Hjem
Utdanning
Studieretning

Marin måle- og styringsteknologi

  • Lengde2 år
  • PlassarNYTT
  • SpråkNorsk/Engelsk
  • StudiestartHaust
  • Studiepoeng120

Introduksjon

Mål og innhald

Mål:
Utforsking, kartlegging og overvaking av marine miljø og ressursar er basert på marin måle- og styringsteknologi og marine installasjonar, som har grunnleggjande betyding for utviklinga av fiskeri- og havbruksnæringen, for overvaking av marine miljø (havstrømmer, biomasse, økosystem, havbotntopografi og havbotnseigenskaper), for klima (havtemperatur, og ismasse i nordområda), for fornybar energi (bølgje- og offshore vindkraft), for Sjøforsvaret (aktive og passive overvakingsteknikkar), for petroleumsnæringen, samt ved utforsking av nye mineral- og bio-ressursar i djuphava.
Studieprogrammet har som mål å gje studentane avanserte kunnskapar innan sentrale tema i havteknologi med spesiell fokus på marin måle- og styringsteknologi og marine installasjoner. Programmet er bygd opp slik at kandidatane skal utvikle evne til å forstå eksisterande havteknologi samtidig som det er fokus på moglegheiter for vidareutvikling mot framtidig havteknologi. Innovasjon og nytenking vektleggjast. Studiets faglige profil baserer seg på anvendt fysikk og teknologi med sentrale tema som marin akustikk og optikk, marine konstruksjonar samt drift og vedlikehald av marine installasjoner. Verdiskapinga i den marine næringen i Norge er sterkt vaksande og sentral for næringsutviklinga i årene framover. For å sikre ei god og framtidsretta utvikling treng den marine næringa tilsette med avanserte kunnskapar i sentrale tema i havteknologi, som er kjernen i studieprogrammet i havteknologi.

Innhald:
Studieprogrammet i havteknologi har fokus på «Marin måle- og styringsteknologi» og «Marine installasjoner» med spesialiserte kurs i akustikk/optikk og konstruksjon/drift og vedlikehald.
I studieretninga «Marin måle- og styringsteknologi» inneheld studieprogrammet emne i måleteknologi og instrumentering samt ei spesialisering i akustikk eller optikk. I studieretninga «Marine installasjoner» inneheld studieprogrammet emne i materialar for undervassteknologi, marintekniske analyser og risiko- og pålitelegheitsanalyse i konstruksjon samt drift og vedlikehald av havteknologi. Arbeidsforma er førelesningar, kollokvia, laboratoriearbeid, samt eit rettleia forskingsprosjekt i form av ei masteroppgåve. Studieprogrammet består av kurs ved Universitetet i Bergen og Høgskulen på vestlandet.

Graden

Masterprogrammet i havteknologi førar fram til graden Master i havteknologi

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta studieprogram ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Kandidaten:
* har inngåande kunnskap om havteknologi og kan drøfte sentrale utfordringar og muligheiter i fagfeltet.
* har djupkunnskap innan eit av studie-programmets studieretningar; Marin måle- og styringsteknologi og Marine installasjoner, med avanserte kunnskapar innan valt spesialisering i akustikk eller optikk i studieretninga Marin måle- og styringsteknologi, eller innan konstruksjon eller drift og vedlikehald i studieretninga Marine installasjoner.
* har kunnskapar i fag som matematikk, fysikk, IKT og teknologifag, som gir grunnlag for kontinuerlig oppdatering og utviding av kompetansen i havteknologi.

