Hjem

Havteknologi, master, 2 år

Når oljeutvinninga blir trappa ned vil akvakultur, fiskeri og berekraftige energi- og ressursformer være hovudområde for den økonomiske veksten og utviklinga i Noreg, . Masterprogrammet i havteknologi bygger på anvendt fysikk og teknologi med sentrale tema som marin akustikk og optikk, marine konstruksjonar og drift og vedlikehald av marine installasjonar.
  • Lengde2 år
  • Plassar7
  • SpråkEngelsk, Norsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Masterprogrammet hjelper deg å forstå gjeldande havteknologi frå havoverflata til havbotnen samstundes som du fokuserer på innovasjon og moglegheiter for vidare utvikling. 

Vi prøver å finne løysingar på problem som: 

  • Kan lukka oppdrettsanlegg for laks hjelpe oss med å bli kvitt lakselus? 
  • På kva måte kan vi montere gigantiske vindmøller i havet? 
  • Korleis kan vi identifisere type fartøy etter lyden på propellen? 

Tidlegare studentar jobbar innan fleire bransjar, som akvakultur, fiskeri, olje og gass, teknologi, miljøovervaking og forsking på marine mineralressursar.  

I masterprogrammet i havteknologi inkluderer vi masterstudentane i forskingsgrupper og du får eigen plass på lesesalen. Forholdet mellom tilsette og studentar er uformelt, det skaper eit stimulerande læringsmiljø. 

Kva kan eg bli 

Med mastergrad i havteknologi vil du ha små problem med å få jobb. Du kan arbeide innan den raskt veksande marine sektoren, som vil bli sentral i den økonomiske utviklinga i Noreg i åra framover.  

Ei utdanning i havteknologi kvalifiserer til teknologistillingar i mange forskjellige foretak og forskingsorganisasjonar innan marin næringsverksemd og forsking.   

  • teknologiselskap som utviklar og produserer marine sensorar og marine observasjonsplattformer  
  • subseaselskap som brukar fjernstyrte og autonome undervassrobotar (ROV/AUV) til å inspisere og halde ved like havbotninstallasjonar. 
  • fiskeindustri som baserer innhausting av marine ressursar på bruk av akustiske sensorar 
  • havbruksnæring som brukar marin sensorteknologi til å ha oppsyn med produksjon og miljø.  
  • institusjonar som driv med forsking og utvikling 
  • sentrale statlege institusjonar 

Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Sjøforsvaret, Havforskingsinstituttet og NORCE (Norwegian Research Centre) brukar alle avansert havteknologi. 

Med mastergrad kan du også halde fram innan akademisk forsking ved å ta ei forskarutdanning (ph.d.), som gjer deg godt kvalifisert til både forsking og undervising. 

Med ei mastergrad som bygger på bachelorgrad i ingeniørfag får du tittelen byggingeniør i tillegg til mastergrad i havteknologi.  

Oppbygging 

Programmet dekker to akademiske år (fire semester) og startar om hausten.  

1. og 2. semester 

Du bygger spesialisert kunnskap gjennom obligatoriske og valfrie emne på til saman 60 studiepoeng.  

3. og 4. semester 

Du skriv masteroppgåva under tilsyn av og med rettleiing frå studierettleiaren din. 

Spesialiseringar: 

Studiekvardag 

Havteknologistudiet høyrer til under Institutt for fysikk og teknologi, og ligg i  Realfagbygget, på universitetsområdet i Bergen sentrum. Masterstudentar får eigen leseplass ved instituttet. 

Studieprogrammet omfattar om lag 18 timar med førelesingar, seminar og laboratoriearbeid kvar veke. I tillegg brukar du tida til å lese, skrive oppgåver/arbeidskrav og arbeide med masteroppgåva.  

Programmet har to spesialiseringar: Du kan velje mellom Marine installasjonar og Marin måle- og styringsteknologi. Nokre emne er obligatoriske, medan andre kan veljast i samråd med rettleiaren din.  

Du vil bli invitert til å bli med i ei relevant forskingsgruppe og bli med på arrangement, diskutere og lære meir om aktuell forsking på det fagfeltet du har valt. 

Masteroppgåve 

Masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsprosjekt. Du brukar det andre året av studieprogrammet til å skrive masteroppgåva (på 60 studiepoeng). Aktuelle tema blir presentert allereie i byrjinga av programmet. Du får individuell rettleiing gjennom heile forskings- og skriveprosessen, frå individuell rettleiar. 

Kva lærer eg? 

Med mastergrad i havteknologi 

  • kan du handtere og presentere måledata, drøfte presisjon og bruke programmeringsverktøy for programvare til å analysere og behandle måledata. 
  • har du ferdigheiter til å arbeide sjølvstendig og i grupper med praktiske teknologiske og/eller vitskapelige oppgåver av høg kompleksitet. 
  • har du fagleg grunnlag for aktiv deltaking i innovasjonsprosessar basert på inngåande kunnskap om havteknologi generelt, og djuptgåande kunnskap innan eit av spesialiseringsområda Marin måle- og styringsteknologi eller Marine installasjonar spesielt. 

Utveksling 

Du kan bruke opptil eit semester ved ein partnerinstitusjon i utlandet, eller ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS)

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her