Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMN-HTEK Havteknologi, master, 2 år, haust 2019

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i havteknologi har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Mål:
Utforsking, kartlegging og overvaking av marine miljø og ressursar er basert på marin måle- og styringsteknologi og marine installasjonar, som har grunnleggjande betyding for utviklinga av fiskeri- og havbruksnæringen, for overvaking av marine miljø (havstrømmer, biomasse, økosystem, havbotntopografi og havbotnseigenskaper), for klima (havtemperatur, og ismasse i nordområda), for fornybar energi (bølgje- og offshore vindkraft), for Sjøforsvaret (aktive og passive overvakingsteknikkar), for petroleumsnæringen, samt ved utforsking av nye mineral- og bio-ressursar i djuphava.
Studieprogrammet har som mål å gje studentane avanserte kunnskapar innan sentrale tema i havteknologi med spesiell fokus på marin måle- og styringsteknologi og marine installasjoner. Programmet er bygd opp slik at kandidatane skal utvikle evne til å forstå eksisterande havteknologi samtidig som det er fokus på moglegheiter for vidareutvikling mot framtidig havteknologi. Innovasjon og nytenking vektleggjast. Studiets faglige profil baserer seg på anvendt fysikk og teknologi med sentrale tema som marin akustikk og optikk, marine konstruksjonar samt drift og vedlikehald av marine installasjoner. Verdiskapinga i den marine næringen i Norge er sterkt vaksande og sentral for næringsutviklinga i årene framover. For å sikre ei god og framtidsretta utvikling treng den marine næringa tilsette med avanserte kunnskapar i sentrale tema i havteknologi, som er kjernen i studieprogrammet i havteknologi.

Innhald:
Studieprogrammet i havteknologi har fokus på «Marin måle- og styringsteknologi» og «Marine installasjoner» med spesialiserte kurs i akustikk/optikk og konstruksjon/drift og vedlikehald.
I studieretninga «Marin måle- og styringsteknologi» inneheld studieprogrammet emne i måleteknologi og instrumentering samt ei spesialisering i akustikk eller optikk. I studieretninga «Marine installasjoner» inneheld studieprogrammet emne i materialar for undervassteknologi, marintekniske analyser og risiko- og pålitelegheitsanalyse i konstruksjon samt drift og vedlikehald av havteknologi. Arbeidsforma er førelesningar, kollokvia, laboratoriearbeid, samt eit rettleia forskingsprosjekt i form av ei masteroppgåve. Studieprogrammet består av kurs ved Universitetet i Bergen og Høgskulen på vestlandet.

Opptakskrav

Opptakskrav er fullført bachelorgrad i fysikk eller ingeniørfag, sjå nærare spesifisering av fagområde under tilleggskrav. Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til programmet enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.

Følgjande tilleggskrav vert stilt:

For opptak på studieretninga «Marin måle- og styringsteknologi»:

  • Fagleg bakgrunn i fysikk eller elektrofag.

For søkjarar med bakgrunn i elektrofag vert det i tillegg stil krav om godkjente emne i:

  • Grunnleggjande måleteknologi/instrumentering (10 SP)
  • Grunnleggjande signalbehandling (10 sp) eller robotikk (10 SP)
  • Programmering (10 SP)
  • Statistikk (5 SP) og fordjuping i matematikk (25 SP)

For søkjarar med bakgrunn i fysikk vert det i tillegg stilt krav om at følgjande emne (eller tilsvarande) inngår i bachelorgraden:

  • Matematikk (30 SP)
  • PHYS116: Signal- og systemanalyse
  • PHYS264: Atmosfærisk og marin optikk
  • PHYS271: Akustikk
  • Emnet PHYS225 Måleteknologi må takast første semester i mastergraden.

For opptak på studieretninga «Marine installasjonar»:

  • Fagleg bakgrunn i maskin- eller marinfag.

I tillegg vert det stilt krav om godkjente emne i :

  • Termodynamikk (10 SP)
  • Materiallære (10 SP)
  • Fordjuping i matematikk (25 SP)
  • Statistikk (5 SP)

I hht Forskrift om opptak til Universitetet i Bergen, kapittel 4, §4-1, ledd 2 og 3, gjelder følgende kvoter for opptak til det 2-årige masterprogrammet i havteknologi:

1) Studieplassene skal fordeles likt mellom de to studieretningene. Dette innebærer at 50% av plassene disponeres til søkere som er kvalifisert til opptak på studieretningen «Marin måle- og styringsteknologi» og 50% av plassene disponeres til søkere som er kvalifisert til studieretningen «Marine installasjoner».

Dersom det ikke er kvalifiserte søkere til å fylle studieplassene på en av studieretningene, kan plassene omdisponeres til den andre studieretningen etter faglig vurdering og avhengig av tilgjengelig veilederkapasitet.

2) Inntil to av studieplassene er reservert søkere med bachelorgrad fra Sjøkrigsskolen som i tillegg har anbefaling og stipend fra Forsvaret. Dette må dokumenteres. Søkerne må i tillegg tilfredsstille både de generelle og de spesifikke opptakskravene.

Dersom det er flere enn to søkere til disse plassene, blir søkerne rangert etter karakterene i opptaksgrunnlaget. Dersom det ikke er kvalifiserte søkere til disse plassene, vil de fristilles og kan disponeres fritt i opptaket.