Ferdigheiter
Kandidaten:
* kan analysere problemstillingar og gjennomføre avanserte berekningar, målingar og analyser innan marin måle- og styringsteknologi og marine installasjonar.
* kan handtere og presentere måledata, drøfte presisjon og nøyaktighet, og bruke programmeringsverktøy for å analysere og behandle måle data.
* kan utføre et rettleia forskingsprosjekt innan et tema relatert til Marin måle- og styringsteknologi eller Marine installasjoner etter forskingsetiske normer på sjølvstendig grunnlag og initiativ.
Generell kompetanse
Kandidaten:
* kan analysere relevante faglige problemstillingar innan valt studieretning (Marin måle- og styringsteknologi eller Marine installasjoner), samt diskutere og kommunisere disse både til fagspesialister og andre interesserte som ikkje har djupkunnskap i fagfeltet.
* kan med sine kunnskapar og ferdigheter arbeide sjølvstendig og i grupper med praktisk teknologiske og/eller vitskapelige oppgåver av høg kompleksitet.
* har faglig grunnlag for aktiv deltaking i nytenking- og innovasjonsprosesser basert på inngåande kunnskap om havteknologi generelt samt djupkunnskap innan ei av studieretningane «Måle- og styringsteknologi» og «Marine installasjoner» spesielt.

Utveksling

Delstudium i utlandet

Det er mulig for studentane å ta delar av studiet ved lærestader i utlandet.

Korleis søke

Studiestart - semester

Haust

Opptakskrav

Opptakskrav er fullført bachelorgrad i fysikk eller ingeniørfag, sjå nærare spesifisering av fagområde under tilleggskrav. Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til programmet enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.

Følgjande tilleggskrav vert stilt:

For opptak på studieretninga «Marin måle- og styringsteknologi»:

  • Fagleg bakgrunn i fysikk eller elektrofag.

For søkjarar med bakgrunn i elektrofag vert det i tillegg stil krav om godkjente emne i:

  • Grunnleggjande måleteknologi/instrumentering (10 SP)
  • Grunnleggjande signalbehandling (10 sp) eller robotikk (10 SP)
  • Programmering (10 SP)
  • Statistikk (5 SP) og fordjuping i matematikk (25 SP)

For søkjarar med bakgrunn i fysikk vert det i tillegg stilt krav om at følgjande emne (eller tilsvarande) inngår i bachelorgraden:

  • Matematikk (30 SP)
  • PHYS116: Signal- og systemanalyse
  • PHYS264: Atmosfærisk og marin optikk
  • PHYS271: Akustikk
  • Emnet PHYS225 Måleteknologi må takast første semester i mastergraden.

For opptak på studieretninga «Marine installasjonar»:

  • Fagleg bakgrunn i maskin- eller marinfag.

I tillegg vert det stilt krav om godkjente emne i :

  • Termodynamikk (10 SP)
  • Materiallære (10 SP)
  • Fordjuping i matematikk (25 SP)
  • Statistikk (5 SP)

I hht Forskrift om opptak til Universitetet i Bergen, kapittel 4, §4-1, ledd 2 og 3, gjelder følgende kvoter for opptak til det 2-årige masterprogrammet i havteknologi:

1) Studieplassene skal fordeles likt mellom de to studieretningene. Dette innebærer at 50% av plassene disponeres til søkere som er kvalifisert til opptak på studieretningen «Marin måle- og styringsteknologi» og 50% av plassene disponeres til søkere som er kvalifisert til studieretningen «Marine installasjoner».

Dersom det ikke er kvalifiserte søkere til å fylle studieplassene på en av studieretningene, kan plassene omdisponeres til den andre studieretningen etter faglig vurdering og avhengig av tilgjengelig veilederkapasitet.

2) Inntil to av studieplassene er reservert søkere med bachelorgrad fra Sjøkrigsskolen som i tillegg har anbefaling og stipend fra Forsvaret. Dette må dokumenteres. Søkerne må i tillegg tilfredsstille både de generelle og de spesifikke opptakskravene.

Dersom det er flere enn to søkere til disse plassene, blir søkerne rangert etter karakterene i opptaksgrunnlaget. Dersom det ikke er kvalifiserte søkere til disse plassene, vil de fristilles og kan disponeres fritt i opptaket.

Meir informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen

Kontakt

Institutt for fysikk og teknologi

Studierettleiaren ved institutt for fysikk og teknologi

E-post adresse:

studie.htek@uib.no