere munnleg og skriftleg, og forklare og diskutere komplekse problem med fagfeller
- har kunnskap om, og respekterer vitskaplege verdiar som openheit, presisjon og ansvar, og veit skilnaden mellom vitskapleg kunnskap og meining
Utveksling
Delstudium i utlandet
Opphald ved lærestadar i utlandet gjennom ERASMUS-programmet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen. Det er mogleg å skriva masteroppgåva ved UNIS.
Korleis søke
Søknadsprosedyre
Du søkjer opptak til Fakultet for naturvitskap og teknologi. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar.
Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på
https://www.uib.no/utdanning/48794/opptak-til-2-%C3%A5rige-masterprogram
Studiestart - semester
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Opptakskrav
Bachelorprogram i vêr, hav og klimafysikk eller tilsvarande.
Andre bachelorgrader som kvalifiserer
Har du bachelorgrad i anvendt matematikk eller i fysikk kan du vere kvalifisert om du har minst 20 SP valemne i meteorologi og oseanografi, eller teoretisk og anvend fluidmekanikk. Bachelorgrad i fysikk med solide kunnskapar i fluidmekanikk vil òg vurderast.
Opptaksgrunnlag
blir berekna med utgangspunkt i spesialiseringa slik
- 30 SP i matematikk (MAT111, MAT112, MAT121, MAT131, MAT212).
- 20 SP i fysikk, kjemi, statistikk og informatikk (PHYS111, PHYS113, KJEM110, STAT110, INF100).
- 30 SP i meteorologi, oseanografi (GEOF105, GEOF110, GEOF210, GEOF211, GEOF212, GEOF236). For studenter som tar emner ved UNIS i 3. år: GEOF105, GEOF110 og et av AGF-211, AGF-212, AGF-213, AGF-214.
Du må også ha:
- Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
- Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
- Språkkrav for tospråklege program