Obligatoriske emne

Studiet har to komponentar: emnedel på 60 sp og individuell mastergradsoppgåve på 60 sp.

Studieretninga «Marin måle- og styringsteknologi»:

Emna PHYS225/PHYS328, PHYS227 og MOE251 er obligatoriske.

I tillegg kjem 30 studiepoeng med valfrie emne som ein vel i samråd med rettleiar.

Studieretninga har spesialisering i akustikk eller optikk.

For spesialiseringa i akustikk vert det velt minst 20 sp studieretningsfag i akustikk i samråd med rettleiar blant emna: PHYS271, PHYS272, PHYS371, PHYS373 og PHYS374.

I spesialiseringa i optikk skal studieretningsfaga PHYS264 og PHYS263 inngå.

Studieretninga «Marine installasjonar»:

Emna PHYS225, PHYS227, MOM252 og MOE251 er obligatoriske. I tillegg kjem 20 studiepoeng med valfrie emne som ein vel i samråd med rettleiar.

Studieretninga har spesialisering i konstruksjon eller drift og vedlikehald.

Emneplan i «Marin måle- og styringsteknologi» - begge spesialiseringane
4. semester (vår): HTEK399 (masteroppgåve) (30 sp)
3. semester (haust): HTEK399 (masteroppgåve) (30 sp)
2. semester (vår): PHYS227 (10 sp) - valemne (10 sp) - valemne (10 sp)
1. semester (haust): PHYS225 (10 sp) eller PHYS328 (10 sp) - MOE251* (10 sp) - valemne (10 sp)
*Undervises ved Høgskulen på Vestlandet
 

Emneplan i «Marine installasjonar» - begge spesialiseringane
4. semester (vår): HTEK399 (masteroppgåve) (30 sp)
3. semester (haust): HTEK399 (masteroppgåve) (30 sp)
2. semester (vår): PHYS227 (10 sp) - valemene (10 sp) - valemne (10 sp)
1. semester (haust): MOM252* (10 sp) - MOE251* (10 sp) - PHYS225 (10 sp)
*Undervises ved Høgskulen på Vestlandet
 

Masteroppgåva: HTEK399 Masteroppgåve i havteknologi er på 60 studiepoeng. Masteroppgåva skal leverast innan ein fast frist i slutten av 4. semester, 20. november eller 1. juni.

Tilrådde valemne

Tal på valfrie studiepoeng kjem an på studieretning og spesialisering. Sjå «Obligatoriske emne» for å finne tal på valfrie emne/studiepoeng i dei ulike studieretningane/spesialiseringene. Valfrie emne vert velt i samråd med rettleiar.

Liste med tilrådde valemne:
Universitetet i Bergen
GEOF232, GEOF346, GEOF343, MAT212, PHYS205, PHYS227, PHYS231, PHYS263, PHYS264, PHYS271, PHYS272, PHYS328, PHYS371, PHYS373, PHYS374, SDG214 

Høgskulen på Vestlandet (HVL)
MOM221, MOM252, MOM270

I tillegg kan emne som av HVL er klassifisert som «tekniske spesialiseringsemne» og som inngår i studieprogramma i maskin og elektro inngå som valfrie emne.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje for emna finn du under overskrifta «Obligatoriske emne».

Krav til progresjon i studiet

Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 20.november.

Delstudium i utlandet

Det er mulig for studentane å ta delar av studiet ved lærestader i utlandet.

Undervisningsmetodar

Undervisingsformene i studiet inkluderer: forelesingar, seminar/ kollokvium, gruppearbeid, laboratorieøvingar, oppgåvegjennomgang,

Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført med fagleg rettleiing.

Vurderingsformer

Vurderingsformene i studiet inkluderer: skriftleg eksamen (3, 4 og 5 timar), munnleg eksamen, munnleg prosjektpresentasjon, midtvegseksamen, fleirvalseksamen, semesteroppgåve og laboratoriejournalar

Studiet avsluttas med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og godkjend.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.
For masteroppgåva nyttas bokstavkarakter.
Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad). For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre. Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Relevans for arbeidsliv

Verdiskapinga i den marine næringa i Norge er sterkt vaksande og sentral for den totale næringsutviklinga i åra framover. Det marine næringslivet inkluderer teknologiselskap som utviklar og tilverkar marine sensorar og marine observasjonsplattformer. Det inkluderer subseaselskaper som bruker fjernstyrte og autonome undervassrobotar (ROV/AUV) til inspeksjon og vedlikehald av havbotn-installasjoner. Det omfattar fiskeindustri som baserer innhausting av marine ressursar på bruk av akustiske sensorar, og havbruksnæring som nyttar marin sensorteknologi til overvaking av produksjon og miljø. I tillegg baserer en rekke FOU-institusjonar og statlige forvaltningsinstitusjonar i Bergensområdet sin marine datainnsamling og forsking på denne type teknologi. Universitet i Bergen, Høgskulen på vestlandet, Sjøforsvaret, Havforskningsinstituttet, CMR og Uni Research har alle kompetansemiljø som ligg i fronten av marin forsking og gjer avansert bruk av marin teknologi. Ei utdanning i havteknologi kvalifiserer til ei stilling i teknologi hos bedrifter, selskap og forskingsinstitusjonar innan marin næringsverksemd og forsking, Ein mastergrad i havteknologi kvalifiserer til Ph.D.-studium, som vil opne for arbeid som naturvitskapleg forskar.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studie.htek@uib.no