Hjem
Utdanning
Studieretning

Algoritmer

  • Lengde2 år
  • Studiepoeng120

Introduksjon

Mål og innhald

Ein mastergrad i informatikk med studieretning algoritmar tar for seg utvikling av framgangsmåtar (algoritmar) for å løyse problem raskast mogleg på ei datamaskin. Målsettinga er å finne ein mest mogleg effektiv løysingsmetode, anten gjennom analyse eller gjennom praktiske testar. Studiet omfattar også ulike grunnleggjande aspekt ved algoritmar, som å identifisere problem som vanskeleg lar seg løyse effektivt på ei datamaskin. For desse vil ein stor del av arbeidet dreie seg om utvikling av alternative løysingsmetodar. Dette kan vere algoritmar som fungerer raskt på spesielle typar inndata eller som finn ei tilnærma løysing framfor ei eksakt.

Fagleg profil

Gruppa for algoritmar forskar på utvikling av framgangsmåtar (algoritmar) som løyser problem raskast mogleg på ei datamaskin. Fundamentale aspekt ved algoritmar blir studerte, blant anna det viktige samspelet mellom datastrukturar og algoritmar. Ein stor del av arbeidet består i å analysere og samanlikne ulike algoritmar for å kunne føreseie kven som vil løyse eit gitt problem raskast. Det pågår også forsking med å lage tilnærmingsløysingar for problem som er så vanskelege at dei sannsynlegvis ikkje lèt seg løyse innanfor rimeleg tid.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper:

Kandidaten

  • kan analysere koder og algoritmar
  • kan implementere algoritmar
  • kan vurdere nytteverdien til ein gitt algoritme
  • kan utvikle algoritmar for polynomisk løysbare problem
  • kan nytte teknikkar for å handtere vanskelege problem

Ferdigheter:

Kandidaten

  • kan analysere kodar og algoritmar for å finne flaskehalsar og utbetre desse
  • kan implementere algoritmar raskt og effektivt
  • kan avgjere om ei gitt algoritme er føremålsteneleg
  • kan skilje mellom problem som lar seg løyse i polynomisk tid, samt dei som sannsynlegvis ikkje kan løysast i polynomisk tid
  • kan utvikle effektive algoritmar for problem som lar seg løyse i polynomisk tid
  • kan anvende dei vanlegaste teknikkane for å handtere vanskelege problem

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan arbeide sjølvstendig og i gruppe
  • har eit kritisk og analytisk blikk på eige og andre sitt arbeid
  • kan evaluere etiske aspektar ved eigne prosjekt

Utveksling

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Korleis søke

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Opptakskrav

Anten bachelorgrad frå Institutt for informatikk, UiB, eller ein vilkårlig bachelorgrad. Man må ha (muligens som en del av bachelorgraden) minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget) og minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 20 av disse 80 studiepoenga må være matematikk. Viss både INF100 og INF109 er del av opptaksgrunnlaget, vil søkaren berre få utteljing for INF100.

Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna. MNF130 tel ikkje som matematikkemne.

Fra og med høsten 2022: Matematikk som MAT101 og tilsvarende godkjennes ikke som del av opptaksgrunnlaget.

Studiet har eit avgrensa tal på studieplassar, og opptaket blir regulert på basis av karakterar.

Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget (80 studiepoeng med matematikk og informatikk). Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.

Studentar som tar bachelorgrad ved ein høgskule bør vere særskild merksame på matematikkrava for opptak, sidan matematikk ikkje er obligatorisk i alle informatikkgradar ved høgskulene.

Søk på studiet her: soknadsweb.uib.no

Meir informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen