Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMN-GFMB Marin biogeokjemi, haust 2024

Namn på grad

Master i meteorologi og oseanografi

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Mål og innhald

Masterprogram i meteorologi og oseanografi med studieretning marin biogeokjemi gjev studenten ei djup forståing av havet si kjemiske samansetting, kva biogeokjemiske prosessar som påverkar kretsløp, og korleis desse er knytt til klima og klimaendringar. Studiet tek opp korleis kjemiske stoff i havet er fordelt, og korleis desse vert påverka av ulike prosessar. Desse omfattar vertikal blanding, transport, biologisk aktivitet og gassutveksling mellom atmosfære og hav, samt bruk av kjemiske sporstoff for å kvantifisere blandingsprosessar. Studiet tek føre seg korleis den karbonkretsløpet vert påverka av naturlege og menneskeskapte klimaendringar, som til dømes endringar i karbondioksidopptak og havforsuring. Studiet famnar også om bruk av avanserte statistiske og numeriske metodar, målingar, og teoretisk analyse, samt formidling til et fagpublikum. Masteroppgåva gjev avansert og djup forståing i eit utvalt marine biogeokjemiske emne. Masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsprosjekt, og ein sentral del av masterstudiet, der studenten under rettleiing bidreg med ny kunnskap.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • kan nytte fagterminologien om biogeokjemiske kretsløp og gassutveksling i havet, og deira rolle i klimasystemet, samt vise til avansert kunnskap om disse
  • kjenner til og kan ta stilling til aktuell marin biogeokjemisk forsking og debatt innan tilknytta fagområde
  • kjenner til den samfunnsmessige relevansen og utfordringane innan jordsystemmodellering, havbruk og havforsking
  • har avansert kunnskap om kjemiske, matematiske, statistiske og numeriske metodar til analyse av geofysiske data
  • kjenner til tverrfaglege problem med relaterte disiplinar, som klimadynamikk, meteorologi, fysisk oseanografi, informatikk og geovitskap

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan bruke avanserte oseanografiske instrument for å utføre pålitelege målingar¿og forstår dei underliggjande måleprinsippa samt kilder til usikkerhet
  • kan kritisk vurdere datakvalitet og geofysiske informasjonskjelder, og jobber systematisk med feil og usikkerheiter fra målinger
  • kan nytte avanserte kjemiske, matematiske og statistiske metodar for analyse og visualisering av oseanografiske problem ved bruk av koding
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing
  • kan bruke kunnskapen sin på nye vitskaplege problem innan marin biogeokjemi og tilknytta fagområde

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan formulere og diskutere analytiske strategiar og gjennomføre analysar¿av samansette problemstilinger
  • kan jobbe med faglege spørsmål individuelt og i grupper
  • kan analysere, tolke og diskutere sine eigne resultat på ein vitskapleg forsvarleg og kritisk måte
  • kan presentere munnleg og skriftleg, og forklare og diskutere komplekse problem med fagfeller
  • har kunnskap om, og respekterer vitskaplege verdiar som openheit, presisjon og ansvar, og veit skilnaden mellom vitskapleg kunnskap og meining

Opptakskrav

Bachelorprogram i vêr, hav og klimafysikk eller tilsvarande.

Andre bachelorgrader som kvalifiserer

Har du bachelorgrad i anvendt matematikk eller i fysikk kan du vere kvalifisert om du har minst 20 SP valemne i meteorologi og oseanografi, eller teoretisk og anvend fluidmekanikk. Bachelorgrad i fysikk med solide kunnskapar i fluidmekanikk vil òg vurderast.

Opptaksgrunnlag

blir berekna med utgangspunkt i spesialiseringa slik:

Du må også ha:

Tilrådde forkunnskapar

Du må ha fullført ein bachelor i vêr, hav og klimafysikk eller i eit tilsvarande felt. Du treng kompetanse i meteorologi, inkludert grunnleggjande kunnskap om klima og atmosfærefysikk. Du bør ha grunnleggjande kunnskap om teoretiske og eksperimentelle metodar innan meteorologi, i tillegg til programmering og dataanalyse. Vidare er godt grunnlag i matematikk som lineær algebra, funksjonsteori, partielle differensiallikningar, Fourieranalyse, statistikk tilrådd. Det er òg viktig å ha gode kunnskapar i fysikk som klassisk mekanikk, fluiddynamikk og, termodynamikk, og kontinuumsmekanikk.

