Hjem
Utdanning
Specialisation

Meteorologi

  • Lengde2 år
  • SpråkNorsk/Engelsk
  • StudiestartHaust/start
  • Studiepoeng120

Introduksjon

Mål og innhald

Masterprogrammet i meteorologi og oseanografi med studieretning meteorologi gir eit breitt grunnlag og god forståing innan aktuelle problemstillingar innan meteorologi og atmosfærefysikk.

Ein legg vekt på at studenten lærer å forstå både den fysiske og den matematiske beskrivinga av ulike atmosfæriske fenomen i samband med observasjonar og numerisk modellering. Studiane innan mastergraden omfattar såleis det teoretiske grunnlaget for ulike vêrfenomen, bruk av numeriske modellar for å framskrive utviklinga av vêrsystem, prosessar i grenselaget nær hav, sjøis eller land, lokale vêr- og klimatilhøve og studiar av strålingsprosessar i atmosfæren.

Fagleg profil

I masterprogrammet i meteorologi og oseanografi - meteorologi blir fysikk og matematikk nytta til å studere fysiske prosessar i atmosfæren og vêrfenomen på ulike skalaer.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i meteorologi og oseanografi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten

  • har avansert kunnskap om atmosfæren sin dynamikk, fysikk og termodynamikk og samanhengen mellom disse
  • kjenner både vanlege og avanserte vitskaplege instrument i meteorologi og forstår dei underliggjande måleprinsippa
  • kjenner til aktuell meteorologisk forsking og debatt innan ulike område
  • kjenner til den samfunnsmessige relevansen og utfordringane innan operasjonell meteorologisk varsling
  • har avansert kunnskap om statistiske og numeriske metodar til analyse av geofysiske data
  • kjenner til tverrgåande problem med relaterte disiplinar, som klima, oseanografi, informatikk og geovitskap
  • har kunnskap om og respekterer vitskaplege verdiar som openheit, presisjon og ansvarsheit, og veit skilnaden mellom vitskapleg kunnskap og meining

Ferdigheter
Kandidaten

  • kan bruke vanlege og avanserte meteorologiske instrument for å utføre pålitelege målingar, og dessutan kunne gi realistiske overslag over feil og usikkerheiter
  • kan nytte avanserte matematiske, berekningsmessige og statistiske metodar for meteorologiske problem
  • kan lese og skrive programkode i vanlege programmeringsspråk
  • kan analysere og presentere data frå numeriske modellar og målingar med analyse programvare
  • kan analysere, tolke og diskutere meteorologiske problemer i samsvar med etablert forskning
  • kan skrive vitskaplege rapportar i tråd med formelle og etiske standardar i meteorologi

Generell kompetanse
Kandidaten

  • er i stand til å formulere og diskutere analytiske strategiar og gjennomføre analysar
  • kan kritisk vurdere datakvalitet, metodar og informasjonskjelder som blir nytta i meteorologi
  • kan jobbe individuelt og i eit lag for å løyse eit komplekst problem
  • er i stand til å analysere, tolke og diskutere sine eigne resultat på ein vitskapleg forsvarleg og kritisk måte
  • er i stand til å bruke sin kunnskap på nye vitskaplege problem innan meteorologi og tilsvarande fagområder
  • kan munnleg presentere, forklare og diskutere komplekse problem med ekspertar og lekmenn

Utveksling

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Korleis søke

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar.
Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på
https://www.uib.no/utdanning/48794/opptak-til-2-%C3%A5rige-masterprogram

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Opptakskrav

Masterprogrammet i meteorologi og oseanografi med studieretning Meteorologi byggjer på ein bachelorgrad med 110 studiepoeng fagleg fordjuping frå Bachelorprogram i klima, atmosfære- og havfysikk, Bachelorprogram i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

Bachelorgrad i klima, atmosfære- og havfysikk, Bachelorgrad i meteorologi og oseanografi med følgjande emner, eller tilsvarande:

  • MAT112 Grunnkurs i matematikk II
  • MAT121 Lineær algebra
  • MAT131 Differensiallikningar
  • MAT212 Funksjoner av flere variabler
  • GEOF105 Atmosfære- og havfysikk
  • GEOF110 Atmosfære-, hav- og klimadynamikk
  • GEOF210 Dataanalyse i meteorologi og oseanografi
  • GEOF212 Fysisk klimatologi
  • PHYS111 Mekanikk 1
  • PHYS112 Elektromagnetisme 1 eller PHYS113 Mekanikk 2 og termodynamikk
  • GEOF213 Atmosfære- og havdynamikk eller GEOF220 Fysisk meteorologi (aller helst begge)

Andre bachelorgrader som kvalifiserer:

Andre bachelorgrader kan kvalifisere dersom bachelorgraden har ein solid bakgrunn i matematikk, fysikk og informatikk, samt inneheld emne tilsvarande GEOF105 (Atmosfære- og havfysikk), GEOF110 (Atmosfære-, hav og klimadynamikk), GEOF210 (Dataanalyse i meteorologi og oseanografi) og GEOF212 (Fysisk klimatologi). I tillegg må minst eitt av emna GEOF213 (Atmosfære- og havdynamikk) eller GEOF220 (Fysisk meteorologi) (aller helst begge), eller tilsvarande, vere gjennomført og bestått.

Du må også ha:

Meir informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen

Kontakt

Geofysisk institutt

Ta kontakt med studierettleiar på studieveileder@gfi.uib.no eller telefon 55 58 26 04