Obligatoriske emne

Studiet har to komponentar: emnedel og mastergradsoppgåve.

Emne: GEOF336 og GEOF347 er obligatoriske. I tillegg kjem 45 studiepoeng med valfrie emne, som du vel i samråd med rettleiar.

Rekkjefølgje:
4. semester Oppgåve
3. semester Val, Oppgåve
2. semester GEOF336, Val, Oppgåve
1. semester GEOF347, GEOF310, Val

Masteroppgåva: GEOF399 Masteroppgåve i meteorologi og oseanografi er på 60 studiepoeng. Det er tilrådd at studenten startar med masteroppgåva i tredje semester. Masteroppgåva skal leveras innan en fast frist i slutten av fjerde semester, 20. november eller 1. juni.Det er mogleg å skrive masteroppgåva med rettleiar frå eksterne forskingsinstitutt eller fagrelevante bedrifter.

Tilrådde valemne

45 studiepoeng i mastergraden er valfrie og skal veljast i samråd med rettleiar.
Emna: GEOF301, GEOF310, GEOF337, GEOF338, GEOV331 er blant dei mest aktuelle.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje for emna finn du under overskrifta "Obligatoriske emne".

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet gjennom ERASMUS-programmet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen. Det er mogleg å skriva masteroppgåva ved UNIS.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning for emna i masterstudiet skjer i form av førelesingar, seminar, eksperiment, feltarbeid, tokt, rekneøvingar, gruppeøvinger, dataøvingar, diskusjonar og presentasjon. Geofysisk institutt har eit fokus på å brukar aktive undervisningsmetodar og inkludera studentane i avgjersler som angår enkeltemne og studiekvardagen elles. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga. Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.

Vurderingsformer

Vurdering av emna i masterstudiet skjer i form av skriftleg og munnleg eksamen, skriftlege rapportar eller andre innleveringar, godkjend deltaking i undervisning og feltarbeid, og munnlege presentasjonar. Studentane får òg fortløpende tilbakemeldinger undervegs. Vurderingsformane for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt nærmere i emnebeskrivinga. Masteroppgåva vert vurdert av ein sakkyndig komite. Studiet vert avslutta med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, og blitt vurdert og godkjent so

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

For masteroppgåva nyttas bokstavkarakter.

Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).

For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.

Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Relevans for arbeidsliv

Med ein mastergrad i marin biogeokjemi er du ettertrakta. I tillegg til anerkjend og etterspurd fagleg ekspertise, får du nødvendig kompetanse for det kunnskaps- og innovasjonsbaserte arbeidslivet som koding, lagarbeid, prosjekthandtering og kritisk tenking. Du kan gjere karriere i alt frå konsulentselskap, via grøn innovasjon og offentleg forvaltning, til forsking og utdanning. Arbeidsoppgåver inkluderer rådgjeving for næringsliv og samfunnstryggleik; utvikling, innovasjon og forsking for klimatilpassing og berekraftig samfunnsutvikling; prognosar og forvalting av fornybare energiressursar; planlegging og risikovurdering innan til dømes forsikring, ressursforvaltinga, havbruk og landbruk. Ekspertar innan samfunnskritisk verksemd som overvakinga av drivhusgassar, havforsuring og klimautvikling er det alltid bruk for. Mange av våre studentar rekrutterast difor til havbruksnæringa, til offentlege kunnskapsleverandørar som Havforskingsinstituttet, Meteorologisk institutt og Norsk Polarinstitutt, og til internasjonale innovasjonsretta selskap som StormGeo, Ei mastergrad i marin biogeokjemi gir formelt grunnlag for opptak til ph.d.-programmet og vidare forsking innan marin biogeokjemi, klimadynamikk, fysisk oseanografi og meteorologi. Du vil òg vere godt egna for a¿ drive miljø- og klimaformidling gjennom ulike medium, ikkje minst knytt til ei berekraftig framtid. Sist, men ikkje minst, saman med pedagogisk utdanning, kan ei mastergrad nyttast til ei karriere som lektor og utdanninga av komande generasjonar naturvitarar.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.

Adminstrativt ansvarleg

Geofysisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål på epost studieveileder@gfi.uib.no

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studieveileder@gfi.no

Tlf 55 58 26 04